Styreleiar Bror Yngve Rahm seier at bakgrunnen for at styret i Telemarkskanalen har bedt fylkesadvokaten sjå på saka er at det er reist spørsmål om tryggleiken og plasseringa av fiskesperra.
– Det har ført til at styret ved Telemarkskanalen har hatt behov for å få ei juridisk avklaring på kven som har ansvar for tryggleiken og som kan få erstatningsansvar dersom det skulle skje eit uhell, seier Rahm.
Les også:
Telemark fylkeskommune er grunneigar til kanalen og sluseanlegga og har gitt Fylkesmannen lov til å sette opp den elektriske fiskesperra ved Kjeldal sluse i Lunde som skal hindre gjedde i å gå vidare opp i vassdraget og øydelegge for storauren i Bandak.
Les også:
Fritar fylkeskommunen for ansvar
Fylkesadvokat Birgitte Thomassen Garvik levert eit notat til styret for Telemarkskanalen der konklusjonen er at det framleis er Fylkesmannen som har ansvaret for tryggleiken og erstatningsansvaret dersom noko skulle skje ved den elektriske fiskesperra.
– Det fritar Telemarkskanalen for den type ansvar, og det ligg framleis hos tiltakshavar som er Fylkesmannen i Telemark, seier Rahm.
Les også:
Rahm seier at Telemarkskanalen heller ikkje har noko ønskje om å ta over dette ansvaret.
– Eit samrøystes styre meiner har konsekvent halde fast på at dette skal vere Fylkesmannen sitt ansvar, og at Telemarkskanalen ikkje ønskjer å overta det, seier Rahm.
Les også: