Hopp til innhold

Zelenskyj: 10 namngitte krigsforbrytarar identifiserte

10 russiske offiserar og soldatar skal vere identifiserte som mistenkte for overgrep mot sivile i Butsja i mars, ifølge Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj.

Internasjonale etterforskarar undersøkjer lik frå ei massegrav i Butsja.

Internasjonale etterforskarar undersøkjer lik frå ei massegrav i Butsja.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

Ifølgje presidenten tilhøyrer dei 10 mistenkte den 64. motoriserte riflebrigaden til den russiske hæren. Han sa at etternamna var kjende og at detaljane i kvar enkelt brotsverk er registrert.

Opplysningane er så langt ikkje stadfesta frå uavhengige kjelder.

Volodymyr Zelenskyj

President Zelenskyj seier han har namna til ti russarar som er mistenkte for krigslovbrot.

Foto: president.gov.ua

Bileta frå Butsja som viste drepne sivile som låg i gatene i Butsja, vekte stor oppsikt og forferding.

I tillegg til ukrainske styresmakter, har USAs president Joe Biden, EU-president Charles Michel og Frankrikes president Emmanuel Macron kalla det som skjedde folkemord og kravd gransking.

Avslørt av satellittbilete

Dei drepne sivile vart oppdaga då ukrainske styrkar rykte inn i byen 1. april, etter at dei russiske styrkane hadde trekt seg ut dagen før.

Satellittbilder fra Butsja der sivile ligger i gata. Yablonska-gata.

Satellittbildet viser drepne sivile i Yablonska-gata i Butsja medan russarane hadde kontroll i byen.

Foto: MAXAR TECHNOLOGIES / REUTERS

Satellittbilete frå Maxar Technologies viste at lika hadde lege i gatene i minst to veker før russarane trekte seg ut. Men Russland hevda at lika i gatene var ukrainske skodespelarar og satellittbileta var forfalska.

Nokre dagar seinare vart ei massegrav funne ved kyrkja i byen. Over 200 vart funne døde. Overlevande fortalde om avrettingar på fortauet.

No har etterforskarar frå den internasjonale straffedomstolen saman med ukrainsk og internasjonalt politi undersøkt lika og staden der dei vart drepne. Dei overlevande har fortalt om sivile som vart bakbunde og skotne på nært hald.

Franske kriminalteknikarar deltek i etterforskinga av krigsbrotsverk i Butsja i ukraina. her ber dei ut eit av dei sivile lika som vart funne i ein massegrav ved kyrkja i Butsja 14. april.

Franske kriminalteknikarar deltek i etterforskinga av krigsbrotsverk i Butsja. Her ber dei ut ein av dei sivile offera som vart funne i ein massegrav ved kyrkja i Butsja 14. april.

Foto: SERGEI SUPINSKY / AFP

«Russiske bøller»

No varslar Zelenskyj at «dei russiske bøllene» skal bli straffeforfølgde.

Zelenskyj sa at etterforskinga av krigsbrotsverka vil halde fram, og at alle russiske kriminelle vil bli rettsforfølgde, uavhengig av kvar dei oppheld seg eller gøymer seg.

– Vi skal finne dei og stille dei til ansvar for å ha torturert og drepe ukrainarar, for å ha plaga folka våre, øydelagt hus og sivil infrastruktur, sa han.

Zelenskyj brukte òg talen på å rose USA og president Joe Biden for den nye store våpenpakka på 33 milliardar dollar som landet får.

SISTE NYTT

Siste nytt