Stova med dei mange borna

Her søv det 40 barn og vaksne på ei lita stove.

Ei jente som bur i slummen i Targu Mures.

På bakketoppen i Romania kan kvardagen vere brutal.

Morten Brekke Strada Dalalui

Men Morten Brekke har gjort den betre for mange.

Frå Sauda til slummen

Morten har hjelpt hundrevis i slummen

Det første som melder seg er stanken av søppel. Under skosolen fester det seg svart gjørme, like seig som sement.

Dette er eit slumområde som ein like gjerne kunne ha sett i Karachi eller Kairo.

Her har ingen straum eller innlagt vatn, og husa er for det meste enkle brakker. Barneflokkar leikar kring kvart hushjørne.

Targu mures kvinne med kreft

Kvinna til høgre i bilete bur i det blå huset med ein stor ungeflokk. Ho fortel at ho treng pengar til ein kreftoperasjon.

Foto: Andras D. Hajdu

Kvinna til høgre i bilete bur i det blå huset med ein stor ungeflokk. Ho fortel at ho treng pengar til ein kreftoperasjon.

Foto: Andras D. Hajdu

Her møter NRK Morten Brekke frå Sauda, som lenge har hjelpt bebuarane gjennom organisasjonen Romania Aid.

62-åringen er nyleg hjarteoperert, blind på det eine auget, og har også diabetes.

Likevel pratar han på inn og utpust medan han uforskamma lett tek seg fram opp ein åleglatt motbakke.

Han kjenner alle som bur i denne gata, og dei kjem ut for å helse på.

Alle har noko dei treng hjelp med. Har du litt pengar? Søstera mi treng ein operasjon.

Gammal dame i slummen i Romania

Denne krana er einaste kjelde til reint drikkevatn for dei fleste av dei tusen slum-bebuarane.

Morten Brekke hjelper med å hente vatn til folk i Targu Mures.

Kontrasten mellom den og byen like ved, viser tydeleg den største utfordringa til Romania i dag.

Ein gut i den rumenske slummen.

Medan landet er på full fart til å bli like moderne og rikt som resten av EU, dett dei fattigaste i samfunnet av.

Born leikar i Targu Mures.

Barna vi møter er i godt humør. Nokre har funne seg ei gammal madrass å bruke som trampoline.

Born leikar i Targu Mures.

Men Brekke håpar at flest mogleg skal klare å fullføre skulen, slik at dei kan få det betre i framtida.

Stova med over 40 menneske

Brekke kom til Romania for første gong for 23 år sidan, som representant for Røde Kors.

Medan den no avdøde sambygdingen Bjørn Gjerde arbeidde med å få skikk på den rumenske ambulansetenesta, byrja Brekke å stille spørsmål om kvifor det var så mange som budde i ekstrem fattigdom.

Brekke tek oss fram til ei kummerleg stove som kviler på ei skråning, og introduserer oss for menneska som bur der inne.

– Dette er ein veldig spesiell familie for meg. Det var ein av dei første familiane vi prøvde å hjelpe. Huset er i veldig dårleg forfatning, og mor i huset har født totalt 17 barn.

Targu Mures brakke

Det blir fyrt med rekved og gamle madrassar. Mange born blir brannskadde av dei varme omnane inne i brakkene.

Foto: Andras D. Hajdu

Det blir fyrt med rekved og gamle madrassar. Mange born blir brannskadde av dei varme omnane inne i brakkene.

Foto: Andras D. Hajdu

Familien er råka av ei lang rekke tragediar, noko som ikkje er uvanleg blant dei fattige her, fortel Brekke.

– Den første mannen til Jolanda fekk kreft og kom på sjukehus. Han såg veldig mørkt på det og kasta seg ut av vindauget frå øvste etasje og døydde.

Den fattige enka sat igjen med 6–8 born. Ho fann seg ein ny mann og fekk 6–8 born med han også, men også han tok livet sitt. Så gifta ho seg med sonen til sin første mann og fekk 2–3 born med han også.

– No har desse borna også fått rundt 6–8 born sjølv, så i dette huset søv det no over 40 menneske, fortel Brekke.

Born leikar Targu Mures

Dei yngste borna i den vesle stova leikeslåst i utgangspartiet. Brekke håpar dei vil lytte til gode råd slik at dei klarar å bryte ut av fattigdommen.

Foto: Andras D. Hajdu

Dei yngste borna i den vesle stova leikeslåst i utgangspartiet. Brekke håpar dei vil lytte til gode råd slik at dei klarar å bryte ut av fattigdommen.

Foto: Andras D. Hajdu

Dette viser kor vanskeleg det er for rom å bryte fattigdomsspiralen.

Brekke og mange gode hjelparar i Sauda heime i Noreg har i over 20 år prøvd å hjelpe familien, og forklart at dei ikkje må få fleire born enn det dei klarar å handtere.

Enno har han ikkje gitt opp håpet om at dei skal få det betre.

– No arbeider vi med å overtyde barnebarna om at dei må satse på utdanning og ikkje få for mange ungar.

Rosmarinskulen og dagsenteret

Eit av dei første prosjekta Brekke sette i gang for 23 år sidan var ein skule for rom.

Brekke saumfór ein fattig bydel og fann ut at berre 2 av om lag 120 born gjekk på skule. Ein provisorisk skule blei starta med norske donasjonar.

Frå ein ganske beskjeden start er dette no ei suksesshistorie. Kommunen har teke over drifta og der går no 108 elevar som får dusja seg og skulelunsj.

Elevar på skulen som Brekke har hjelpt med å grunnlegge.

Rosmarinskulen gir hjelp til elevar som treng ekstra støtte for å kunne fullføre barneskulen.

Foto: Andras D. Hajdu

Rosmarinskulen gir hjelp til elevar som treng ekstra støtte for å kunne fullføre barneskulen.

Foto: Andras D. Hajdu

– Det er veldig kjekt å sjå at ei av dei første jentene vi fekk inn på skulen, sjølv er lærar i dag. Det er løna mi, fortel Brekke.

Brekke og Romania Aid driv også eit dagsenter i sentrum av Targu Mures. Her kan alle fattige kome innom for å få hjelp.

Men det er flest småbarnsmødrer. Rom får ofte barn tidleg, og ei utfordring med unge mødrer er at dei ikkje produserer nok mjølk.

Dei treng morsmjølkerstatning, men det er dyrt. Mykje av pengane som blir samla inn i Sauda går derfor til å kjøpe morsmjølkerstatning for unge mødrer.

Brekke saman med ein av elevane på skulen.

Brekke saman med ein elev på Rosmarinskulen.

Foto: Andras D. Hajdu

Brekke saman med ein elev på Rosmarinskulen.

Foto: Andras D. Hajdu

Eit anna stort problem er at mange rom ikkje blir registrerte fordi dei ikkje blir fødde på sjukehus, men heime. Dagsenteret har difor byrja hjelpe rom med å få identitetspapir.

Dette er relativt enkelt om barnet er nyfødd. Da kan ein finne foreldra og sende søknad. Er det eldre personar er oppgåva nesten umogleg.

Uansett kostar det pengar å sende brev og søknadar. Mange er analfabetar og er ikkje i stand til å navigere eit komplisert byråkrati på eigen hand.

Behovet er også så stort at dei ikkje har sjanse til å hjelpe andre. Resultatet er at mange rom ikkje har tilgang på heilt ordinære velferdstenester.

Her kan du lese meir om fire menneske Brekke har hjelpt:

Brekke helsar på ei 17 år gammal rumensk mor og babyen hennar.
Andras D. Hajdu

Ei som har fått ein ny sjanse

Sosialarbeidar Irina Berci intervjuar eit ungt par som kjem med ein sjuk baby. Kvinna er 17 år gammal og dette er hennar tredje barn. Det første barnet døydde og det andre har blitt teke hand om av barnevernet. No får ho hjelp av dagsenteret til å ta hand om det tredje.

