Hopp til innhold

Gassutslepp skaper uvisse: – Vurderer å flytte

Ein mørkegul gassky over byen skapte frykt. Naboar etterlyser raskare informasjon etter gassutslepp frå Yara Porsgrunn onsdag.

Tove Kåsa

GASSUTSLEPP: Tove Kåsa er nabo til Herøya industripark. Ho er bekymra etter utsleppet som var synleg frå store delar av byen onsdag.

Foto: Martin Torstveit / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I 35 år har Tove Kåsa budd tett på ein av dei største industriparkane i landet. Ho lever med ei uro mange innbyggjarar i Porsgrunn kan kjenne seg igjen i.

For inne på fabrikkområdet handterer dei nokre av dei farlegaste gassane som finst.

Når alarmen går veit ikkje naboane kor alvorleg det er. Men dei veit at det i aller verste fall kan vere dødeleg.

Onsdag kveld vart Tove Kåsa skremt igjen. Og ho var ikkje åleine. På Facebook dukka det opp innlegg med bilete av ei mørkegul sky av gass, og folk gav uttrykk for at dei var redde.

En uplanlagt stopp i en salpetersyrefabrikk førte til at en gul sky hang over området og var synlig fra flere fra steder i Porsgrunn.

Den mørkegule gasskyen skremte naboer og innbyggere i Porsgrunn onsdag kveld.

Foto: Gry Hartvigsen
En uplanlagt stopp i Yaras salpetersyrefabrikk på Herøya i Porsgrunn førte til at en gul sky hang over området og var synlig fra flere fra steder i byen.

Den gule røyken var synlig fra flere steder i byen.

Foto: Tommy Abrahamsen
En uplanlagt stopp i Yaras salpetersyrefabrikk på Herøya i Porsgrunn førte til at en gul sky hang over området og var synlig fra flere fra steder i byen.

Det var mange facebook-innlegg og kommentarer om utslippet onsdag kveld.

Foto: Bjørg Teigen
En uplanlagt stopp i Yaras salpetersyrefabrikk på Herøya i Porsgrunn førte til at en gul sky hang over området og var synlig fra flere fra steder i byen.

Utslippet kom fra Yaras salpetersyrefabrikk i Porsgrunn.

Foto: Svein Kjetil Håheim

– Bekymra

Det vart slått fabrikkalarm på Herøya industriområde i Porsgrunn like før klokka 21 i onsdag kveld.

Eit uplanlagt stopp i Yaras salpetersyrefabrikk førte til eit utslepp av nitrosegass.

Tove Kåsa pusla i hagen sin då ho fekk auge på den skarpe oransje fargen på himmelen.

– Det gav eit støkk. Det såg veldig ekstremt ut. Folk lurte på om dei måtte springe inn og lukke vindauge. Vi veit jo ikkje kva som skjedde der.

Det vart slått fabrikkalarm på Herøya industripark i Porsgrunn etter at det oppstod gasslekkasje onsdag kveld.

Innbyggjarane i området blir kalla inn til informasjonsmøte kvart år. I tillegg legg industriparken ut informasjon på nettsida si. Dersom det er fare for omgivnadene skal innbyggjarane få ein SMS.

Kåsa kjenner likevel ikkje det er nok når ho høyrer alarmen går.

– Det skulle vore raskare informasjon og meir utdjupande forklaringar. Også om kva utsleppet inneheld.

Kåsa vurderer stadig om ho skal selje huset, men trur ikkje ho får den prisen ho ønskjer med industriparken som næraste nabo.

– Eg vurderer å flytte. Men eg hadde heilt sikkert tapt på det.

DSB vil granske

DSB er varsla om utsleppet som inneheldt nitrogenoksid. No vil dei granske hendinga.

– Gassen er giftig og kan vere dødeleg ved innanding. Så langt er det ikkje kjent at det har vore nokre faktiske konsekvensar, seier Brit Skadberg, seksjonssjef i DSB.

Brit Skadberg, seksjonssjef kjemikaliesikkerhet i DSB.

Seksjonssjef i kjemikalietryggleik i DSB, Brit Skadberg, vil granske hendinga ved Yara Porsgrunn onsdag.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

DSB ventar på ein rapport frå Yara og vil deretter vurdere alvorsgraden i hendinga. Det kan bli aktuelt med eit tilsyn med fabrikken.

– Eg forstår godt at naboar er bekymra, spesielt sidan dette er ein veldig synleg røyk. Når Yara fortel oss at det ikkje har vore konsekvensar av dette utsleppet, så vil vi følgje opp at informasjonen dei gir oss stemmer og er korrekt, seier Skadberg.

– Ikkje fare for personskade

Fabrikkleiinga ved Yara Porsgrunn beklagar det som skjedde. Dei seier at det ikkje var fare for personskade utanfor fabrikkområdet.

– Det blir stadfesta av politiet og av industrivernet her på Herøya industripark. Ingen personar vart skadd eller påverka av dette, seier fabrikksjef Ole-Jacob Siljan.

Ole-Jacob Siljan - fabrikksjef Yara Porsgrunn

Fabrikksjef Ole-Jacob Siljan ved Yara Porsgrunn seier at det ikkje var fare for personskadar utanfor fabrikkområdet.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Fabrikksjefen meiner det kan diskuterast om dei burde gitt innbyggjarane raskare informasjon.

– Når vi har ei sånn hending er det to aspekt som er ekstremt viktige for oss. Det første er å få full kontroll med dei tilsette, så vi har kontroll på at ingen er skadd. Det andre er å sørgje for ei sikker nedstenging av fabrikken. Så fort det er gjort kan vi gå ut og informere.