– Skal me ha Elbilar, vindmøller og anna miljøteknologi, så er me heilt avhengige av desse metalla, seier regiongeolog, Sven Dahlgren.
Han peiker på at det er Kina som sit på desse metalla i dag, men at desse prøvene er eit teikn på at Noreg kan ta sin del av marknaden.
Sidan november har dei teke boreprøver av feltet i Nome. No har dei nådd målet på ein kilometers djup.
– Me har den rette bergarten heile vegen ned, og me ser også dei sjeldne metalla fleire stader.
Analysen registrerer førebels berre at det finst metall i prøvene. Kor stor mengde metall som finst inne i sjølve bergkjernane vert klårare etter at prøvene har vore på laboratorium.
– Det er viktig å understreke at dette ei enkelt prøve, og at det er mykje jobb igjen før ein kan byrje å vinne ut metall, seier Dahlgren.
Dahlgren kastar no ballen til industrien, som han meiner må tørre å satse på det enorme potensialet som ligg i Fensfeltet.
– Hadde eg vore industrien, så hadde eg køyrd på. Dette kan vere skattekista til Europa, seier Dahlgren.
Større enn Hydro
Stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Bård Hoksrud, gler seg over nyheita. Han er einig med Dahlgren i at industrien no må vakne.
– Eg har opplevd at industrien har vore litt nølande, og eg håper at desse prøvene kan vere med å snu det, seier Hoksrud.
Sjølv om utvinninga vil vere både dyr og tidkrevjande, meiner han industrien kan tene stort på dette.
– Dette kan syne seg å verte større enn Hydro, og me veit jo alle saman kor revolusjonerande den industrien var for Noreg, seier Hoksrud.
Etisk ansvar
Terje Aasland, som sit i næringskomiteen på Stortinget for Arbeidarpartiet gler seg også over dei positive prøvene.
Han peiker på at Noreg, og resten av Europa har eit ansvar for å vinne ut slike metall sjølv, i staden for å kjøpe dei frå Kina.
– Me har eit stort forbruk av slike metall i vesten. Da er det viktig at me kan produsere det sjølv, slik at me ikkje må støtte opp under ein industri med svekka rettar for arbeidarane.