SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Det er Tinn og Vinje kommune som eig Hardangervidda Nasjonalparksenter saman.
Og etter styreleiaren si meining har eigarane svikta i denne viktige saka, nemleg når det gjeld å skaffe senteret ein sunn og god økonomi.
Tinn og Vinje kommune eig Hardangervidda Nasjonalparksenter.
På generalforsamlinga fredag vil styret gå av og stille sine plassar til disposisjon.
Berre eit selskap igjen
Det er berre eit selskap igjen som eig Hardangervidda Nasjonalparksenter. Det heiter Hardangerviddasenteret med Håvard Poulsson som styreleiar.
Aksjekapitalen er no nede i 900.000 kroner. Tinn har 500.000 kroner og Vinje 400.000 kroner.
Kommunane har til saman bruka 24 millionar kroner på senteret til no. Av dette har Tinn bruka 18 millionar kroner og Vinje 6 millionar kroner.