Hopp til innhold

Svensk korps spelar på 17. mai

SILJAN (NRK): Siljan får hjelp av svensk korps 17. mai etter at bygdas eige korps er lagt ned.

Svenljunga korps frå Sverige

Svenljunga korps takka ja til å spele i Siljan på 17. mai.

Foto: Privat

I år blir "Ja vi elskar.." spilt av eit blågult korps i Siljan. Då bygda sitt eige korps blei lagt ned før jul, måtte 17. mai-komiteen ut på nettet for å leite.

Dei fekk ei liste på 50 korps å velje i. Eitt av dei sa ja med glede.

Trist utan skolekorps

På eit støvete loft står Siljans 63 år lange korpshistorie, stabla i hyllene. Like før jul i fjor var det slutt. Og det betyr mykje å ikkje ha eit korps på 17. mai, fortel leiar i korpset Mette Holte Vinkenes.

– Det er jo kjempetrist at det ikkje er noko eige korps, seier Holte Vinkenes.

Ho fortel at korpset blei starta som eit skolekorps, men dei siste åra har det vore eit generasjonskorps.

Skolekorps i Siljan

17. mai komiteen i Siljan måtte til Sverige etter at korpset blei lagt ned.

Foto: Roald Marker / NRK

Fann korps på internett

Leiar i 17. mai komiteen i Siljan, Dag Jøran Myrvang tykte det var utenkeleg med 17. mai utan korps, og søkte på internett.

– Då kom eg borti svensk blåseorkesters foreining i Vestre Götaland distrikt, og sende ein førespurnad om dei kunne formidle vårt ønskje om få eit korps til å spele 17. mai i Siljan, seier Myrvang.

Førespurnaden blei sendt vidare til 50 korps i Sverige, og då fekk dei eit napp.

Svenljunga ungdomskorps takket ja og gler seg stort til å spille i Siljan. Men det er ikkje første gang svenske korps spelar i Noreg på nasjonaldagen.

Får mykje merksemd

Allereie for to år sidan hadde Andebu i Vestfold besøk frå Borås i Sverige.

– Det skjer ikkje så ofte som ein kan få inntrykk av. Men dei som gjer det får mykje merksemd, for 17. mai er jo ein nasjonaldag, seier Finn Arne Dahl Hansen, dagleg leiar i Noregs Musikkforbund, avdeling sør.

Han seier at tilgang på gode lærekrefter er ein av årsakene til at det er vanskeleg å rekruttere til korps. Og så er det heller ikkje så lett å få foreldra til å engasjere seg.

Men Siljansangen kjem til å bli spela også i år. Notane er alt sendt til Svenljunga i Sverige.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark