Hopp til innhold

– Villreinen treng jerv for å ta seg av sjuke dyr

Fotròte og skrantesjuke truar villreinen på Hardangervidda, og tidlegare viltforvaltar meiner det beste er at jerven får etablere seg der. Bondelaget er ueinig.

Dyretragedie Trollheimen

JERV I FJELLET: Her er jerv på plass i Trollheimen etter at 40–50 reinsdyr blei tatt av eit snøras i 2013.

Foto: OPDALINGEN/TOR HARALD LANDLØPET

Tor Punsvik er pensjonert viltforvaltar hos Fylkesmannen i Agder. Han seier fotròte og skrantesjuke truar villreinen på Hardangervidda.

– Då er det naturleg å tenke på naturen sitt eige helsevesen. Det er vel knapt noko rovdyr som er betre enn jerv til å ta seg av dei sjuke og svake dyra.

Kan forsinke sjukdom

Tor Punsvik

Tor Punsvik var viltforvaltar hos Fylkesmannen i Agder.

Foto: Thomas Sommerset / NRK

Tor Punsvik var viltforvaltar i 36 år, med eit spesielt ansvar for forvalting av villrein i Setesdalsheiene. Han var også med i ekspertgruppa for kvalitetsnorma for villrein og har skrive fleire bøker.

I fjor døde ein stor del av reinsdyrkalvane på Hardangervidda på grunn av fotròte, og i år er det påvist skrantesjuke. Punsvik meiner jerv kan forsinke både utvikling og spreiing av desse sjukdomane.

– Eg tenkjer at den vil naturleg etablere seg over tid. Det er ikkje meir enn to år sidan vi hadde yngling av jerv i Suldal i Setesdal Ryfylke. Men då var Statens naturoppsyn raskt ute og tok jervetispa og ungane.

Jervekull og tispe tatt ut i Suldal april 2018

Jervetispe med ungar som blei drepne i Suldal.

Foto: Statens naturoppsyn

Bondelaget er skeptisk

Men i Bondelaget er dei ikkje glade for forslaget om å la jerv etablere seg på Hardangervidda.

Erik Dahl

Erik Dahl er rovviltansvarleg i Bondelaget.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

– Jerv er det rovdyret som tar mest sau, seier Erik Dahl, rovviltansvarleg i Telemark Bondelag.

Han meiner det ikkje er mogleg å ha ein jervebestand saman med 27. 000 sauer på sommarbeite.

– Det vil gjere det nesten uetisk å ha sau der. Så det blir ei prioritering. Enten å nytte utmarksbeite, som er så fantastisk for sauen, eller rovdyr. Du kan ikkje få begge delar.

Vil ha rovdyr i nasjonalparken

Kontrollutvalgsleder Per Lykke

Per Lykke er dagleg leiar for Hardangervidda Nasjonalparksenter.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Dagleg leiar i Hardangervidda Nasjonalparksenter, Per Lykke, seier det er trist at nasjonalparken ikkje har jerv.

– Vi skal formidle dyrelivet og økologien i nasjonalparken. Jerv er ein del av økologien i høgfjellet saman med fjellreven og villreinen. Jerv er også ein raudlista dyreart.

Lykke erkjenner at jerven kan drepe mange sauer om den får etablere seg. Han meiner likevel jerv bør bli prioritert før sau i nasjonalparken, men ser for seg moglege løysingar.

Jerv

Hausten 2016 blei over 300 villrein drepne av lyn på Hardangervidda. Jerv blei fotografert med viltkamera i mars 2017.

Foto: Viltkamera / SNO

– Vi veit at jerven er redd for menneske, og for hundar. Derfor bør vi tenke på ei løysing med gjeting av sauene som staten betaler for. Eller at bøndene får ein kompensasjon for å gå over til å drive med storfe.

Lykke meiner sjukdomane blant villreinen på Hardangervidda bør få oss til å stille spørsmålet om årsaka er at vi menneske har tatt vekk rovdyra som er ein viktig del av økologien.

– Du får neppe fjellreven til å overleve på sikt på Hardangervidda, viss han ikkje har jerven han kan følge etter og leve av åtsler på vinterstid.

Vil heller ha sau enn jerv

Statssekretær Maren Hersleth Holsen i Klima og miljødepartementet seier at det på fagleg grunnlag sikkert kan vere argument for at rovdyr kan ha ein funksjon for å ta vare på sunne villreinstammar ved at dei tar ut svake individ.

Maren Hersleth Holsen (V), statssekretær i klima- og miljødepartementet

Maren Hersleth Holsen er statssekretær (V) i Klima og miljødepartementet.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Men det er ikkje i samsvar med gjeldande rovviltpolitikk å opne for etablering av jerv i dette området.

Hardangervidda er Nord-Europas største høgfjellsplatå, nasjonalpark og nasjonalt villreinområde. Hersleth Holsen seier at departementet arbeider for å få etablert ein solid fjellrevbestand på vidda.

Men av omsyn til relativt omfattande sauebeite er det bestemt at Hardangervidda i dag er eit område som er prioritert for beitedyr.

– På Hardangervidda har vi i dag både skrantesjuke og fotròte som råkar villreinen. Forvaltninga søker å løyse desse problema gjennom andre tiltak enn å opne for jerv i området, seier Hersleth Holsen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark