Hopp til innhold

Han har rolla som Gunnar Sønsteby i den nye storfilmen

For fyrste gong blir det laga spelefilm om Noregs høgaste dekorerte krigshelt, Gunnar Sønsteby. – Det var eit stort augeblikk, seier Erik Hivju om då han fekk spørsmål om å spele den eldre Sønsteby i filmen.

Erik Hivju i rolla som den eldre Gunnar Sønsteby.

RØRT: Erik Hivju, som spelar den eldre Gunnar Sønsteby, vart rørt då han las manuset til filmen.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Han sov med ein handgranat under puta og ein koffert full av sprengstoff.

Motstandsmannen Gunnar Sønsteby var Gestapos mest ettersøkte person, men han greidde å unngå tyskarane i løpet av krigens år.

Video Nekrolog av Gunnar Sønsteby

Gunnar Sønsteby blei fødd på Rjukan i 1918 og døydde i Oslo i 2012.

Foto: Nyhetsspiller

«Nr. 24»

Filmen fylgjer Sønsteby frå han melder seg frivillig til motstandsarbeid etter det tyske angrepet på Noreg 9. april 1940, til han seinare blir rekruttert til illegalt arbeid av Max Manus.

Filmen, som har fått namnet «Nr. 24», etter eitt av dekknamna til Sønsteby, blir å sjå på norske lerret til hausten.

Filmen har kinopremiere den 30. oktober.

Rørt

Skodespelar Erik Hivju synest det var eit stort augeblikk då han blei spurt om å spele den eldre Gunnar Sønsteby.

Han vart også rørt då han las manuset til filmen.

– Eg er veldig glad i krigshistorie og krigsfilmar. Det har fylgt meg heile livet, av ein eller annan grunn. Men denne filmen er litt annleis, for den handlar om eit verkeleg menneske.

Erik Hivju som Gunnar Sønsteby.

Erik Hivju som den eldre Gunnar Sønsteby i maskinhallen på Vemork.

Foto: Lars Tore Endresen

Hivju bestemte seg raskt for å skape sin versjon av Sønsteby.

– Eg kan ikkje vere han. Eg må oppleve han gjennom meg.

Hivju meiner filmen går til den noverande generasjonen, og håpar at dei unge kjem til å sjå den.

– Eg håpar at den treff dei, og viser ikkje berre håp, men og krigens brutalitet.

Frå Rådebank til krigshelt

Sjur Vatne Brean, kanskje mest kjend frå NRK-serien «Rådebank», spelar den yngre Sønsteby i filmen.

Fra filminspillingen av Nr. 24 på Rjukan

Sjur Vatne Brean som den yngre Gunnar Sønsteby under innspeling på Rjukan kino.

Foto: Lars Tore Endresen / Lars Tore Endresen

– Det er veldig stas, og veldig skummelt. Det er ein person mange har eit sterkt forhold til.

Under innspelinga på Rjukan og Vemork, har han fått høyre at han er svært lik mannen han spelar.

– Det er veldig hyggeleg, men så får me sjå kva slags versjon me gjer. Me skal jo lage vår tolking og vår historie om Gunnar.

– Eit godt menneske

Historikar Petter Ringen Johannessen var Sønstebys personlege assistent i 12 år.

Han bidrar i produksjonen med personkunnskap i tillegg til det historiske.

Fra filminspillingen av Nr. 24 på Rjukan

Erik Hivju, Cato Skimten Storengen (som spelar Petter Ringen Johannessen) og Petter Ringen Johannessen.

Foto: Lars Tore Endresen / Lars Tore Endresen

– Gunnar var ein spesiell person, både i kraft av den historiske personen han var, men også i kraft av den personen han var. Han var eit godt menneske, med eit brennande engasjement for det han kalla saka, arven frå krigens dagar. At det her aldri må skje igjen.

Johannessen synest Hivju klarar rolla som den godt vaksne Sønsteby veldig godt.

– Han har på ein måte Gunnar innabords, i kroppen og kroppsspråket. Han klarar å uttrykke det på ein måte eg er veldig fornøgd med.

Fra filminspillingen av Nr. 24 på Rjukan
Foto: Lars Tore Endresen / Lars Tore Endresen

– Kan ikkje sjå det for oss

Delar av innspelinga går føre seg på Rjukan, heimbyen til Sønsteby.

Han var æreselev ved Rjukan vidaregåande skule, og elevar frå skulen er med som statistar i filmen.

Fra filminspillingen av Nr. 24 på Rjukan, Vemork

Lokalbefolkninga stiller som statistar når dei siste opptaka av filmen blir spela inn.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Ein føler på ein måte at ein er ein del av det, sidan han også gjekk på same skulen som me går på, seier Monica Havn.

Andrea Braathen har høyrt frå besteforeldre at det var spesielt å vere ungdom på Rjukan under krigen.

– Eg trur ikkje me kan sjå for oss korleis det var å vera dei på den tida, seier ho.

Fra filminspillingen av Nr. 24 på Rjukan

Monica Havn og Andrea Braathen frå Rjukan vidaregåande skule synest det er spennande å vere med på filminnspeling om Sønsteby, som var æreselev ved skulen deira.

Foto: Lars Tore Endresen / Lars Tore Endresen

Spionthriller

Produsent for filmen, Espen Horn, vil kalle filmen ein spionthriller med andre verdskrig som bakteppe.

Fra filminspillingen av Nr. 24 på Rjukan

Produsent Espen Horn kallar filmen ein spionthriller.

Foto: Lars Tore Endresen / Lars Tore Endresen

Me ynskjer å formidle denne utrulege mannen, som sov med handgranat under hovudputa og som greidde å unngå tyskarane i løpet av krigens fem år.

Horn meiner det er behov for fleire krigsfilmar, trass i at det har blitt spela inn mange tidlegare. Han viser til at kvar femte amerikanske ungdom trur holocaust er ein myte, og at ungdom i fleire europeiske land skuldar jødane for å bruke holocaust til sin fordel.

– Ja, me treng fleire historier frå andre verdskrig, avsluttar han.