Hopp til innhold

Ber sinte kundar på julehandel tenkja seg om: – Eg har gråte bak kassa

Butikktilsette seier dei blir skjelte ut på jobb. Fagforbundet HK oppmodar folk til å pusta med magen i ei hektisk førjulstid.

Julie Olsen, butikksjef Zavanna Horten

FÅR HØYRA DET PÅ JOBB: Julia Olsen må tola mykje kjeft bak kassa. Det synest ho burde vera unødvendig.

Foto: Privat

«Kunden har alltid rett» er eit klassisk uttrykk som blir brukt hyppig i samband med ulike serviceyrke. Men det gjeld kanskje ikkje i alle samanhengar?

Julia Olsen, som jobbar for klesbutikken Zavanna i Horten, vart nyleg intervjua av lokalavisa Gjengangeren.

Der fortalde ho om kundar som skjeller ut tilsette i ei hektisk førjulstid.

Det er særleg ekstrahjelpene ho er bekymra for.

– At eit vakse menneske skjeller ut ei julehjelp på 18 år er berre flautt, seier butikksjefen til NRK.

Ho understrekar at ho uttaler seg om eigne erfaringar, ikkje på vegner av butikkjeda ho jobbar for.

Les også Kunder ser på mobilen mens de betaler: – Vi sier hei og ha det, men de har ikke tid

Lise Brodersen Arnø

Roper til tilsette

Ofte er det usemje om byterett, eller at ein ikkje får informasjon når det kjem sal som får enkelte kundar til å bruka utestemme.

– Dei fleste er jo hyggjelege, verkeleg, men nokon klarer ikkje å oppføra seg. Somme gonger blir me skjelte ut på jobb. Eg har gråte bak kassa, seier Olsen.

Julehandel på kjøpesenter

Er du stressa i samband med julehandel? Hugs at dei tilsette er heilt vanlege menneske som prøvar å gjera jobben sin, oppmodar HK.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Butikksjefen minner om at dei tilsette forheld seg til reglane som gjeld for kjeda, og ikkje noko dei finn på sjølv.

Ho har opplevd at kundar har komme med klede som har flekker og gjerne vil returnera vara.

– Hos oss prøver me å vera smidige. Me vil jo at kundane skal vera fornøgde, men enkelte ting har me ganske enkelt ikkje lov til. Det gjeld til dømes å røpa kommande tilbod, eller å ta varer som openbert er brukte i retur.

Av og til har det gått så langt at butikksjefen har opplevd tårene pressa på.

– Det var ein kunde rom ropte til meg, og heldt fram sjølv om ho såg at eg byrja å gråta til slutt. Ho avslutta besøket med å seia at ho aldri skulle komma tilbake, fortel Olsen.

– Ein blir jo engsteleg. Me er berre vanlege menneske.

Hender det at du lar ditt dårlige humør gå ut over butikkansatte?

– Må visa folkeskikk uansett

Lena Reitan er nestleiar i fagforbundet Handel og Kontor. Ho meiner folk må skjerpa seg.

– Dette er dessverre noko me får tilbakemeldingar om frå medlemmene våre kvart einaste år, seier ho.

Lena Reitan, nestleder i Handel og Kontor (HK Norge)

Lena Reitan, nestleiar i Handel og kontor.

Foto: HK Norge

– Det er absolutt ikkje greitt. Me forstår at folk er stressa og har mykje å hugsa på, men det skal jo ikkje gå utover andre.

Ho er samd med Olsen i at unge vikarar må skjermast mot dette.

Forbundet oppmodar arbeidsgivarane til å vera tydelege overfor sine tilsette med tanke på kva ein skal godta på jobb.

Utskjelling er ikkje noko ein skal finna seg i, meiner ho.

– I eit serviceyrke skal du tola ein del, men det går sjølvsagt ei grense, meiner Reitan, og oppmodar tilsette som blir skjelt ut om å søkja støtte hos arbeidsgivar eller kollegaer.

Slik skal det faktisk ikkje vera på jobb, seier ho.

Butikksjefen i Horten understrekar at dei gode opplevingane heldigvis er i fleirtal.

Mange kundar er gode og tolmodige. Me har til og med fått Twist i gåve som takk for god service. Det kom nokre tårer då òg, smiler Olsen.