Hopp til innhold

Fleire drepne i trafikken i fjor: – Håper ingen andre får oppleve det vi har gjort

Laila Karlsen Taraldlien mista sonen Henrik i ei trafikkulykke i Tokke. Nå brukar ho sin stemme til å førebygge.

Laila Karlsen Taraldlien mista sonen i trafikkulykke

Laila Karlsen Taraldlien mista sonen Henrik i ei trafikkulykke i Tokke den 31. oktober 2020.

Foto: Veronica Westhrin / NRK

Tre kameratar på fest. Med alkohol i blodet sette dei seg i ein bil, køyrde av garde og krasja i eit tre.

21-åringen Henrik døydde i baksetet. Kameratane vart seinare dømde for aktlaust drap.

Henrik Taraldlien mistet livet i ei trafikkulykke.

Henrik Taraldlien døde i ei trafikkulykke i Tokke

Foto: Privat

Det har gått litt over to år sidan ho mista sonen.

Søndag var Lise Karlsen Taraldlien til stades på markeringa «Lys til ettertanke», til minne om dei som omkom i trafikken i fjor.

– Det er tungt og vanskeleg å tenke på at han sette seg i ein bil med ein sjåfør som ikkje var edru. Men eg vil bruke stemma mi til å førebygge, slik at ingen andre får oppleve det vi har gjort.

Les også To unge menn dømt etter at bestekompisen døde

En 21 år gammel mann omkom i ulykken i Tokke

Tente lys for trafikkoffer

I alt 118 personar mista livet på norske vegar i fjor. Det er 38 fleire enn året før, ifølgje førebelse tal frå Statens vegvesen.

Eit lys vart tent for å minnast kvar av dei 118 som mista livet. Lysa vart sett ut langs ein mørklagt E18.

Lys til ettertanke ved Skjee kirke i Stokke

Skjee kyrkje vil lyse og minne om dei som mista livet på vegane i Vestfold og Telemark i 2022.

Foto: Håkon Lie / NRK

Det er 29. gong markeringa blir halden.

Farten vart sett ned frå 110 til 30km/t for gi rom for ettertanke og minne om at ikkje alle er så heldige at dei kjem fram til sine kjære.

– Det var eit veldig trist og krevjande år for alle som jobba med trafikk og trafikktryggleik, sa vegdirektør Ingrid Dahl Hovland i talen sin.

Sorga kan vere tung

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) gjekk i spissen for fakkeltoget til Skjee kyrkje i Stokke.

– Bak statistikken sit det igjen menneske som har opplevd ufatteleg tap, sa Mehl.

Lys til ettertanke markering med justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (SP).

Lys til ettertanke blei arrangert for 29. gongen. For mange er arrangementet blitt eit samlingspunkt for pårørande som har mista sine kjære i trafikken.

Foto: Veronica Westhrin / NRK

Sorga kan vere så tung at ho kjennest umogleg å bere, men det kan vere ei trøyst å støtte seg til kvarandre når det er vondast, sa ho.

Ho viste til at det er mange årsaker til trafikkulykker, og at det nokre gonger skjer ting vi ikkje rår over. Men ho peika også på kva som kan redusere risikoen, som rus, høg fart og aktløyse.

– Vi må alle gjere det vi kan for at den neste køyreturen skal bli trygg. Både for vår eigen del og for dei rundt oss som vi er så glade i, sa justisministeren.

Eit samlingspunkt for likesinna

Pårørande kjem til markeringa år etter år, fortel Tor Egil Syvertsen, som er rådgivar i Trygg Trafikk.

– Dei har fått eit samlingspunkt og kan snakke med likesinna som har opplevd å miste nokon i trafikken.

Mor til 21 år gamle Henrik Taraldlien erkjenner at ho ikkje får gjort noko med ulykka i 2020. Men det hjelper henne å bruke erfaringa.

– Det betyr utruleg mykje for meg å delta på eit slikt arrangement som dette, og få dele mine erfaringar og møte andre pårørande som har opplevd det same.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Stortingets spørretime

Massetransport av lik: Krever internasjonal standard for gravferdsskikk

Bilferie

Én av fire har hatt biltrøbbel på ferie – dette må du huske før du drar