Hopp til innhold

Håkon (22) blei hardast råka av pandemien: – Det ser mørkt ut

Mange unge strevar med å kome tilbake i jobb etter pandemien. Nav er særleg urolege for dei unge utan utdanning, og fryktar ei uførebølgje.

Håkon Bakkeskau

ARBEIDSLEDIG: Ifølgje Nav er Håkon Bakkeskau blant dei som er hardast råka av pandemien. Han er ivrig etter å kome tilbake til arbeidslivet. Til å byrje med kan han jobbe med kva som helst. Draumen på sikt er å bli lastebilsjåfør.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Håkon Bakkeskau er 22 år og har dei siste to åra jobba som bartender i Skien.

Som mange andre i utelivsbransjen blei han permittert under koronapandemien. På grunn av dårleg økonomi var det heller ikkje jobb til han i bardisken etter sommaren.

Han har no vore arbeidsledig i over ein månad.

– Det er ikkje bra å gå heime på denne måten. Det er deprimerande, seier Bakkeskau.

Bakkeskau har ikkje fullført vidaregåande skule.

Utan utdanning stiller han bakarst i køen i ein pressa arbeidsmarknad. Det er avgrensa kva jobbar han kan søke, og det er mange om beinet når det blir lyst ut ei ufaglært stilling.

– Berre til ein deltidsjobb på eit kjøpesenter i området var det 1000 søkarar. Det ser mørkt ut, seier ein oppgitt Bakkeskau.

22-åringen fell inn i ei gruppe Nav er særleg urolege for. Om lag 14 500 unge utan utdanning er framleis utanfor arbeidslivet etter koronapandemien.

Grafen viser talet på arbeidsledige unge utan utdanning i Noreg. Før pandemien var det færrast arbeidsledige i denne gruppa i juli 2019. For å kome tilbake på dette nivået, må ein sysselsette over 3500 unge i denne gruppa.

Det kan bli vanskeleg.

Unge uføre

– Dette er ei samfunnsgruppe som streva med å få jobb før pandemien. No har situasjonen blitt verre, seier direktør i Nav Vestfold og Telemark, Terje Tønnesen.

Han fryktar for konsekvensane skulle denne generasjonen med unge vaksne falle utanfor arbeidsliv og skule.

– Unge som fell heilt utanfor, er i stor fare for å bli uføretrygda, seier Tønnesen.

Talet på unge uføre er allereie høgt i Noreg. På fem år har talet på unge uføre mellom 18 og 39 år auka med 58 prosent.

Terje Tønnesen - direktør, NAV Vestfold og Telemark

Terje Tønnesen er direktør i Nav Vestfold og Telemark. Eitt av fylka med flest unge utanfor arbeidslivet. Han meiner dei unge først og fremst blei råka av koronapandemien. Særleg dei unge utan utdanning.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Christer Hyggen er velferdsforskar ved Oslo Met. Han meiner heile samfunnet no må ta ansvar, og hjelpe dei unge tilbake i jobb.

Han viser til at dei unge er overrepresentert i dei bransjane som blei stengt under pandemien. Som for eksempel restaurant- og utelivsbransjen.

Forskaren meiner Nav, politikarane og arbeidsgjevarane må gjere alt dei kan for å redde ungdommen.

– Dei unge tok det tyngste løftet under koronadugnaden, og det er til det beste for alle at dei kjem tilbake i jobb, seier Hyggen.

Christer Hyggen

Christer Hyggen er forskar ved Oslo Met. Han jobbar ved senteret for velferds- og arbeidslivsforsking. Han har forska på konsekvensane i arbeidslivet under tidlegare kriser. Hyggen peiker på at koronapandemien skil seg ut blant dei andre krisene, fordi Noreg også blei hard råka. Tidlegare har Noreg kome godt ut av eksempelvis finanskrisa.

For mange aktørar

Vestfold og Telemark er eitt av fylka som har mange unge uføre.

Ifølgje tal frå SSB var nesten 6 prosent av dei mellom 25 og 34 år uføretrygda i 2020. Berre Agder har like høge tal. Snittet i Noreg er 3,8 prosent, og trenden er stigande.

Fylkeskommunen gjennomførte ein studie for å finne ut kva som gjer at talet på unge uføre ikkje går ned. Der såg dei at unge som fell utanfor, ofte har for mange aktørar dei må ta omsyn til.

– Me skulle ønske desse ungdommane berre hadde ein person som følgde dei heile vegen inn i arbeidslivet, seier Gro Merethe Rørvig som er rådgjevar i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Gro Merethe Rørvig

Gro Merethe Rørvig er rådgjevar i Vestfold og Telemark fylkeskommune.

Foto: Fredrik Hansen / NRK

Nav ønsker å gjere meir for dei unge, og er einige i at alle aktørar må samarbeide betre.

– Skulen må inn i arbeidslivet og Nav bør meir inn i skulen, seier Tønnesen.

Nav oppfordrar også alle unge til å ta ei utdanning. Særleg ei utdanning som sikrar dei jobb.

NAv-logo
Usikker på kva du vil bli? Ifølgje Nav vil dei følgjande bransjane ha stort behov for folk dei kommande åra.
Diakonhjemmet under koronapandemien
Helse- og sosialtenester. Her trengst det 11 500 personar i ulike yrke. For eksempel sjukepleiarar, helsefagarbeidarar eller vernepleiarar.
Snekker. Illustrasjonsbilde
Bygg- og anleggsverksemder. Her trengst det 8500 personar. Særleg er det mangel på snikkarar, tømrarar og betongarbeidarar. 
Montering av en lader
Faglege eller forretningsmessige tenesteyrke. Her er det behov for over 6000 personar. Det er det stort spenn i yrka. Gruppa inkluderer for eksempel elektrikarar, røyrleggarar, seljarar og leiarar. 
Fagskoler
Industrien treng også folk. Her manglar det 3000 personar til yrke som sveisarar, metallarbeidarar og maskinprodusentar.

NRK har berre presentert eit lite utval av yrka med behov for arbeidskraft. Tala er henta frå bedriftsundersøkinga til Nav for 2021.