Hopp til innhold

Skulle rive huset – glad dei valde oppussing

Ruth Kvålo Dalen er glad dei ikkje følgde planen om å rive huset frå 1700-talet. I Vinje jobbar kommunen for at fleire skal gjere det same.

ny versjon
Foto: Ruth Kvålo Dalen

– Eg har ikkje angra eit sekund, seier Ruth Kvålo Dalen.

Ho innrømmer at det har vore ein skikkeleg sjau å setje i stand det gamle huset frå 1700-talet.

Då ho og mannen kjøpte tunet med fem bygningar i 2008, voks det bringebærbuskar opp gjennom golvet.

Nigard Lid i Øyfjell

Det gamle huset vart løfta opp for å støype ny grunnmur. Huset vart strippa og fekk ny kledning.

Foto: PRIVAT

– Vi synest det var ein veldig fin og idyllisk plass med plasseringa inst ved vatnet i Øyfjell, seier ho.

Dei trudde først at dei måtte rive hovudhuset og byggje låven om til bustad.

Men rådet frå ein handverkar var å bevare tunet og setje i stand bygningane.

Nigard Lid, huset til Ruth Kvålo Dalen.
Gården Nigard Lid i Vinje, Øyfjell.

Privat

Det er Ruth Kvålo Dalen glad for.

– Vi bur i eit 100 prosent funksjonelt og moderne hus, men vi ønskte å ta med det gamle og rustikke vidare. Det får du ikkje kjøpt, seier Dalen.

På instagramkontoen husfruen_paanigardlid har ho fortalt om prosessen med å bevare garden.

Les også Småbrukarprosjekt hjelper folk til bygda – familie flytta frå einebustad til kjempetomt

Familien Haugen Jønnardalen i Rauland.

Gjere gull av gråstein

Noreg har over 200.000 tomme hus, og det er ein uutnytta ressurs, påpeikar Bianca Wessel i Fortidsminneforeningen.

Bianca Wessel, Fortidsminneforeningen.

Gamle hus er laga for å vare og kan reparerast, seier Bianca Wessel i Fortidsminneforeningen.

Foto: PRIVAT

Ho leier prosjektet Lys i gamle hus, der fem av kommunane i landet deltek.

Målet er at gamle hus som blir sett i stand vil gjere det meir attraktivt å bu på bygdene.

– Det gjeld å få huseigarar til å sjå at dei sit på verdiar. At ein med rette grep kan gjere gull av gråstein, seier Wessel.

Vinje i Telemark er ein av kommunane som deltek i prosjektet.

Folk som køyrer forbi Vinje, kan sjå at det står mange tomme hus langs vegen, fortel Vinjelos og prosjektleiar, Silje Hagen.

Silje Hagen jobber som Vinjelos i Vinje kommune, og er prosjektleder for Lys i gamle hus i kommunen.

– Vi ønskjer levande bygder og lys i alle vindauge, seier Silje Hagen som er Vinjelos og prosjektleiar for Lys i gamle hus i Vinje.

– Det er lett å tenkje at her er det ingen som vil bu. Men sanninga er noko anna. Det er mange som ønskjer seg til kommunen og som ønskjer seg eit småbruk, seier ho.

Vil hjelpe med å søkje pengar

Kommunen har mellom anna invitert til søknadsverkstad for å hjelpe folk i gang.

Det er pengar å hente viss du vil setje i stand gamle hus, både gjennom Kulturminnefondet, Norsk kulturarv og Enøk-tiltak. Det kan vere greitt å vite korleis ein søkjer, seier ho.

Kommunen er i gang med å lage møteplassar for folk som har hus, leitar etter hus, og handverkarar.

Gjenbruk og ombruk av gamle bygningar blir dessutan viktig for å nå regionale og nasjonale klimamål, påpeikar ho.

Les også Ryddige boder gir ryddigere hoder

Fordel å vere litt handy

Ruth Kvålo Dalen trur det er ein fordel å vere litt handy viss ein set i gang eit slikt prosjekt.

Ruth Kvålo Dalen, Nigarden Lid.

– Eg trur mange vil klare det viss dei har ei glede av å føre vidare huset, seier Ruth Kvålo Dalen.

Foto: PRIVAT

– Når du set i gang eit så stort prosjekt, vil det ta tid og økonomi. Det vil også krevje at du gjer noko sjølv, viss ikkje blir det veldig dyrt. Men mange kan gjere meir enn dei trur berre dei tør å setje i gang, seier ho.

I 2014 kunne dei endeleg flytte inn i huset. Fire år etter døde mannen hennar.

Ruth har framleis arbeidd med å setje i stand dei andre bygningane. Låven skal brukast til atelier, kurs, utleige og utstillingar, medan dei andre bygningane skal brukast til overnatting.

Nigard Lid i Øyfjell, Vinje.

På garden Nigard Lid planlegg Ruth Kvålo Dalen å lage eit gjestetun der det blir atelier, kurs, utleige og overnatting.

Foto: PRIVAT

Ho håpar andre kan bli inspirerte til å gjenbruke gamle hus.

– Eg trur det er ein trend i tida. Folk er meir opptekne av gjenbruk og å snu på krona, seier ho.