Hopp til innhold

Fotballens koronavettkurs skal motivere elevar

Over 90.000 fotballspelarar over heile landet har allereie tatt koronavettkurset frå Norsk fotballforbund. No er kurset tilpassa skulen, og rullast ut til elevar.

Koronakurs i klasserom
Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Tidspunktet er veldig bra. No begynner elevane å bli litt leie, så vi trenger ny motivasjon.

Det har vore mange lange månader med korona.

Kontaktlærar ved Grønli skule i Porsgrunn, Morten Knudsen, trur det nye kurset kan bidra til å halde elevanes motivasjon oppe til å halde fram med godt smittevern.

Morten Knudsen

NØGD: Kontaktlærar, Morten Knudsen.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Viktig i lang tid framover

Eit av hovudmåla med kurset er nettopp at smittevern skal takast på alvor, også når det er lite smitte i samfunnet.

Direktør for utvikling og aktivitet i NFF, Alf Hansen, seier det har vore viktig å skape medvit i fotballklubbane rundt å halde fram med å vere nøye med smittevern i lang tid framover.

Alf Hansen, direktør for anlegg og aktivitet i NFF

Direktør for utvikling og aktivitet i NFF, Alf Hansen.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Han er glad for at kurset no kan brukast av enda fleire.

– Erfaringa frå klubbane er at det blir veldig gode undervisningssekvensar av det.

Læraren i Porsgrunn er einig med Hansen.

Sjølv om han har snakka mykje med elevane om smittevern, har skulen ikkje hatt noko konkret opplegg fram til no.

– Vi har mangla ein god bakgrunn som vi får no med dette kurset.

Godt nøgde

Det nytilpassa opplegget kan no brukast fritt av skular landet rundt.

Sjette trinn ved Grønli skule var fyrste skule ut.

Milly Kalbekken-Nilsen

Milly Kalbekken Nilsen var nøgd med koronavettkurset som er blitt tilpassa frå idretten til skuleelevar.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Med verkemiddel som quiz var det lett å lære, og vil bli lettare å hugse, synest Milly Kalbekken Nilsen i 6B.

Eg trur det hjelper på at ein blir meir nøye på det ein gjer, og prøvar å halde seg litt meir heime. Og ikkje klemmer så mange.