Hopp til innhold

Høg vasstand sluker dei kvite strendene

Vassmagasina er fulle og mange straumselskap i Noreg melder om rekordlåge prisar for oss som brukar straum. Men det er ei skuggeside.

Høg vasstand i Nisser. Strendene ligg under vatn.

INGEN STRAND, INGEN FOLK: Vasstanden i Nisser er no så høg at dei kvite strendene ligg under vatn.

Foto: Åshild Reime

– Dette er trasig. Vi har mange som kjem på grunn av strendene. Alle i Noreg som er på ferie vil til strendene, men dei er rett og slett borte.

Det seier Åshild Reime, som driv Nisser hyttegrend og camping på fjonesida (vestsida av Nisser) i Nissedal kommune.

«Strender og svaberg»

Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark. Og kommunen marknadsfører den som eit dominerande landskapsmerke med innbydande strender og svaberg omkransa av blankskura høgreiste fjell.

Og da er det vel ikkje så underleg at turistane blir skuffa når dei kvite strendene er borte.

– Dei er jo på sommarferie, så dei vil jo gjerne nytte Nisser og strender og svaberg. Mange har kome nettopp på grunn av strendene. Dei opplever nok at dei ikkje fekk det dei trudde dei skulle komme til.

Vasstanden i Nisser har lagt strendene under vatn.
Dei kvite strendene i Nisser

Vasstanden i Nisser har lagt strendene under vatn.

ÅSHILD REIME

Gode og fulle magasin

– Årsaka til at magasina i inne i landet og i fjella er gode og fulle, er fordi vi har hatt ein snørik vinter.

Det seier Sverre Eikeland, divisjonsdirektør for vasskraft i Agder Energi.

– For augneblinken er ikkje forbruket av vann så høgt, så da lagrar vi energien slik at vi kan produsere straum til vinteren. Så akkurat no er vasstanden høg i mange magasin.

Ifølgje NVE er fyllingsgraden i vassmagasina i Sør-Noreg på nesten 90 prosent, og i førre veke var spotprisen på straum nede i 1,5 øre i Sør-Noreg.

Agder Energi meiner dei taper pengar på å produsere straum no.

– Ja, vi går i minus om vi produserer straum akkurat no, men vi må likevel dekke samfunnets behov, seier Eikeland.

Lagrar straum

Han seier Agder Energi følgjer krav for kor lite vatn det kan vere i Nisser om sommaren. No er innsjøen nokre få centimeter under den høgaste vasstanden som det kan vere.

– I ein normal situasjon vil strendene vere godt synlege. Men disse magasina er laga for å kunne lagre straum, slik at vi har nok energi når vinteren kjem. Det å tappe no vil kunne gi uheldige konsekvensar til vinteren – sjølv om det sjølvsagt er mogeleg.

Åshild Reime i Nisser hyttegrend og camping skulle ønskje at Agder Energi og Nissedal kommune kunne bli einige om ein vasstand i Nisser på sommaren.

– Det er veldig øydeleggjande for alle som driver med ting langs Nisser når det er slik som i år. Det er ikkje så ofte det er slik, for me brukar ha mykje lågare vatn. Men spør du meg, så burde vasstanden vere éin meter lågare no i høgsesongen.

Kvit sandstrand i Nisser

Næringa langs Nisser skulle ynskje vasstanden var lågare – slik som på dette bilete frå eit anna år – slik at fleire kunne bade og kose seg i vatnet.

Foto: Åshild Reime