Hopp til innhold

Stor pågang: Fullbooka i fleire månader framover

Dei som driv utleige av hytter utanom det vanlege, har ikkje sett makan til pågang.

...

VATNET: Boksen ligg nede ved vatnet heilt for seg sjølv.

Foto: BirdBox

BirdBox, som ligg langs vatnet i Tokke kommune, starta opp i oktober i fjor, og har hatt meir enn nok å gjere.

– Trykket sidan koronaen kom har vore mykje meir enn forventa, seier eigar og drivar Lill Gullhav.

Dei har hatt eit belegg på 50 prosent sidan opning og er no fullbooka fram til oktober med ventelister i helgane.

Gullhav driv BirdBox saman med sambuaren Tor Eirik Pollestad. Etter full suksess er dei no spende på suksessen vidare etter pandemien.

laagen

TRETOPPHYTTE: I tillegg til glaskonteinarar har Laagen òg ei tretopphytte.

Foto: Christian Lunde

– No er det berre nordmenn innom. Vi håpar og trur at turistar òg vil finne hytta interessant, fortel ho.

Glaskonteinarar

I Larvik tilbyr Laagen overnatting i glaskonteinarar og tretopphytte. Eit par som nyleg tok turen dit, er Ankita Meshrem (30) og Erik Olsen (27).

– Vi ønskte å komme oss vekk frå Drøbak, men samstundes ikkje dra for langt unna, fortel Meshrem.

Ankita Meshrem og Erik Olsen

KJÆRASTETUR: Paret Ankita og Erik har sidan i fjor prøvd å få til ein tur til ein av konteinarane på Laagen.

Foto: Privat

Som oftast er det kjærastar, ektefellar eller ein familie med små barn som bestiller overnatting hos Laagen, ifølge bedrifta.

Paret prøvde å booke seg til Laagen i fjor, men då var det allereie fullt.

– Vi er glade for at vi fekk det til i år, seier Meshrem.

....

UTSYN: Telta i Trøndelag er gjennomsiktige.

Foto: Trones Eye Glamping

Vanskeleg i sommar

Det er ikkje berre i Vestfold og Telemark det har teke av med spesielle overnattingsstader.

Trones Eye Glamping i Trøndelag har vore fullbooka i fleire månader og har ingen helgar ledige før i november.

– Det har vore heilt utruleg, seier gründer Mette Rostad.

Også på Juvet landskapshotell i Møre og Romsdal kan det bli vanskeleg å finna ei ledig helg før til hausten.

– Sommaren og helgane frå mai og ut september er stort sett fullbooket, seier Kristina Slinning.

Hotellet tilbyr sju små kubar på styltar, med glasvegger.

– Vi får bestillingar lang tid i førevegen, men avhengig av koronasituasjonen kan det bli ledig i sommar dersom dei utanlandske turistane må avbestilla.

På øygruppa Fleinvær, vest for Bodø, er det mogleg å få ei spesiell overnatting dersom du reiser ei helg utanom sommaren.

– Vi har nokre ledige helgar, men heile juli er stort sett fullbooket, seier Håvard Lund.

Han er dagleg leiar på The Arctic Hideaway, som tilbyr ni hytter med utsikt til havet.

Juvet landskapshotell

GLASVEGG: Det er mange som vil ha ei natt på Juvet med utsyn mot dalen, eller elva som renn forbi.

Foto: Jiri Havran

Global trend

Saker om spesielle overnattingsstader i Noreg er svært populært både hos norske og utanlandske turistar, fortel Christine Baglo, redaktør for nettstaden visitnorway.com.

– På desse stadene kjem du tett på naturen samtidig som du får god komfort. Det er dei mest lesne sakene våre.

Ifølgje Baglo er overnattingsstader med spektakulær utsikt til naturen ein del av ein del av ein global trend.

– Det er greitt å bu på eit vanleg hotell, men reiser du til eit av desse spesielle stadene får du noko unikt som set ein ekstra spiss på ferien. Det er ettertrakta.

 Fordypningsrommet Fleinvær

HAVUTSYN: På Fleinvær kan du sjå soloppgang og solnedgang, nordlys utan andre lysforstyrrelser og ørna som sirklar over øyriket.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Auka under pandemien

Baglo fortel at interessa for spesielle overnattingsstader auka under pandemien. Det blir òg merka hos overnattingsstadene.

Tretopphyttene som ligg utanfor Horten i Vestfold har hatt ei positiv utvikling, spesielt sidan koronaen kom.

– I år har bookinga byrja lenge før påske, noko vi ikkje har opplevd før, fortel dagleg leiar Georg Lutzow-Holm.