Hopp til innhold

Professor meiner radon er bra for helsa

BØ: (NRK) Ei gruppe forskarar ved Universitetet i Oslo meiner radon i små mengder kan vere bra for immunforsvaret.

Radonsperre

EKSTRA SIKKERHET. Radonduk blir lagt under alle nye hus. Det kan vere bortkasta pengar, meiner forskarar ved Universitetet i Oslo.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

– Store tiltak mot radon i nye hus gjer folk berre engstelege og redde, hevdar pensjonert professor Thormod Henriksen (89).

Saman med ei gruppe forskarar ved seksjon for biofysikk og medisinsk fysikk (BMF) på det matematisk-naturvitenskaplege fakultet på Universitetet i Oslo har han funne ut at radon i små mengder ikkje er så farleg som ein har trudd før.

Thormod Henriksen

Professor Thormod Henriksen meiner radon ikkje er farleg i små mengder.

Foto: Uio

– Generelt ligg radonnivået på 70–80 becquerel per kubikkmeter luft i norske heimar. Det har ein effekt med å stimulere immunforsvaret, seier Henriksen.

Han har forska på radioaktiv stråling i over 60 år. Til bladet Hus og Bolig seier han at det er bortkasta pengar å sikre alle nye hus mot radongass.

Litt radon er bra

– I artikkelen vår har vi skrive om ulike eksperiment som viser at LNT-teorien som Statens strålevern støttar seg på ikkje gjeld. Radon i små dosar over lang tid kan tvert imot ha ein positiv effekt.

Statens strålevern fylgjer WHO sine tilrådingar. Den bygger på den såkalla LNT-teorien frå 50-talet, som seier at risikoen for kreft som fylgje av stråling er proporsjonal med strålingsdosen.

Teori på veg ut

– Vi har fleire internasjonale organisasjonar som har gått bort frå LNT-teorien. Den er feil, og spesifikt feil i samband med radon, hevdar Henriksen.

Strålinga frå radon er i fyrste rekke alfa-partiklar. Desse partiklane har ei veldig kort rekkevidd. Det tyder at dei må vere i lungene for å gje ein stråledose.

Radonsperre i alle hus

I Nordbøåsen i Bø i Telemark er byggmeister Tor Arne Gustavsen i gang med nok eit hus. Under huset har dei lagt radonduk og montert radonbrønn slik lovverket krev.

Tor Arne Gustavsen

Byggmeister Tor Arne Gustavsen seier dei gjer som styresmaktene krev og legg radonsperre under alle nye hus.

Foto: Mikkel Aanderaa / NRK

– Kva syns du om at alle hus må ha radonsperre?

– Det er pålagt i lovverket, så vi får berre gjere som dei høge herrar krev, Det er ikkje verre enn det, seier Gustavsen.

Strålevernet står på grenseverdiane

Statens strålevern er kjend med rapporten, men vil framleis støtte seg på brei internasjonal forsking.

Anne Liv Rudjord

Seksjonssjef Anne Liv Rudjord seier Statens strålevern bygger på den samla kunnskapen dei har og vil ikkje endre råda sine.

Foto: Petter Arneberg / DSA

– Vi står fullt og heilt på dei grenseverdiane vi foreslår, seier seksjonssjef Anne Liv Rudjord i Statens strålevern.

– Vi veit at radon er kreftframkallande, då er det grunn til å vere forsiktig med å eksponere seg for store mengder av det, seier Rudjord.

Sjekk radonfaren i ditt nærmiljø

Nokre hus må sikrast

Forskarane presiserer at det finst stader i landet der ein må likevel må sikre husa mot radongass.

– Til dømes i Kinsarvik er det hus med ekstremt mykje radon i. Der bør ein sette inn tiltak sidan radon i store mengder er kreftframkallande. Men elles: Bruk dei pengane på kutte ut røyking – det er mykje farlegare, avsluttar Thormod Henriksen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark