Hopp til innhold

Treng 40 millionar til brannsikring, men får berre halvparten

Fylka i Noreg har fått augne opp for å sikre trebygg etter mange brannar dei siste åra. Men det er langt frå pengar til alle som søkar.

Bildet viser utstillingsdukene som står igjen etter brannen i Kragerø.

KRAGERØ: Brannen i Kragerø gjorde store skadar på trehus i sentrum. Her står berre utstillingsdukkene igjen etter brannen i februar 2023.

Foto: Robert Hansen / NRK

Noreg har over 200 verdifulle trehusmiljø spreidd over heile landet. Og i 2024 har brannsikringssøknadene til Riksantikvaren auka kraftig.

I fjor var det fleire dramatiske brannar i område med tett trehusbusetnad, som i Kragerø, Levanger, Farsund, Stavanger og Bergen.

Les også Kragerø-brann: Verneverdige hus fra 1800-tallet gikk tapt

Gravemaskin river brannskadd hus i kragerø

Merksemda rundt brann det siste året kan forklare kvifor det er sett rekord i søknadsbeløp – med heile 39,2 millionar frå fylka, til Riksantikvaren.

– Det er store kulturhistoriske verdiar som går tapt når kulturminne brenn, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding.

Men pengepotten som går til brannsikring for 2024 er «berre» på 19 millionar. Det sjølv om Riksantikvaren meiner brannsikkerheita er veldig varierande i gamle, tette trehusmiljø i Noreg.

I Telemark var det berre to søknader:

  • Notodden kommune søkte om midlar til ein brannsikringsplan for Grønnbyen – eit område med verneverdig og tett trehusbusetnad.
  • Ein privatperson i Kragerø, som bur i eit område med verneverdige hus.

Antikvar hos Kulturarv i Telemark fylkeskommune, Gunhild Randen, seier det ennå ikkje er avgjort om dei får pengar.

Bildet fra brannområdet i Kragerø

Bildet frå brannområdet i Kragerø.

Foto: Robert Hansen / NRK

– Fleire burde ha søkt

Det er hovudsakleg kommunen som saman har ansvaret for brannsikkerheita i tett trebusetnad, ifølge Riksantikvaren.

Hos Kulturarv meiner dei fleire kommunar burde ha søkt om midlar.

– Det er sju kommunar i Telemark som har tettbygd verneverdig trehusbusetnad. Og fleire av kommunane har meir enn eitt område, så det er mange som kunne ha søkt, seier Gunnhild Randen.

– Men er det eit behov for å oppgradere planane i desse kommunane?

– Ja. Det er fleire av kommunane som akkurat har starta opp med brannsikringsplanar og det er nokre kommunar som allereie har, men som har gamle planar. Så det er eit behov for nye planar og rullering av gamle planar, svarer ho.

I Skien, Porsgrunn og Bamble er dei i gang med å skaffe seg gode nok planar for brannsikkerheita i område med trehus, ifølge henne.

Les også – Dette har vel hele Kragerø fryktet i alle år

Stein Lundgren med bygningene som brant i Kragerø sentrum i bakgrunnen.

– Ingen hus å miste

Riksantikvaren trekker samtidig fram at mange kommunar har jobba seriøst med brannsikringa, som verdsarvstaden Røros, og byar med store trehusmiljø som Risør, Kongsvinger og Fredrikstad.

I fjor fekk blant anna stader som det freda kulturmiljøet Sogndalsstrand i Rogaland og fiskevêret Langholmen i Aure, Møre- og Romsdal tilskot til brannsikringsplanar.

– Vi har ingen kulturminne å miste. Noreg er i stor grad bygd i tre, og brannsikring av dei verdifulle trehusmiljøa våre er viktig både lokalt og nasjonalt, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

I Telemark meiner antikvaren at det er bra å søke, sjølv om ein ikkje trur ein får midlar.

– Viss ein ikkje søker, får ein heller ikkje midlar. Og er det mange søkarar, er det eit signal om at det er eit stort behov, seier Randen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog