Hopp til innhold

Målet er at padlarar over heile verda skal gjere dette

Studentar har utvikla ein ny og billegare måte for å hente opp mikroplast frå vatnet.

Med ein enkel farkost hengande i tau etter kajakken og eit finmaska nett, samlar dei opp mikroplast som seinare skal analyserast i mikroskop.

Ved institutt for natur, helse og miljø ved Universitetet Sørøst-Noreg (USN) i Bø har studentar utvikla ein enkel og billeg måte å samle inn prøvar av mikroplast i vatn.

Kristian Louis Jensen, mastergradsstudent i naturvern, USN.

Kristian Louis Jensen er mastergradsstudent i naturvern ved USN i Bø i Telemark.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Mastergradsstudent i naturvern, Kristian Louis Jensen, og bachelorstudent Rolf Fredrik Thorkaas meiner metoden dei brukar, er ein kostnadseffektiv måte å analysere mikroplast på.

– Mikroplast er eit vanskeleg forskingsfelt. Dels fordi partiklane er så små, og fordi det er så kostbart å analysere, seier Jensen.

Så langt har dei samla inn prøver med mikroplast i Svolvær i Lofoten, ved Herøya i Porsgrunn, Heddalsvatnet ved Notodden, Norsjø ved Gvarv og Seljordsvatnet.

Eit finmaska nett samlar opp mikroplast som seinare skal analyserast i mikroskop.

Eit finmaska nett samlar opp mikroplast som seinare skal analyserast i mikroskop.

Foto: Rolf Fredrik Thorkaas/USN

Vil finne utslepp av mikroplast

Prøvene blir tilsett eit fargestoff som gjer at mikroplasten får ein kraftig raudfarge og skil seg ut, slik at det er mogleg å telje partiklane.

– Metoden kan på sikt vere med på å identifisere utslepp av mikroplast til ei større vassmengde.

Mikroplast sett gjenom eit mikroskop

Her ser vi mikroplast gjennom eit mikroskop.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Jensen håpar at kajakkpadlarar over heile verda skal bruke denne enkle måten for å samle inn prøver av mikroplast.

– Så kan folk som er ute og padlar langs kysten, ta ein prøve med mikroplast og sende den til laboratoriet der vi lagar ei analyse av innhaldet.

I Seljordsvatnet har dei analysert prøver med mikroplast som er henta opp nære Eventyrøy der elva Vallaråi renn ut i vatnet.

– Her var det faktisk overraskande mange partiklar. Og zoomer vi nærare dukkar det opp fleire små partiklar med mikroplast.

Undersøker mikroplast i mikroskop ved Universitetet i Bø.

Overingeniør Frode Bergan ved Institutt for natur og helse og mastergradsstudent i naturvern Kristian Louis Jensen kan telje partiklar med mikroplast under mikroskopet.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Kan ta prøver der folk bur

Målet er mellom anna å bevisstgjere folk over kor stort problemet er, og finne ut kor mikroplasten kjem frå.

– Det å kunne vise fram mikroplasten som er i det vatnet der dei bur til skuleelevar eller universitetsstudentar, kan vere med på å gjere folk medvetne på kor stort omfanget er.

Jensen seier det handlar om gjere friluftslivet meiningsfullt. For mange padlar på fine stader som også er interessant for vitskapen.

– Så kvifor ikkje knytte dei to tinga saman. Slik at vanlege folk kan bidra til kunnskap rundt mikroplast i Noreg.

Overingeniør Frode Bergan ved Institutt for natur, helse og miljø seier slike prosjekt er meiningsfylte bachelor og masteroppgåver.

– Vassforsking er eit viktig satsingsområde for oss, og mikroplast inngår som er ein del av dette. Det er mange små skritt som må til for at vi skal få informasjon over kor stort problemet med mikroplast er.