Operasjonsleiar Terje Pedersen fortel at personen som meldte frå til politiet bur i området ved Varlandsvegen, og høyrde ropet i halv tre tida søndag ettermiddag.
– Politiet fekk meldinga kl. 16.11, seier Pedersen.
Den som meldte frå skal ha sett med kikkert mot Nibbenutan og sett ein person som gjekk med ein hund på høgda i området.
– Det er mange som er ute på tur denne helga, og det er også jakt i området, seier Pedersen.
Politiet søker i terrenget
Politipartulja som er sendt til staden har prata med folk i området, og er ute i terrenget for å søke etter folk som kan ha kome til skade. Men det er ikkje meldt om nokon som er sakna i dette området.
– Vi har også vore i kontakt med jaktoppsynet på Skinnarbu, men dei har ikkje fått melding om noko, seier Pedersen.
Politiet vil gjerne ha tips frå publikum om dei kjenner nokon som skal vere på tur i området.
– Vi har også varsla hovudredningssentralen, seier Pedersen.
Avsluttar søket
Klokka 18.45 kom melding frå politiet om at politiet har avslutta undersøkingane ved Nibbenutan.
– Ingen er meldt sakna i området, opplyser politiet på Twitter.