Hopp til innhold

Med asfalt og betong vil Ali frå Vinje endre Somalia

Ein liten dose Vest-Telemark i Somalia. Ali Ahmed har teke med seg lærdom og kapital frå Noreg for å drive forretningar i Somalia. Og det synest han fleire bør gjere.

Ali Ahmed frå Vinje har returnert til sitt andre heimland, Somalia, mellom anna for å bygge denne flystripa ute på landsbygda

Fjällräven-buksa har han teke med frå Noreg. Halve Ali er norsk, den andre halvdelen er somalisk. No vekslar han på kor han jobbar og bur.

– Det der kallar me ein taxiway. Den er laga med den finaste og beste asfalt som nokon har ført inn i Somalia.

Ali Ahmed gliser i kapp med sola på ei nylagd flystripe i Baidoa, ein by i Vest-Somalia. Det er hans selskap som har modernisert flyplassen. Slike fine flystriper har dei ikkje heime i Vinje, der han og familien bur.

– Det er same kvalitet som E134 frå Oslo og over Haukeli, smiler han lurt.

Flystripa er livsviktig, og blir bygd i ein by som har vore gjennom ei av verdas verste humanitære kriser dei siste åra. Naudhjelp og bistand kan berre komme luftvegen, fordi området rundt Baidoa er kontrollert av terroristar.

Vinje International

Ali er blant dei som har fått endra sin definisjon av «heime» fleire gonger i livet. Han var flyktning frå Somalia, og er no ein stolt vinbygg - altså ein person frå Vinje i Telemark.

Det er i Vinje at borna går på skule, det er der han bidrar frivillig i moskeen og det er for Vinje kommune han har jobba i fleire år.

Men Ali har slutta i kommunejobben og teke eit lite stykke Vest-Telemark ut i verda. For selskapet hans har fått namnet Vinje International.

– Eg likar veldig godt Vinje, og har fått mykje støtte derifrå. Eg har stor respekt for Vinje, så då kalla eg firmaet mitt Vinje, fortel Ali.

Ali Ahmed frå Vinje har reist tilbake til Somalia for å drive forretningar i eit område få forretningsfolk tør å satse.

Firmet hans har fleire tilsette, og han ønskjer å satse endå meir på forretningar i Somalia.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Og Vinje International har allereie sett spor frå seg. Langt unna Vinje. Veldig langt unna Vinje.

– Eg kjenner jo folket som bur her i Somalia, og dei treng hjelp. Med det eg har lært i Noreg ville eg bruke til å bidra.

– Kva har du lært i Noreg då?

– Korleis eg kan hjelpe folk, å vere snill og vere kreativ. Eg har laga mange arbeidsplassar og gitt mange unge folk ein jobb, fortel Ali på si Odd Nordstoga-aktige dialekt, som rett nok har ein viss aksent.

Fleire prosjekt på gang

For Ali har altså reist til sitt andre heimland, Somalia. Både for å asfaltere flystriper - men også for å gjere litt av alt det andre som må gjerast i eit land der utviklinga i mange år har vore hindra av vanstyre, korrupsjon og ekstreme islamistiske grupper.

– Viss eg gjer ein god jobb her, så skal eg også starte prosjekt i dei andre regionane. Eg gjer veldig mykje her. Firmaet byggar vegar, flyplassar, driv med logistikk og service, seier Ali.

Han har ein tydeleg aksent på norsken, slik dei fleste som lærar norsk i vaksen alder har. Men han skil seg ut frå andre norsksomaliarar med Vinje-dialekta si.

Han et graut til frukost, går på ski med borna, et pinnekjøt til jul og seier absolutt ikkje nei takk til julekaker. Jul er noko muslimen har lært seg til å feire. Og han likar det.

Men samtidig er jul noko som verkar fjernt der han står på flystripa i ein del av Somalia som knapt har hatt ordentleg nedbør på fleire år.

Rundt han har ei humanitær krise utfalda seg lenge. Folk har ingen mat å hauste frå åkrane sine. I tillegg er dei ekstreme islamistane i Al-Shabaab aktive i området.

– Dei skjønar ikkje kvifor eg gjer det

Dei krev skattepengar frå folk i ein del område, og krigar mot Somalias regjeringshær i andre område.

– Dei skjønner ikkje kvifor eg er her, seier Ali om sine norsk-somaliske vener heime i Noreg.

– Eg hadde det jo veldig godt i Vinje, så dei skjønner ikkje kvifor eg tek risikoen.

Ali smiler stort, og likar å vise fram det han driv på med i Baidoa, Vest i Somalia. Han meiner fleire burde gjere som han og investere i Somalia. Både norsksomaliarar, men også andre nordmenn.

Grønnsaksforretning i Mogadishu

Det er ikkje berre enkelt å drive forretningar i eit land som er prega av konflikt. Men ein del folk livnærer seg av småbutikkar, slik som denne i Mogadishu.

Foto: HASSAN ALI ELMI / AFP

Ali har fleire prosjekt på gang. Ved Somalias kyst har han starta bygging ved ein by som kan bli sentral i oljeleitinga som held på utanfor Somalia. Og i Niger, langt unna Somalia, er han også i sving med ulike militære infrastrukturprosjekt.

Han er ein av mange med norsk pass som bidreg til utvikling i Somalia. Ein god del av dei sendar pengar sørover, men Ali sende i tillegg seg sjølv.

Draumen er å tene pengar, samtidig som han bidrar til utvikling i eit land der krig og korrupsjon har øydelagd veldig mykje.

– Fleire burde kome tilbake og bidra med det dei har. Om fleire slike som Ali kom tilbake til Somalia, så kunne dei hjelpt masse. Det er det eg meiner.

Les også Somalia har gått til full krig mot terror - trur på rask suksess

Hamza Abdi Barre, statsminister i Somalia på kontoret sitt desember 2022

SISTE NYTT

Siste nytt