Hopp til innhold

– Eg berre må slutte å lade her, og komme meg fort heim

Fredag kan det vere opptil 15 gonger dyrare å lade opp elbilen på hurtigladar enn heime.

Elbil lading

VISSTE IKKJE: Olivier Puertas var ikkje klar over kor stor forskjell det var på prisen på hurtig- og heimelading.

Foto: Håkon Lie / NRK

Fredag er straumen rekordbillig i Sør-Noreg.

Det gjer at prisforskjellen på heimelading og hurtiglading av elbilen din også blir rekordstor.

Å lade frå 0 til 100 prosent heime ville kosta deg rundt 50 kroner dersom du bur i Grenland og sette bilen på lading heime etter jobb torsdag, viser utrekningar gjort av Fjordkraft. Det gjeld ein elbil med kapasitet på 82 kWh.

Skulle du derimot lada frå 0 til 100 prosent på ein 150 kWh-hurtigladar, ville det kosta deg rundt 770 kroner, med ein drop-in-pris på om lag 9 kroner per kWh.

Innhogg i lommeboka

Olivier Puertas står ved ein ladestasjon i Porsgrunn. Han har ikkje kome heilt i mål med eigen elbil-ladar heime, og var ikkje klar over den store prisforskjellen.

– Det gjer eit saftig innhogg i lommeboka, seier Puertas.

– Kva tenkjer du om den prisen?

– At eg berre må slutte å lade her, og komme meg fort heim. Det er vanvitig stor forskjell. Då kjem eg til å tenkje meg om meir enn ein gong til neste gong eg ladar på slike stader.

Forventar at ladeprisen blir lågare

På grunn av dei auka straumprisane vart prisane på hurtigladarar sette opp i sommar. Då meiner generalsekretær i Norsk elbilforeining, Christina Bu, at ein må forvente at prisane blir sette ned, no som straumprisen er mykje lågare enn han har vore.

Christina Bu, generalsekretær i Norsk elbilforening

Christina Bu er generalsekretær i Norsk elbilforeining.

Foto: Norsk elbilforening

– Dei var veldig tydelege då dei sette opp prisane at det var på grunn av høge straumprisar. Så no er det nesten slik at dei har gløymt å setje prisane ned igjen. Vi håpar det skjer veldig raskt.

Ho legg til at det alltid vil vere dyrare å hurtiglade, fordi det krev langt høgare effekt.

Kommunikasjonssjef i Recharge, Elise Thorvaldsen, nemner også dette.

– Heime ladar du sakte, og i vårt offentlege nett med lynladarar får du relativt mykje straum på kort tid. Altså mykje høgare effekt.

Dei aller fleste ladar heime og ein hurtigladar er eit supplement for lading, påpeikar Thorvaldsen. På ein ladestasjon er det også utgifter knytt til utbygginga av utstyr, kundeservice, vedlikehald og liknande.

Elise Thorvaldsen, kommunikasjonsjef i Recharge

Elise Thorvaldsen er kommunikasjonssjef i Recharge.

Foto: Recharge

Følgjer utviklinga

Thorvaldsen fortel at dei som aktør følgjer nøye med på marknadssituasjonen og utviklinga av straumprisen.

– Vi vil gjere nye vurderingar dersom det prisbiletet som er no held fram.

Tidlegare år har Recharge endra prisane ein til to gonger i året. Men i år når straumprisane har vore meir varierande, har dei vore nøydde til å gjere justeringar hyppigare.

– Vi følgjer med og vi vurderer det også no som prisane er lågare.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark