– Det er så effektivt å kombinere og jobbe både på kontor og heime. Eg trivst så godt!
Bente Sjåberg fyller snart 61 år og har jobba i kommunen i 40 år.
Ho trur moglegheita for å jobbe heimanfrå innimellom kan bidra til at eldre arbeidstakarar står lenger i jobb.
– Det er enklare. Ein slepper stresset om morgonen og treng ikkje streve med å komme seg ut når det er dårleg vêr. I staden kan ein sette seg ned og jobbe.
Etter koronaen har kontortilsette i Porsgrunn kommune kunna søke om å jobbe inntil to dagar i veka på heimekontor.
Gunstig for seniorane
– Heimekontor kan vere bra for folk som har behov for ein viss fleksibilitet i kvardagen, som småbarnsforeldre, folk med helseutfordringar eller dei som begynner å bli eldre.
Det seier Cathrine Egeland, forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet ved Oslo Met.
Ho er ein av leiarane for prosjektet Crossbow, som skal kartlegge og utforske konsekvensar av auka bruk av fjern- og heimekontor i delar av norsk arbeidsliv.
Det viser seg at moglegheita til å jobbe heimanfrå kan vere positivt – særleg for seniorane i arbeidslivet.
– Funn frå forskingsprosjektet tyder på at heimekontor kan få eldre arbeidstakarar til å stå lenger i jobb.
Prosjektet starta i 2021 og skal fortsette fram til 2026.
Så langt er det gjort djupneintervju med rundt 60 arbeidstakarar og 20 leiarar. Dei arbeider i ulike verksemder der dei tilsette har høve til å jobbe frå heimekontor.
Forskaren meiner svara tyder på at det bør undersøkast nærare om moglegheit for heimekontor kan få fleire til å ønske å stå lenger i jobb.
Det burde vere søt musikk i øyra til arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) som ønsker å auke pensjonsalderen.
– Det handlar om å kunne styre arbeidsdagen sjølv og kontrollere tida si. På heimekontor kan ein jobbe intensivt og ta pausar når ein vil, og ta omsyn til eigen rytme og eiga arbeidsevne.
Er hjemmekontor løsninga for at flere eldre skal jobbe lenger?
– Må ikkje bli plassert på «tørkeloftet»
Ved Senter for seniorpolitikk er det skepsis mot at heimekontor er det som skal til for å få folk til å stå lenger i jobb.
– Det blir for enkelt, seier direktør Kari Østerud.
Østerud meiner det handlar om å bli satsa på, og at ein er del av framtidsplanane til bedrifta.
– Har du ein leiar som anerkjenner arbeidsinnsatsen din og gir uttrykk for at du skal jobbe lenger, er det minst like viktig som eit fleksibelt heimekontor nokre dagar i veka.
I fjor auka den gjennomsnittlege avgangsalderen for første gong sidan 2014, og han er nå 66 år, viser tal frå Nav.
Østerud meiner det er viktig at også eldre arbeidstakarar får vere med på dei spennande prosjekta, og at dei ikkje blir plasserte på «tørkeloftet».
– Eg trur altfor få er klar over at arbeidskraftressursane i framtida vil vere blant dei som er over 50 år.
Må vurderast opp mot arbeidsmiljøet
NHO er ikkje avvisande til bruk av heimekontor, men seier det er noko kvar enkelt bedrift sjølv må vurdere i samråd med tillitsvalde og arbeidstakarar.
– Å legge til rette for enkeltindividet er sentralt for å få folk til å jobbe lenger, men ein arbeidsgivar har også ansvar for heile arbeidsmiljøet, seier Nina Melsom, direktør for arbeidsliv.
Ikkje minst meiner ho det må vurderast korleis dette slår ut for yngre arbeidstakarar.
– Vi veit at dei har eit behov for god kollegastøtte og nærverande kollegaer.
Ho utelukkar likevel ikkje at moglegheita for å jobbe delvis på heimekontor bør vere ein del av seniorpolitikken i arbeidslivet.
– Det kan det absolutt vere. Det er eit verkemiddel som bidrar til å tilpasse arbeidet til helsa og arbeidsevna til arbeidstakarane.