Hopp til innhold

Krev at Stats­forvaltaren blir splitta ved fylkesdeling: – Skikkeleg dramatisk og urettferdig

Fleire i regjeringspartia krev no at også Statsforvaltaren blir delt opp igjen dersom fylke skal splittast. I Skien fryktar ordføraren å miste 150 arbeidsplassar.

Hedda Foss Five, ordfører i Skien

Regionreforma gjorde at arbeidsplassane ved Statens hus i Skien blei flytta til Tønsberg. Ordførar Hedda Foss Five (Ap) er redd for å miste arbeidsplassar dersom fylket blir delt opp igjen, utan å få noko tilbake.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Innan 1. mars må alle samanslåtte fylke bestemme seg for om dei vil søke om å gå tilbake til gamle fylkesgrenser, etter at Ap- og Sp-regjeringa opna for det i haust.

No krev fleire eit svar på kva som skal skje med Statsforvaltaren dersom fylka blir delte opp igjen. Spørsmålet er høgst aktuelt i Vestfold og Telemark, Troms og Finnmark, Innlandet og Viken.

Ei evaluering av organiseringa av statsforvaltarane er nemleg berre så vidt i gang. Den blir ikkje lagt fram før til hausten – eit halvt år etter at fylkespolitikarane skal velje om dei skal søke om oppdeling eller ikkje.

Redd for å miste 150 offentlege arbeidsplassar

Ap-ordførar i Skien, Hedda Foss Five, krev ei rask avklaring på om Statsforvaltaren også blir delt dersom fylket blir splitta.

Då Vestfold og Telemark blei eitt fylke, blei Skien hovudsete for den nye fylkeskommunen, medan arbeidsplassane hos Statsforvaltaren blei samla i Tønsberg. Dermed blei 150 statlege arbeidsplassar flytta frå Skien til Tønsberg.

– Me risikerer no å miste fylkeskommunale arbeidsplassar i Skien, og ikkje få noko tilbake. Eg synest det er skikkeleg dramatisk og veldig urettferdig, seier Ap-ordføraren.

– Bør ha like grenser

Ho får støtte av partikollega og stortingsrepresentant Lene Vågslid, som er leiar av kommunalkomiteen på Stortinget. Ho meiner det er naturleg at Statsforvaltaren framleis skal fylgje fylkesgrensene.

– Eg er einig i at det må vere eit premiss, seier Vågslid, som vil ta opp spørsmålet med regjeringa.

Det er fylkespolitikarane som avgjer om kvart enkelt fylke skal søke om deling, før Stortinget tek den endelege avgjerda. Når det gjeld statsforvaltaren har ikkje fylkespolitikarane noko dei skulle ha sagt.

Lene Vågslid på valgvake.

Lenv Vågslid meiner det er naturleg at Statsforvaltaren framleis skal fylgje fylkesgrensene.

Foto: Lorentz Berg / NRK

Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) seier i ein kort kommentar at regjeringa ikkje har tatt stilling til om statsforvaltaren skal delast opp dersom fylkeskommunane blir delte.

Størst mogleg grad av felles inndeling med fylkeskommunen, er eit viktig forhold å vektlegge i det vidare arbeidet, seier Gram i ein e-post, og legg til at departementet vil kome tilbake til saka.

– Det er i dag eitt unntak frå felles inndeling med fylkeskommunen, og det er Statsforvaltaren i Oslo og Viken. Alle embeta fylgjer imidlertid fylka sine yttergrenser, seier Gram, som ikkje svarer på spørsmål om dei økonomiske konsekvensane ei deling vil få.

Bjørn Arild Gram, styreleder i KS

Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) sier at departementet vil kome tilbake til saka.

Foto: Hege K. Fosser Pedersen

– Krisemaksimering

Stortingsrepresentant Åslaug Sem Jacobsen (Sp) kallar på si side utspelet frå Skiensordføraren krisemaksimering. Ho tek det for gitt at statsforvaltaren skal delast opp dersom samanslåinga av fylka blir reversert, sjølv om det vil koste pengar.

– I mitt parti oppfattar eg at det er heilt ulogisk at ikkje statsforvaltaren skal fylgje dei same grensene.

– Oppgåvene er fråverande i debatten

I Innlandet har ordførar i Hamar, Einar Busterud fra by- og bygdelista, enno ikkje konkludert i spørsmålet om deling eller ei. Han er klar på at han meiner fylka og statsforvaltaren bør ha lik oppdeling, uansett utfall. Men for han handlar det ikkje om arbeidsplassar.

Einar Busterud (Ap), ordfører i Hamar

Ordførar i Hamar, Einar Busterud.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Det viktige er kva for oppgåver ein skal løyse. Då må ein organisere seg slik at oppgåvene blir løyste på ein best mogleg måte. Det synest eg er heilt fråverande i denne debatten. Det blir berre ein debatt om grenser, utan å sjå på oppgåver.