Hopp til innhold

Har avslørt reisande med falsk koronadokumentasjon

– Me oppdagar folk som kjem med falske dokument slik at dei skal sleppe å ta test, seier leiinga ved teststasjonen på Torp Sandefjord lufthavn.

Fly frå Polen landar på Torp måndag 4. januar

REISEREGLAR: Reisande frå Polen kjem til Sandefjord måndag 4. januar. Alle som kjem må ha papira i orden.

Foto: John-André Samuelsen / NRK

Fleire reisande frå utlandet har dei siste dagane blitt stoppa av helsepersonellet ved teststasjonen på Torp Sandefjord lufthavn.

Årsaka er mistanke om bruk av falske smitteattestar.

Alle utanlandske reisande må kunne vise at dei har teke ein negativ koronatest 72 timar før avreise til Noreg. På Torp har dei sett eksempel på at folk har prøvd å jukse med denne dokumentasjonen.

– Ein av mine medarbeidarar la merke til at ein reisande ikkje ville vise fram namnet på attesten sin, seier Inger Amundsen, som er leiar for teststasjonen på Torp.

Følgjer nøye med

Da dei dobbeltsjekka attesten, viste det seg at namnet ikkje stemte. Da dei konfronterte den reisande personen, gjekk vedkommande med på å ta test likevel.

– Me har ikkje tal på kor mange som gjer dette, men me følgjer nøye med no, seier Amundsen.

Alle som kjem til Noreg må teste seg innan 24 timar. Mange vel difor å bruke testtilbodet på flyplassen. Sidan laurdag 2. januar har 2094 personar blitt testa på Torp. Av desse har 30 testa positivt for covid-19.

Inger Amundsen, leder for teststasjonene ved Torp lufthavn.

FØLGJER MED: Inger Amundsen er leiar for teststasjonen på Torp Sandefjord lufthavn. Ho seier dei følgjer ekstra nøye med på dokumentasjonen til folk no.

Foto: Vegard Lilleås / NRK

Vil undersøke saka

Viss dokumenta er falske, kan det bli straffa på fleire punkt, ifølgje Justis- og beredskapsdepartementet.

– Dette kan vere straffbart både for dokumentforfalsking etter straffeloven og etter covid-19-forskrifta med heimel i smittevernloven, seier Justis- og beredskapsminister Monica Mæland.

Mæland er ikkje imponert over meldinga om mogleg bruk av falske dokument på Torp. Ho seier det er både straffbart og usolidarisk å misbruke systemet på denne måten.

Politiet er kjend med at helsepersonellet på flyplassen har kome over dokument som dei mistenker ikkje er ekte. Dei undersøker no om dokumenta faktisk er falske. I så fall vil politiet vurdere å opprette sak.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H).

STRAFF: Justis- og beredskapsminister Monica Mæland seier det er usolidarisk og straffbart å misbruke systemet midt i ein pandemi.

Foto: Terje Pedersen