Hopp til innhold

Fylkeskommunen leigde inn komikar for 130 000 kroner

Fylkesordføraren i Telemark har invitert politikarar og andre samfunnstoppar til ein påkosta jubileumsfest. Dei tilsette i fylkeskommunen må nøye seg med å grille.

Bård Tufte Johansen

LEIGD INN: Bård Tufte Johansen får 130 000 kroner for å vere konferansier i heimfylket.

Foto: Scanpix

142 spesielt inviterte har takka ja til å sitje i salen når Telemark fylkeskommune fredag slår på stortromma. Då brukar dei over 400 000 kroner på å markere at dei har hatt namnet Telemark i 100 år.

Reaksjonane haglar etter at Varden fyrst omtalte at komikar og telemarking Bård Tufte Johansen får 130 000 fylkeskommunale kroner for å vere konferansier denne kvelden.

På scenen i Ibsenhuset i Skien står også Odd Nordstoga og fleire andre artistar frå Telemark.

Odd Nordstoga

Odd Nordstoga er blant artistane som skal spele for 142 gjester i Ibsenhuset fredag.

Foto: NRK

– Blir oppfatta som råflott

Bård Tufte Johansen er flink, men det er nok andre som kunne gjort denne jobben ganske mykje billigare, meiner stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp)

Hoksrud var blant dei inviterte, men han har takka nei. Han har ingen problem med at jubileet blir markert, men seier han meiner fylkesordføraren burde tenkt seg om to gonger under planlegginga.

– Eg forstår at mange reagerer. 130 000 for ein konferansier er veldig drygt. Dette blir oppfatta som råflott, seier Hoksrud.

At festen berre er for politikarane og andre samfunnstoppar får også kritikk.

Hovudtillitsvalt i Fagforbundet Olaug Skau, som representerer mange av dei tilsette i fylkeskommunen, har fått fleire reaksjonar frå sine medlemmer.

– Dei reagerer på det blir arrangert ein fest som skal feire Telemark fylke, men som dei tilsette i fylkeskommunen ikkje får vere ein del av, seier Skau.

I staden for å feire Telemark i Ibsenhuset saman med politikarane, har dei tilsette blitt invitert til ein grillfest på dagtid ein gong før sommaren.

Bård Hoksrud

Bård Hoksrud meiner 130 000 for ein konferansier er i meste laget.

Foto: Marit Langseth

– Ingen er feilfrie

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap) står bak planlegginga av festen og er ansvarleg for bookinga av konferansieren og artistane.

Dei 400 000 kronene som festen kostar var i budsjettet sett av til fylkeskommunale møte til hausten. Men det siste fylkeskommunale møtet for Telemark blei halde denne veka. No står samanslåing med Vestfold fylke for tur.

Løkslid seier meininga med fredagens festkveld er å takke fylkespolitikarane med fylgje, i tillegg til fylkeskommunens viktigaste samarbeidspartnarar, og markere hundreårsjubileet på ein verdig måte.

– Me brukar nokre pengar på denne markeringa for dei folkevalde, der me feirar demokratiet og ein hundreåring. Det står eg oppreist i, seier Løkslid.

Men han seier han er svært lei seg for at nokon oppfattar det som at politikarane «burar seg inne».

– Det var ikkje intensjonen at dei tilsette skulle kjenne seg ekskludert, seier han.

Løkslid understrekar at det vil bli fleire markeringar der også tilsette og innbyggjarar vil kunne ta del i feiringa, men at dette ikkje er planlagt i detalj enno.

– Dersom du skulle planlagt festen på nytt i dag, hadde du gjort dei same vala då?

– Det er alltid slik at ein lærer undervegs, og ingen er feilfrie. Det er godt mogleg eg hadde gjort det på ein annan måte, seier Løkslid.

Fylkesordfører Sven Tore Løkslid

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap) brukar siste rest av møtepengane i Telemark fylke på ein festkveld for dei folkevalde.

Foto: Anne Lognvik / NRK