Hopp til innhold

Jonathan (15) spring med eitt bein – vil gje håp til andre

Kreften tok beinet til Jonathan Borhaug, men det har aldri vore aktuelt å gje opp. No er han eit førebilete for andre.

Hausten 2017 fekk den gong åtte år gamle Jonathan Borhaug Tranberg konstatert kreft i låret.

Året etter måtte han amputere det venstre beinet og fekk protese.

Det er ikkje lenge sidan Jonathan sat i rullestol, og klarte å gå tre steg heime i stova. No spring han kvar dag.

I fjor var han med på ein aktivitetsdag som vart arrangert av dei som lagar protesar. Det opna døra til ein ny aktivitet for 15-åringen.

– Slik blei eg introdusert til springing. Det var bra, seier han til NRK.

Avisa Telen omtalte saka først.

– Utfordrande

Det har vore ei lang reise for Jonathan og familien. 15-åringen har teke mange tøffe kampar med tallause kurar med cellegift, operasjonar og behandlingar.

Han vart ein ny gut med mykje energi då han fekk protesen i 2018.

Familien tok kontakt med Snøgg Friidrett for å høyre om han kunne bli med på treningane deira. Der vart han teken imot med opne armar.

Jonathan sine distansar i friidrett er 100 meter og 200 meter. Og då han deltok i Nordisk Meisterskap i paraidrett på Lillestrøm, sette han ny personleg rekord på 100 meter.

– Det var veldig kult. Og det var som eg var profesjonell, og eg blei kjent med mange nye menneske.

Jonathan Tranberg parafriidrett, fotograf Solgunn Borhaug Tranberg, mor

Jonathan Borlaug Tranberg likar å trene, og er på friidrettsbanen til Snøgg kvar dag for å jogge og springe.

Foto: Privat

Trenar kvar dag

Han joggar og spring på friidrettsbanen kvar dag med andre på Snøgg friidrett.

No spring han 100 meter på under 20 sekund, og 200 meter rett i overkant av 40 sekund.

Jonathan har halde på med friidrett i litt over eitt år, og han håpar å bli mykje betre.

– Eg håpar eg kan konkurrere i større konkurransar.

Jonathan Tranberg parafriidrett

Jonathan Borlaug Tranberg på friidrettsbanen der han trenar kvar dag.

Foto: Håkon Lie / NRK

Det er Anders Laukvik i Snøgg Friidrett som no har trenaransvaret på friidrettsbanen.

– Eg har vore trenaren hans sida november og Jonathan har verkeleg imponert meg. Han er ein flott gut som vil noko.

Laukvik trur 15-åringen set stor pris på meistringskjensla.

– Han har vorte ein del av eit veldig godt miljø, og eg håpar han kjenner seg som ein del av friidrettsfamilien.

Birgit Skarstein håpar på OL-deltaking

Også Birgit Skarstein som mellom anna kan skilte med gull i Paralympics og ei rekkje VM-medaljar i roing og langrenn, heiar på Jonathan.

Birgit Skarstein etter EM-gullet i München i 2022.

Birgit Skarstein

Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK

– Det er utruleg kult å ha han med i idrettsfamilien. Vi treng fleire som ser moglegheiter og løysingar.

Skarstein håpar han blir å sjå i Paralympics i Los Angeles i 2028.

– Då skal eg stå der på tribunen og heie på han, lovar ho.

Jonathan har allereie sett seg eit klart mål.

– Eg har lyst til å springe like fort som to andre protesevenner som eg har. Dei er ein stor inspirasjon for meg. Eg har lyst til å springe med dei og ikkje bak dei.