Hopp til innhold

Nokon laga falske nakenbilete av «Marie» (14): – Eit intenst stress

Kunstig intelligens har gjort det enkelt å lage falske nakenbilete av folk. Politiet har den siste tida fått inn fleire saker som omhandlar barn og unge.

Marie

ANONYM: 14-åringen NRK har intervjua heiter eigentleg ikkje Marie, men ho ønsker å vere anonym i denne saka. NRK kjenner identiteten hennar, og har fått bekrefta historia ho fortel.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Ein kveld da Marie stod på kjøkkenet i huset sitt, byrja det å plinge i telefonen hennar.

Det hadde spreidd seg eit bilete av 14-åringen på sosiale medium.

Fleire medelevar lurte på om bilete var av Marie.

– På det bilete er eg heilt naken, seier Marie.

marie

Det tikka inn mange meldingar da det falske bilete blei publisert av Marie.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Bilete som viser 14-åringen naken er teke av ei venninne. Men i det opphavlege bilete er Marie fullt påkledd. Marie og familien varslar politiet.

– Det blir eit intenst stress, og eg fekk litt panikk, seier Marie.

KI-genererte bilete

Den siste tida har talet på meldte saker som omhandlar falske nakenbilete auka betrakteleg. Nesten alle politidistrikta melder om ein auke i slike saker.

Fleire av sakene omhandlar barn og unge i skulealder.

Politiet ser at auken skuldast nye appar som kan avkle bilete med eit tastetrykk ved hjelp av kunstig intelligens.

Dette bilete er avkledd med ein slik teneste:

KI-generert kvinne med logo

For å illustrere tenesta har NRK først laga eit bilete med kunstig intelligens av eit menneske som ikkje eksisterer. Dette biletet er så lasta opp i ei av tenestene som genererer nakenbilde med kunstig intelligens av påkledde menneske.

Det er denne teknologien som er bruka til å kle av Marie.

– Sjølv om eg visste at det biletet var falskt, så veit ikkje dei som får biletet det. Fordi den nettsida klarer jo å redigere det utruleg realistisk, til å sjå ut som du står naken.

Politiet fryktar omfanget av falske nakenbilete berre vil auke. Dei mistenker også store mørketal.

Me ser at dette er ei aukande utfordring. Dette var totalt ukjent for berre to år sidan, seier fagansvarleg for nettpatruljen i Sør-Aust politidistrikt Mads Holmern.

Mads Holmern

Mads Holmern i nettpatruljen i Sør-Aust politidistrikt.

Foto: Politiets nettpatrulje

Avkledingsappar

Dei første avkledingsappane har vore på marknaden ei stund. Ein har allereie sett problemstillinga oppstå i andre land, og fleire kjendisar har opplevd at nokon genererer falske nakenbilete av dei.

Appane gjer det veldig enkelt å lage eit nakenbilete.

NRK har testa nokre av desse tenestene. Me genererte først eit bilete av ei kvinne i Adobe Firefly. Så køyrde me bilete inn i avkledingsappen.

KI-generert kvinne med logo

For å illustrere tenesta har NRK først laga eit bilete med kunstig intelligens av eit menneske som ikkje eksisterer. Dette biletet er så lasta opp i ei av tenestene som genererer nakenbilde med kunstig intelligens av påkledde menneske.

KI-generert mann med logo

For å illustrere tenesta har NRK først laga eit bilete med kunstig intelligens av eit menneske som ikkje eksisterer. Dette biletet er så lasta opp i ei av tenestene som genererer nakenbilde med kunstig intelligens av påkledde menneske.

– Digitalt overgrep

Spesialist i sexologisk rådgjeving ved Sjukehuset Telemark Beate Alstad er ikkje overraska over at barn og unge blir utsette for KI-genererte nakenbilete.

Sexolog ved sjukehuset Telemark, Beate Alstad

– Det er eit digitalt overgrep, og eg tenker det er viktig at me kallar det for kva det er. Det er eit overgrep.

Beate Alstad

Ho legg til at deling av nakenbilete er vanleg blant barn og unge. Mange blir også sterkt prega av at nakenbilete kjem på avvege.

– Me ser tilbaketrekning, isolasjon og vanskar på skule med tanke på minne og konsentrasjon, seier Alstad.

For 14 år gamle Marie har den verste stormen lagt seg, men ho kjenner framleis på ei uro.

Eg veit jo ikkje kven som har biletet. Det kan vere folk eg ikkje ein gong veit kven er, på andre skular som har biletet, seier Marie.

Marie

Marie håpar det falske nakenbilete aldri dukkar opp igjen. No har ho det ekte bilete på telefonen sin, slik at ho kan motbevise folk som viser ho nakenbilete.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Stor risiko

Politiet understrekar at dei som lagar falske nakenbilete tek ein stor risiko. Viss vedkommande på bilete er under 18 år kan det definerast som overgrepsmateriale.

– Det å framstille eit nakenbilde, sjølv om dette er framstilt, vil jo stå fram som den personen, og da vil det da vere innanfor det regelverket, seier politibetjent i nettpatruljen i Sør-Aust politidistrikt Håvard Listaul.

Sexolog Alstad meiner opplæringa av barn og unge, knytt til tema som dette, må starte tidlegare.

– Me må byrje tidleg, for barn ned i sjuårsalderen sender nakenbilete, seier Alstad.

Marie

Marie håpar folk no tek innover seg kor enkelt det er å lage falske nakenbilete.

Foto: Martin Torstveit / NRK