Hopp til innhold

Dømt for fyllekøyring med båt – hadde 1,4 i promille

Alkoholpåverka 51-åring la sjølv båten inntil politibåten, men nektar for å ha køyrt båten i fylla.

politibåten

STOPPA UTANFOR TØNSBERG: Patruljen om bord i politibåten stoppa 51-åringen i Husøysund natt til 23. juli i fjor.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK

Mannen var i eit følge på fem som kom båtvegen til Tønsberg for å ete på restaurant ein laurdagskveld i juli i fjor.

Da gjengen skulle heim, var 51-åringen for full til å køyre båten sin. Derfor blei ein av kameratane valde til å køyre båten.

Ifølge mannen var vedkommande svært båtvant, men ukjent med båten han skulle køyre.

Den tiltalte forklarte i retten at han tok ansvaret for å legge frå brygga og at han køyrde båten i ti meter før kameraten overtok.

Meiner promilletesten var feil

Då båten hadde komme til Træla i Husøysund, blei han observert av båtpatruljen til politiet som signaliserte at han skulle stoppe.

51-åringen sa i retten at han hjelpte båtføraren med å legge til ved sida av politibåten.

Ein promilletest viste at båteigaren hadde ein promille på 1,4, noko han seinare fekk eit førelegg for.

Saka hamna i retten fordi mannen nekta å godta førelegget.

Les også Promille på sjøen gir ulik straff – nå skal Høyesterett se på saken

promillekontroll båt

Mannen meiner at målinga viste ein høgare promille enn vanleg fordi han går på spesielle medisinar. Han er også ueinig i at framferda hans ikkje kan karakteriserast som å «føre» båten.

Ingen tvil om kven som køyrde båten

Retten har likevel valt å tru på politipatruljen som forklarte at det var den 51 år gamle båteigaren som køyrde båten.

Dei to polititenestemennene forklarte i retten at dei var heilt sikre på at det var den tiltalte som førte båten.

Begge sa at dei alltid observerer nøye kven som er båtførar før dei stansar ein båt.

Årsaka er at det ofte er slik at båtførar ikkje vil vedstå seg å ha vore båtførar dersom prøver viser at vedkommande var alkoholpåverka.

Manglande respekt

Å føre båt med så høg promille representerer eit svært stort skadepotensial både for dei om bord og for andre sjøfarande, står det i dommen.

I dette tilfellet var det minst 5 personar om bord. Allmennpreventive omsyn tilseier ei relativt streng straff, skriv dommaren.

Les også Halvparten av de som omkom hadde promille

Båt og alkohol

51-åringen blei også dømt for fyllekøyring til lands i fjor. Det skjedde etter at han blei tatt med promille i ei gravemaskin.

Etter oppfatninga til retten viser dette at den tiltalte har manglande respekt for forbod mot å føre motoriserte framkomstmiddel når ein er alkoholpåverka.

Mannen har i tillegg til ei bot på 10.000 kroner også fått forbod mot å føre motorbåtar som krev båtførarbevis i eitt år.