Hopp til innhold

Ein omkom i brann i Tønsberg

Ein person er funnen omkommen etter brann i eit hus med tre leilegheiter på Sem i Tønsberg.

Video dødsbrann Sem

Video dødsbrann Sem

Den omkomne vart funnen av røykdykkarane til brannvesenet som søkte gjennom huset, stadfestar operasjonsleiaren i politiet, Øyvind Hammervold.

Pårørande er varsla.

– Det var full fyr då vi kom fram. Flammane sto ut av vindauga, seier innsatsleiar Tor-Atle Jakobsen i Vestfold interkommunale brannvesen.

Huset som brann, ligg mellom Sem og Tønsberg og har tre leilegheiter.

Den omkomne budde åleine. Ei leilegheit stod tom, og frå den tredje bustadeininga er to personar evakuerte, opplyser Hammervold til NRK.

Det er berre mindre skader på dei to andre leilegheitene i bygget.

Brannfolk Semslinna Tønsberg
Foto: John-Andr\e Samuelsen, NRK

Meldinga om brannen kom klokka 3.56.

Det er uklart korleis og kvar brannen starta, og kva som er brannårsaka. Krimteknikarar frå politiet skal starte undersøkingane seinare i dag.

Laster Twitter-innhold