Hopp til innhold

Thea bytte jobb og blei månadens tilsett på under eitt år

Ikkje alle jobbar krev lang utdanning. Gjennom samarbeidet mellom Nav og hotellbransjen, fekk Thea Hangård fast jobb og ny giv.

Thea Hangård bak resepsjonen på Quality Hotel Oseberg

TRIVST: Thea Hangård jobbar både i resepsjonen, og med kurs- og konferanse. Det beste med jobben er kollegaene og gjestene, fortel ho.

Foto: Helena Rønning / NRK

I ti år jobba ho som målar, i tillegg til nokon butikkjobbar.

Så trong ho noko nytt. Ho stod fast og visste ikkje heilt kva ho ynskte.

Ho begynte på Nav for å få hjelp, og blei tipsa om hotellkurs.

Å jobbe på hotell var ikkje noko som hadde streifa tankane hennar.

– Men så fort eg hamna her, så kan eg ikkje skjønne at eg ikkje hadde tenkt på det tidlegare.

Les også Hver fjerde virksomhet sliter med å skaffe ansatte

Thea Hangård klargjør et konferanserom hos Quality Hotel Tønsberg.

Jobbkurs med fokus på resepsjonist

For to år sidan begynte Nav eit samarbeid med hotellbransjen i Vestfold og Telemark.

Fylkeskoordinator Katrine Hestenes fortel at dei gjennomførte ein workshop saman med hotellet, for å sjå korleis dei kunne samarbeide betre for at fleire av kandidatane deira kan få jobb innanfor bransjen.

Katrine Hestenes, fylkeskoordinator i Nav Vestfold og Telemark

Katrine Hestenes er fylkeskoordinator i Nav Vestfold og Telemark.

Foto: Helena Rønning / NRK

I fjor gjennomførte dei eit hotellmedarbeidarkurs. I år har dei valt å spisse det samarbeidet enda meir, med fokus på resepsjonist. I starten av mars startar dei opp igjen med eit nytt kurs.

– Det er ei veke med teori fyrst, og så fem veker ute i praksis på hotellet.

I fjor var det åtte personar som fekk jobb via samarbeidet i Telemark og 13 personar i Vestfold.

Blei årets medarbeidar

Sidan Hangård fekk fast jobb i mai, har livet gått oppover, fortel ho.

– Eg kunne ikkje drøyme om at det skulle gått så fort. Det har gått i eitt, men det er veldig herleg. Eg treng det.

På ni månader har ho blitt kåra til månadens tilsett to gonger. Det tar ho ikkje som ei sjølvfølge.

– Men det er kanskje eit resultat av at eg har stortrivest så mykje som eg har gjort.

Ho blei også nominert og kåra til årets medarbeidar på arbeidsplassen, som gjorde at ho fekk vere med på Strawberry-konferanse i Stockholm.

Les også Tusenvis står utanfor arbeidsliv og skule: – Trudde aldri eg ville få fast jobb

Thomas Jørgensen, NewUse

– Finn mykje gull

Hotelldirektør Øyvind Hagen i Quality Hotel Tønsberg fortel at det gir han ei enorm glede å gje folk ein sjanse gjennom samarbeidet. Han meiner det er for mange hos Nav.

– Det er mange som ikkje har fått ein sjanse. Gjennom desse kursa som vi har arrangert, finn vi mykje kompetanse og vi gir kompetanse.

Thea Hangård og hotelldirektør Øyvind Hagen i Quality Hotel Tønsberg.

Thea Hangård og hotelldirektør Øyvind Hagen.

Foto: Helena Rønning / NRK

Det er via kursa dei tilset mange av sine tilsette, også for sommarsesongen. Og for mange er det den fyrste jobben.

– Det er lettare for oss å rekruttere, for vi ser menneske i praksis. Vi blir kjende med dei før dei får tilbod om ein jobb og dei får høve til å vise seg fram, seier hotelldirektøren.

– Vi finn mykje gull i desse folka. Mange av dei får jobb og blir nære og langsiktige medarbeidarar på hotella våre.

Les også Anne Lise kunne ikke fortsette som frisør – nå får hun oppfylt en gammel drøm

Anne Lise Kjøndal har fått drømmejobben. Her er hun hjemme hos Birger Berentzen

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog