Hopp til innhold

Fann levande larve i brødet

Det kan hende at ein finn eit insekt i maten. Sjølv om det kan vere ekkelt, utgjer det inga helsefare av betydning, seier Mattilsynet.

Larve på brødskiva
Foto: Julie Marie Digranes Bøen

– «Æsj!», ropar Julie Marie Digranes Bøen.

Då familien Bøen frå Bø i Telemark hadde ete frukost, skulle dottera Julie smørje seg ei niste. Men på brødskiva såg ho noko uvanleg og spurde mor si kva det var.

Det viste seg å vere ein levande larve.

Julie Marie Digranes Bøen og Rune Digranes Bøen

BLIR NOK HEIMEBAKST FRAMOVER: Julie Marie Digranes Bøen og Rune Digranes Bøen.

Foto: Marta Kjøllesdal

– Det var veldig rart og ekkelt, seier Julie.

Rune Bøen og kona hadde allereie ete nokre brødskiver før larva vart oppdaga.

– Kona hadde smurt seg niste, men den såg eg låg i søpla då eg kom heim att, fortel Bøen.

Forstår at folk synest det er ekkelt

Det hamnar insekt i maten innimellom, men Anne Sverdrup-Thygeson, professor i bevaringsbiologi ved Noregs miljø- og biovitenskapelege universitet, seier det er vanskeleg å vite nøyaktige tal på kor mykje insekt me får i oss i løpet av eit år.

Men legg til at ho trur det er veldig lite her i Noreg.

– Det er ingen grunn til å vere engsteleg viss ein har fått i seg ei larve frå ei brødskive.

Sverdrup-Thygeson fortel at ho har full forståing for at folk synest det er ekkelt å finne insekt i maten når ein ikkje forventar det, men legg til at det i utgangspunktet ikkje er noko farleg.

Samstundes seier Sverdrup-Thygeson at det kan vere greitt å hugse på at insekt er ein viktig del av mangfaldet på kloden.

– I mange andre delar av verda er jo faktisk insekt ein viktig og stor del av kosthaldet.

Catherine Svindland, seniorrådgivar i Mattilsynet, seier at regelverket krev at bakeri skal vurdere skadedyr og insekt som ei fare, og lage tiltak for å redusere den til eit akseptabelt nivå.

Catherine Signe Svindland

MATTILSYNET: Catherine Svindland, seniorrådgivar, seksjon hygiene og drikkevatn.

Foto: Mattilsynet

Sjølv om ein oppfyller alle krava, er det ikkje slik at det aldri vil kunne kome eit insekt i eit brød.

Finn ein insekt i brød vil ikkje det utgjere noko helsefare av betydning, sjølv om det er ei ubehageleg oppleving, fortel Svindland.

– Det skal ikkje skje

Det var frå det oppkutta brødet frå Mesterbakeren at larven vart funnen. Kvalitetsdirektør i Mesterbakeren, Per-Ole Arneberg seier han ikkje har opplevd dette før.

– Det er frykteleg trist og det skal ikkje skje.

Etter at dette vart kjent har Mesterbakeren teke ein gjennomgang på bakeriet. Då kom dei fram til at det kan vere ein maskindel som har stått ubrukt i romjola. Der har det truleg samla seg smular som har ført til at larven har kome.

No har dei intensivert daglege rutinar og kontroll på at alt er tilstrekkeleg, fortel Arneberg.

– Me er frykteleg lei oss for at dette har skjedd.

Blir ikkje kjøpebrød med det fyrste

Bøen fortel at han har hatt god dialog med Mesterbakeren og at han er veldig glad i brødet frå Mesterbakeren, men at det blir ei stund til neste gang.

– Julie er veldig flink til å bake, så eg tenker nok at ho hiv seg rundt og bakar litt framover.

Dottera Julie er einig og legg til:

– Me kjem nok til å sjekke brødskivene meir, før me et dei.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark