Hopp til innhold

Her kan du «sprengje» tungtvassfabrikken på Vemork

Det er 80 år sidan sabotørane plasserte sprengladningane i kjellaren. No får du høve til å oppleve sabotasjen på nytt.

Det er veldig rart å vere her og sjå korleis dei kom inn gjennom røyrgatene, seier Dag Strømsheim.

Han er sonen til sabotøren med same namn.

For 80 år sidan plasserte soldatar frå Kompani Linge sprengladningar i kjellaren på Vemork.

Målet: Hindre tyskarane å bruke tungtvatn i produksjonen av atombomber.

Birger Dag Strømsheim er sønnen til sabotøren Birger Strømsheim.

SON: Birger Dag Strømsheim er sonen til sabotøren med nesten same namn.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Kort lunte

Tysdag opnar Norsk Industriarbeidarmuseum ei ny utstilling der det blir brukt 3D- og utvida røyndom til å fortelje om dilemmaa sabotørane stod overfor.

Strømsheim fortel at sabotørane jobba kjapt og tok ei vurdering om kor lang lunta skulle vere. Alternativet var to minutt eller eit halvt minutt.

Dei gjekk for det siste.

På museet kan publikum sjølv prøve å sprengje fabrikken og velje lengda på lunta.

– Kva gjekk du for?

– Eg var samd med far min, vi snakka om det fleire gonger. 30 sekund fekk klare seg. Elles stod ein i fare for at sabotasjen vart mislykka ved at dei fekk rive vekk luntene.

Bekledning som ble brukt under operasjon Gunnderside.

Kledning som vart brukt under operasjon «Gunnerside»

En pistol står utstilt i et monter på Vemork i forbindelse med sabotasjeaksjonen Gunnerside.

Ein pistol står stilt ut i eit monter.

Museumsteknologi på Vemork.

Gjestene i tungtvannskjellern kan oppleve historia gjennom digitale verktøy.

Lunten er tent.

Levande bilete på veggene er med å simulere tungtvassaksjonen.

Aktuell historie

Utstillingsansvarleg Gunhild Lurås meiner historia om tungtvassaksjonane framleis er aktuell etter 80 år.

Gunhild Lurås i Norsk Industriarbeidermuseum.

UTSTILLING: Gunhild Lurås har ansvaret for den nye utstillinga.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Krig er dessverre framleis aktuelt. Det er viktig å fortelje om kva soldatar i krig står overfor, seier Lurås.

Ho seier utstillinga har som formål å skape forståing for vala som vart tekne.

– Det seier mykje om korleis dei var som menneske, seier Lurås.

Utstillinga har kosta rundt 16 millionar kroner.

Mesteparten av gruppa frå Operasjon Gunnerside samla i London etter krigen. Framme frå venstre: Hans Storhaug og Joachim Rønneberg. Bak frå venstre: Fredrik Kayser, Kasper Idland og Birger Strømsheim. Knut Haukelid og Leif Tronstad (begge i England under aksjonen) mangla.

Delar av gruppa frå Operasjon Gunnerside møttest i London etter krigen. Framme frå venstre sit Hans Storhaug og Joachim Rønneberg. Bak frå venstre: Fredrik Kayser, Kasper Idland og Birger Strømsheim. Knut Haukelid og Leif Tronstad er ikkje til stades på biletet.

Foto: Leif Tronstad samlingen Ukjent / Tronstad Jr., Leif

Føre var

Professor i historie Olav Njølstad ved UiO seier tungtvassaksjonane var føre-var-aksjonar.

Det kom opplysningar om at Tyskland etablerte eit program for forsking på atomenergi. Dei allierte visste ikkje om formålet var militært eller sivilt.

Bli med på ei omvising på museet:

– For å sjå bort frå at føremålet var bruka militært, var det viktig å slå til mot Vemork, seier Njølstad.

Kjemikaren Leif Tronstad bygde ein kopi av elektrolyseanlegget i kjellaren på Vemork.

Dette brukte Kompani Linge i treninga for å lære om kvar sprengladningane burde plasserast.

– Då aksjonane fann stad, så var atomenergisporet til Tyskland sett på sidelinja, seier Njølstad.

Hitler fekk vite at det ville ta 4–6 år før han fekk sjå resultat av tungtvassproduksjonen.

– Han valde derfor å prioritere å byggje V1 og V2-missila, seier han.

– Stort

Birger Strømsheim synest det er spesielt å stå i den same kjellaren som faren ein gong jobba for harde livet.

– Eg synest det er ganske stort at det er gjort så mykje ut av det, seier han.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog