I eit brev spør norske skular og barnehagar om samtykke frå dei føresette til å utlevere jodtablettar til borna «dersom ei hending oppstår på dagtid».
– Årsaker til ei hending kan vere utslepp frå eit av Europas kjernekraftverk eller utslepp frå reaktordrivne fartøy langs norskekysten, heiter det i brevet.
Bakgrunnen er krigen i Ukraina og at det for første gang i historia er pågåande kampar i eit område med operative kjernekraftverk.
NRK presiserer: Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) har anbefalt jodtablettar som eit atomberedskapstiltak i skulane sidan 2017. Helsedirektoratet har så langt distribuert 2,2 millionar jodtablettar til kommunar som har bestilt dette.
SØR-ØST: Den gule sirkelen viser hvor atomkraftverket Zaporizhzhia ligger.
SØR-ØST: Den gule sirkelen viser hvor atomkraftverket Zaporizhzhia ligger.
Kvapp då ho fekk brevet
– Eg kvapp litt. For det blir veldig nært og enda meir verkeleg når du får det i hendene på den måten, seier Ine Lillebø i Stad kommune.
Ho jobbar i barnehage og har to små døtrer.
– Men det er trygt å vite at dei har tablettar tilgjengeleg, legg ho til.
Onsdag meldte det nedlagde atomkraftverket Tsjernobyl at det er råka av eit straumbrot, og at dette skaper auka risiko for radioaktiv stråling.
Same dag meldte Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) at situasjonen ved det tidlegare atomkraftverket i Tsjernobyl var «blitt forverra etter at Russland tok det».
Andre har forsøkt å tone ned dramatikken.
– Reaktoren skal tole ein flystyrt, seier Svein Nøvik, som pensjonert kjernekjemikar ved den nedlagde atomreaktoren i Halden.
KVAPP TIL: – Det blir veldig nært og enda meir verkeleg når du får det i hendene på den måten, seier Ine Lillebø, som har to små born.
Foto: Benedikte Grov / NRK– Aukar den subjektive utrygga
Professor i filosofi, Lars Svendsen, seier til NRK at «risikoen for at norske barnehagebarn skal utsettast for farlege nivå av stråling på grunn av krigen, må seiast å vere svært, svært liten».
– Slik sett er dette eit tiltak som ber preg av at ein vil vise at ein gjer noko.
Han legg til:
– Det kan vere at ein tenkjer seg at ein vil auke den subjektive tryggleiken i befolkninga gjennom slike tiltak, men resultatet er nok heller det motsette fordi det skaper inntrykk av at dette er ein aktuell risiko.
Filosofkollega Einar Duenger Bøhn seier til NRK at «ressursane bak ein beredskapsplan bør stå i forhold til sannsynet for at han trengst å takast i bruk.»
– Både for mykje og for lite ressursbruk kan skape frykt. Den sunne balansen er det som trengst. I dette konkrete tilfellet er det kanskje noko vi bør ha ein plan for, men ikkje snakke så mykje om, spesielt ikkje med barna. Dei har ikkje bruk for den kunnskapen før dei må.
Ole Martin Moen er filosof og professor ved Oslomet.
– Eg stiller spørsmål ved nødvendigheita av å dele ut jodtablettar til barnehagebarn. Det er i utgangspunktet liten grunn til at barn i den alderen skal trenge å tenkje på denne typen tema, seier han.
Psykolog Peder Kjøs, på si side, meiner brevet er «fornuftig».
– Omsynet til ubehaget må ikkje få oss til å sjå bort frå reell fare. Vi bekymrar oss med god grunn, og då er den beste meistringa å skaffe seg kvalitetssikra informasjon og gjere adekvate tiltak, ikkje å sjå ein annan veg, seier han.
I førre veke byrja det å brenne i kjernekraftverket Zaporizjzja i den ukrainske byen Enerhodar. Ukraina har i tillegg tre andre atomkraftverk.
Statsminister Jonas Gahr Støre sa til NRK at «det er på linje med galskap å angripa på denne måten».
– Ein veldig alvorleg situasjon
Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) har laga ei nettside med vurderingar knytt til mogelege hendingar med atomkraftverk i Ukraina.
– Dette er ein veldig alvorleg situasjon, sa beredskapsdirektør Astrid Liland til NRK 4. mars.
Ho la til at det ikkje er noko umiddelbar fare for at Noreg skal vert ramma av ein eventuell eksplosjon.
– Vi er i tett dialog med Meteorologisk institutt. Akkurat no bles det rett austover. Så det er ikkje slik om det skjer eit utslepp at Noreg blir råka.
Trusselbildet i Noreg er ikkje endra på grunn av krigen i Ukraina.
Noregs atomberedskap er bygd opp rundt kriseutvalet for atomberedskap.
Medlemmer i utvalet er Statsforvaltaren, Helsedirektoratet, Politidirektoratet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Mattilsynet, Forsvaret, Kystverket og Utanriksdepartementet.