Hopp til innhold

Denne «frua» kan stanse 120 nye bustader

– Dårleg planlegging, meiner Naturvernforbundet. – Litt natur må vi nok sjå at går tapt, svarer varaordføraren.

Rød Skogfrue

SJELDAN BLOME: «Raud skogfrue» er så sjeldan at ho har eit eige vern gjennom ei eiga lovforskrift.

Foto: Anita A. Mechlenborg

SJELDAN BLOME: «Raud skogfrue» er så sjeldan at ho har eit eige vern gjennom ei eiga lovforskrift.

Foto: Anita A. Mechlenborg

Bamble kommune vil utvide vatn og renovasjonsanlegget på tettstaden Bunestoppen, slik at 120 planlagde nye bustader kan få høgst nødvendig vassforsyning og avløp.

Dette kan ein sjeldan orkidé, raud skogfrue, sette ein stoppar for.

Fagbladet Byggeindustrien har tidlegare omtalt saka.

– Heilt spesiell plana

Den kan bli opptil ein halvmeter høg, og omtalast gjerne som ein av dei største og flottaste orkideane våre.

«Raud skogfrue» er så sjeldan at ho har eit eige vern gjennom ei eiga lovforskrift.

All aktivitet som kan påverke orkideen og stadene der han veks negativt, er forbodne.

Leder av Naturvernforbundet i Grenland, Anne Mjelva

Anne Mjelva, leiar i Naturvernforbundet i Grenland.

Foto: Kristoffer Søvik / NRK

Om ein øydelegg det naturlege vekseområdet for ein sånn blomster, så mistar vi enda ein art, meiner Anne Mjelva. Ho er leiar for Naturvernforbundet i Grenland.

Sjølve bustadprosjektet, med 120 einingar, representerer truleg ikkje ein trussel mot bloma i seg sjølv.

Naturvernforbundet meiner likevel at vass- og avløpsanlegget som må byggast for å realisere bustadprosjektet vil komme i direkte konflikt med verneforskriftene for den sjeldne orkideen.

Dette burde dei tenkt på før dei sa ja til eit slik stort bustadprosjekt seier Mjelva.

– Kommunen sjekka ikkje dette godt nok før dei valde å legge det ut som eit bustadområde. Etter at dei hadde bestemt seg for å bygge, gjorde vi ei tilleggsundersøking. Vi fann ikkje berre raud skogfrues område, vi fann også tjue andre raudlista artar, seier ho til NRK.

Eg synest det vitnar om utruleg dårleg planlegging.

Les også Enorme naturinngrep – fikk miljøpartienes velsignelse

Grenlandsporten

Vil ta omsyn

Statsforvaltaren har varsla innvending, men kommunestyret har likevel vedtatt å bygge vatn og avløpsanlegget.

Om så skjer, må saka til mekling. Om kommunen ikkje blir einig med Statsforvaltaren, blir det opp til Klima- og miljødepartementet å avgjere saka.

Varaordførar i Bamble, Lars Inge Rønholt (H), seier at det planlagde vassanlegget er nødvendig.

– Det er ei ønskt utviding av eksisterande infrastruktur.

Portrett av Lars Inge Rønholt, Bamble Høyre

Lars Inge Rønholt (H), varaordførar i Bamble.

Opphavleg blei det foreslått fire mål i høyringsforslaget, men nå er det redusert til to.

– Det regulerte arealet berører eit område rundt skogfrua som er det viktige her, og ikkje ein direkte lokasjon. Vi er berre i randsona, meiner han.

Kommunen skal etter planen lage ein detaljplan.

– Der skal vi ta omsyn til blomsteren og det økologiske funksjonsområdet han har. Eg har tru på at vi får til begge delar.

«Rød skogfrue» trives godt i området rundt Bunestoppen i Bamble.

Raud skogfrue trivst godt i området rundt Bunestoppen i Bamble.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Administrasjonen skriv at tiltaket vil medføre svært negative konsekvensar for naturmangfald og friluftsliv i området.

Rønholt meiner dei gjer det dei kan.

– Vi sparer på mykje annan natur rundt forbi, så litt må vi nok sjå at går tapt. Det er ikkje slik at vi raserer heile Bunes, meiner han.

– Kan det målast i kroner og øre?

Anne Mjelva meiner kommunen burde snu i tide, og finne vatn ein annan stad.

– Det er sikkert altfor dyrt i forhold til ønska frå kommunen, men kva pris har eigentleg våre mest sjeldne artar? Kan det målast i kroner og øre? spør ho retorisk

– Ønsker de å stoppe heile byggeprosjektet?

– Vi vil hindre at dei bygger ned eit område der raud skogfrue finst og har etablert seg, seier Mjelva.