Hopp til innhold

Tragisk ulykke har rokka ved fyllekøyringskultur i bygda: – Heilt slutt

Synet på fyllekøyring er endra i ungdomsmiljøet, etter at ein 21-åring mista livet i ei trafikkulykke. Denne veka sit to av hans beste venner på tiltalebenken.

En 21 år gammel mann omkom i ulykken i Tokke

ENDA FATALT: Ein 21-åring mista livet i ulykka. To av kompisane hans er tiltalt for for aktlaust å ha forvoldt ein annens død.

Foto: Helge Reinholt

Det starta som ein hyggjeleg vennekveld, med fleire kjentfolk på besøk.

Først åt dei taco til middag, før det seinare kom øl og brennevin på bordet.

Dei tre kompisane vart fulle, og bestemde seg for å køyre på tur med ein gammal minibuss som stod parkert på eigedommen. Ein «festbil» kompisgjengen hadde kjøpt saman.

Det skulle vise seg å bli ei skjebnesvanger avgjerd.

Bilen enda på taket etter berre nokre hundre meter, og Henrik Taraldlien (21) vart drepen i ulykka som skjedde i Tokke natt til laurdag 31. oktober 2020.

– Hugsar lite

Denne veka sit dei to mennene som var med i bilen natta for halvtanna år sidan, i Telemark tingrett. Begge er tiltalte for aktlaust å ha forvoldt ein annens død, etter at kameraten deira døydde.

Dei to er 23 og 25 år gamle.

Da rettssaka starta måndag, erklærte begge seg uskyldige på alle punkt, etter råd frå eigne advokatar. Dette fordi begge seier at dei ikkje hugsar kva som skjedde. Heller ikkje kven som sat bak rattet.

Dette blei derimot endra tysdag, da den 25 år gamle mannen erkjente straffskyld.

I ein tilleggsforklaring avgitt i Telemark tingrett tysdag ettermiddag, seier den eldste av de to tiltalte at det må vere ham som køyrde bilen ulykkesnatta 31. oktober 2020, melder avisa Varden.

Alle dei involverte hadde promille då ulykka skjedde.

Dei pårørande har ikkje fokus på straff, men at ulykka kan verke preventivt, seier Wenche Merethe Kåsa.

Ho er bistandsadvokat for familien til avdøde.

Wenche Merethe Kåsa

Wenche Merethe Kåsa er bistandsadvokat for familien.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Dei er opptekne av at ein blir stilt til ansvar for det ein har gjort, og eventuelt tek den straffa ein får. Dei veit at dei ikkje får sonen sin tilbake. Det viktigaste for dei er at fleire ikkje skal oppleve det dei sjølv har måtta gå gjennom, seier ho.

Har endra synet på ruskøyring

Fleire fortel no at ulykka har ført med seg ei kulturendring. Ein barndomsven av avdøde opplever at det har blitt mindre fyllekøyring i bygdene etter ulykka.

– Nå er det heilt borte blant oss unge. I denne kretsen er det heilt slutt, fortel ho.

Fyllekøyring har lenge vore eit problem i Vest-Telemark, noko politiet fleire gonger har stadfesta.

Det er lange avstandar, og mange har teke sjansen på å køyre heim frå fest med promille i blodet.

– Det er jo bra, men veldig synd at det var dette som måtte til før folk tok det på alvor. Det er dumt at folk ikkje skjønar det før ein blir råka sjølv, meiner den unge kvinna, som ikkje ynskjer å stå fram med namn fordi ulykka framleis er eit vondt og sårt tema i lokalsamfunnet.

Ho opplever at mange har tatt lett på ruskøyring i området. Ikkje minst i eldre generasjonar.

– Det har jo å gjere med at vi har vakse opp med dette. Vaksne menneske snakkar om det som det er artig og tøft. Sjølv om det har skjedd fleire dødsulykker, så har det ikkje treft så hardt som denne gongen.

I bygda prøvar ein å halde saman og støtte kvarandre. Men det har vore krevjande, seier ho.

– Det har vore veldig vanskeleg.

– Utbreidd problem

Advokat Heidi Ysen forsvarar den yngste av dei to tiltalte.

– Det har vore eit utbreidd problem oppe i bygda her, at mange ungdommar har køyrt i fylla, seier ho.

Heidi Ysen, advokat

Heidi Ysen er forsvarer for den yngste av de tiltalte.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Klienten hennar opplever også at den fatale ulykka i Tokke har ført til ei endring, ifølge advokaten.

For uansett skuldspørsmål og utfall, har saka sett djupe spor i lokalsamfunnet.

– Det som har skjedd etter denne hendinga, er at dei har teke lærdom av det og at ingen i vennekrinsen hans køyrer i fylla. Om dei ser noko slikt skje, så prøvar dei å stoppe det så godt dei kan.

Dette er noko fleire kjenner igjen, blant dei prostidiakon i Vest-Telemark, Eilev Erikstein.

Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest-Telemark.

Eilev Erikstein, prostidiakon i Vest-Telemark.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Det har vore ei tung sak, men det er positive endringar på gang, meiner Erikstein, som er tett på mange unge i nærmiljøet.

– Dei saknar ein god kamerat. Det gjer noko med dei, for dette vil dei jo ikkje at skal skje med fleire, seier han.

Blir merka hos politiet

Lensmann i Midt- og Vest-Telemark, Sigrid Dahl, gjekk sjølv ut og etterlyste ei haldningsendring etter ulykka i 2020.

Også ho opplever ei endring, sjølv om dei framleis stansar promillekøyrarar kvar veke.

– Det er mange som har vore med å jobbe for ei endring, og det ser vi resultat av, meiner ho.

– Ikkje minst opplever vi at unge tek eigne og betre val. Det er ei utvikling vi er glade for, sjølv om det sjølvsagt er trist at det ligg tragiske ulykker bak, seier Dahl.