Hopp til innhold

Den nyfødde sonen fekk kraftige krampar – lege meiner lystgass har skulda

Sjukehusa sjekkar verken mor eller barn for nivå av det viktige vitaminet B12. Ein ny studie viser at lystgass under fødsel øydelegg vitaminet og kan dermed gjere stor skade.

Jeanett og sonen då han var nyfødd

BEKYMRA: Jeanett forstod ikkje kvifor sonen hennar skalv og kasta opp, hadde synsforstyrringar og mista evna til å gripe.

Foto: Privat

BEKYMRA: Jeanett forstod ikkje kvifor sonen hennar skalv og kasta opp, hadde synsforstyrringar og mista evna til å gripe.

Foto: Privat

I 2017 fekk Jeanett sitt tredje barn. Fødselen var krevjande, slik det er for mange.

Ho seier at ho fekk mykje lystgass i fleire omgangar for å hindre smertene.

Etter nokre månader forstod Jeanett at noko var gale.

Babyen hadde krampar. Dei kom som kraftige sitringar, fleire gonger etter kvarandre.

– Han var også heilt slapp, som ein geléklump. Og det var vanskeleg å få kontakt med han.

Guten blei sendt til akuttmottaket.

Portrett av Jeanett.

Jeanett sit i si eiga stove og tenker tilbake på dei første månadene til sonen.

Foto: Andreas Molland / NRK

– Eg var veldig uroa og skjøna ikkje kva som skjedde med han, men ingen kunne fortelje meg kva som var gale, seier Jeanett.

Det skulle gå fleire år før mora fekk vite at ho sannsynlegvis aldri skulle ha fått lystgass under fødselen.

Av omsyn til sonen har NRK valt berre å bruke førenamn på foreldra.

Krampar og pustestopp

– Helsestasjonar og fastlegar veit ikkje om at babyar kan vere fødde med vitamin B12-mangel, seier Ulf Wike Ljungblad som er lege på Sykehuset i Vestfold.

Han står bak ein ny studie som viser at kvart tiande spedbarn kan ha vitamin B12-mangel.

Dersom det ikkje blir behandla, kan det gi alvorlege symptom.

Blant symptoma er krampar, slappheit og pustestopp, seier legen.

Ulf Wike Ljungblad

Overlege i Tønsberg, Ulf Wike Ljungblad, forskar på vitamin B12-mangel hos spedbarn.

Foto: Eline Molvær Løndal / NRK

Studien har tatt utgangspunkt i norske nyfødde babyar og foreldra deira.

Dersom mor har lågt vitamin B12-nivå og ammar spedbarnet, aukar sjansen for vitamin B12-mangel hos barnet.

Vitamin B12

Vitamin B12 er viktig for hjernen, nervesystemet og for utviklinga til spedbarn. Vi treng vitamin B12 for å lage blod.

Ved mangel på vitamin B12 kan ein bli blodfattig, noko som inneber at blodet ikkje er i stand til å frakte oksygen rundt i kroppen så godt som det burde. Langvarig B12-mangel kan òg gi permanente skadar på nervesystemet.

Symptom på vitamin B12-mangel

  • Dårlegare utvikling
  • Slappheit
  • Irritabilitet
  • Krampar
  • Oppkast
  • Forstopping/diaré
  • Matvegring
  • Fjernheitsanfall
  • Pustestopp
  • Forsinka psykomotorisk utvikling

Korleis få i seg vitamin B12

Kroppen lagar ikkje vitamin B12 sjølv og er avhengig av å få det inn gjennom maten.

Det finst hovudsakeleg i animalske produkt som kjøt, lever, fisk, mjølk, ost og egg.

Veganarar og vegetarianarar blir tilrådde å ta vitamin B12-tilskot dagleg eller å ete matvarer som er berika med vitamin B12.

Åtvarar mot lystgass

Fleire studiar har vist at lystgass øydelegg vitamin B12.

No har forskargruppa i Vestfold også funne ut at om mor får lystgass under fødsel, aukar det risikoen for at babyen blir fødd med for lågt nivå av vitamin B12.

Mor pustar lystgassen raskt inn og ut. Sidan babyen enno ikkje pustar sjølv, blir lystgassen samla i barnet.

– Då får barnet brukt opp reservane sine av vitamin B12, som det skulle ha levd på fram til det kan få i seg kjøt, fisk og leverpostei.

Ulf Wike Ljungblad

Legen fortel at forskarmiljøet ikkje heilt forstår kvifor norske mødrer har lite vitamin B12: – Vi har god kost i Noreg og god råd til å kjøpe bra mat.

Foto: Eline Molvær Løndal / NRK

Mødrer som har lågt vitamin B12-nivå bør ikkje få lystgass under fødsel, seier Ljungblad.

Grunnen er at då minkar nivået enda meir, noko babyen inni magen kan ta stor skade av.

Likevel sjekkar ikkje sjukehusa i dag om mora har lågt vitamin B12-nivå, ifølge legen. Då veit vi heller ikkje kven som kan få lystgass under fødsel og ikkje.

– Fleire veit ikkje kva dei skal sjå etter hos mor eller baby, og då blir det heller ikkje behandla.

Visste du at inntak av lystgass kan redusere vitamin B12, både hos deg sjølv og hos baby i magen?

Fekk bekrefta B12-mangel

Jeanett såg at sonen ikkje utvikla seg normalt etter som åra gjekk, og at han hadde vondt.

– Han vakna opp på natta i smerter, hylte og skreik. På dagtid kunne han springe inn i gjenstandar sjølv om han hadde auga opne, seier ho.

Barnefar Magnus fortel at han lenge ikkje trudde at det skulle bli betre.

– Vi prøvde jo alt, seier han.

Jeanett og Magnus.

Foreldra stoppa aldri å leite etter grunnen til kvifor sonen hadde det vanskeleg.

Foto: Andreas Molland / NRK

Etter fleire år kom mora over ein artikkel om vitamin B12-mangel.

– Eg leste om symptoma og kunne krysse av for kvart punkt. Eg skjønte at eg sjølv sannsynlegvis også hadde mangel.

Byrja på injeksjonar

Jeanett henta ut blodprøvene til sonen og fekk stadfesta mistanken om lågt vitamin B12-nivå frå ein lege.

Dei fekk skrive ut injeksjonar med vitamin B12 på blå resept.

Då guten var seks år gammal byrja han å ta dei kvar veke.

b12mangel-300424r-te

Injeksjonen med vitamin B12 sonen til Jeanett og Magnus tek kvar veke.

Foto: Andreas Molland / NRK
B12-mangel, utstyr på badet, sprøyter blant annet.

På badet er det eit eige hjørne med medisinar og hjelpemiddel.

Foto: Andreas Molland / NRK

I dag er han sju år gammal. Mora seier at han er meir fysisk og at han har betre balanse.

– Heilt fantastisk. Det er så godt å sjå, og så gir alt så mykje meining no, men det er synd at det har tatt så lang tid.

Likevel veit de ikkje enno om han nokon gong vil bli heilt bra.

No vil Vestfold-legen jobbe med å gjere primærhelsetenesta merksam på vitamin B12-mangel hos spedbarn og risikoar som lystgass under fødsel.

Då kan vi finne ut av mangelen tidlegare og behandle det, slik at færre barn blir plaga med alvorlege symptom, seier han.

Hei!

Har du eller nokon du kjenner ei sterk historie? Eller har du tips til andre ting eg burde sjekke ut?

Send meg gjerne tips eller innspel til saker eg kan lage!