Morten Brekke og Etuska
Andras D. Hajdu

Ei som flykta til eit betre liv

Etuska har fått hjelp av Brekke sidan ho var ei lita jente. Som mange andre av bebuarane har ho hatt det tøft. Ho blei tvinga til å leve med ein eldre mann, men klarte å kome seg vekk, og er no lukkeleg gift med ein snekkar. Sjølv har ho tre barn.

Brekke og Jolanda
Andras D. Hajdu

Ei som har fødd 17 barn

Jolanda, som det står meir om lenger oppe i artikkelen, har møtt mykje motgang i livet. Likevel klarar Brekke å lokke fram smilet.

Svigermor til kvinna som blei sett ut i skogen.
Nicola Zini

Ei takksam svigermor

Brekke møter att svigermora til ein kvinne som han og sonen hjelpte for 20 år sidan. Den yngre kvinna leid med opne sår i ansiktet, og hadde blitt sendt ut i skogen fordi familien meinte vonde ånder hadde teke over kroppen hennar. Det viste seg at ho hadde fått skabb, fortel Brekke. Dei kjøpte medisin, og kort tid etter så var ho heilt frisk igjen.

– Eg har inga utdanning, men er stor i kjeften

Etter at Romania blei EU medlem i 2007, forlét dei fleste tradisjonelle u-hjelpsorganisasjonar Romania. No var det EU-systemet sjølv som skulle modernisere landet.

Men framleis eksisterer der mange mindre initiativ som Romania aid. Rett og slett fordi behovet framleis er der.

I Sauda er det mange som ynskjer å hjelpe dei fattige i Romania.

Targu Mures Morten Brekke helikopter

Då Morten Brekke kom til Romania for første gong handla det om å få på plass gode ambulansetenester. Her står han saman med sin gamle kollega Hajnal Vass.

Foto: Andras D. Hajdu

Då Morten Brekke kom til Romania for første gong handla det om å få på plass gode ambulansetenester. Her står han saman med sin gamle kollega Hajnal Vass.

Foto: Andras D. Hajdu

Det som i utgangspunktet er ein liten hjelpeorganisasjon støtta av eit mellomstort lokalsamfunn i Noreg, har sett spor etter seg i Targu Mures og i hovudstaden Bucuresti.

Tallause trailerlass med barneklede, briller, bleier, medisinar og morsmjølkerstatning. Eit dagsenter og eit herberge for heimlause.

Morten Brekke protesterer når eg spør om han er ein god samaritan.

– Ikkje spør meg om slikt, seier han litt brydd.

Brekke fortel at han tykkjer det er ei stor glede å hjelpe når han sjølv har vore så heldig i livet.

Morten Brekke i slummen

Brekke på besøk i slummen.

Foto: Andras D. Hajdu

Brekke på besøk i slummen.

Foto: Andras D. Hajdu

– Eg har inga utdanning, men er stor i kjeften og flink til å telje pengar. Da er det godt å gje noko tilbake, fortel Brekke og ler.

Han har ikkje rekna på det, men trur han har brukt fleire hundre tusen av eiga lomme. Over 70 turar har det blitt til Romania som han reknar som sitt andre heimland.

Det er ein lang veg å gå før dei aller fattigaste i Romania vil vere i stand til å stå på eigne bein.

Med lokalsamfunnet heime i ryggen ynskjer Brekke halde fram med å hjelpe her så lenge helsa held.

Morten Brekke med bebuarar i slummen ved Targu Mures i Romania.

Ikkje alt er trist i slummen. Familien til Etuska ler når ei gås byrjar jage NRKs korrespondent. Gåsa fekk etterpå vere med på eit familiebilete. Mannen til Etuska har fått seg ein deltidsjobb som snikkar og dei håpar at dei etter kvart kan få det litt betre.

Foto: Andras D. Hajdu

Ikkje alt er trist i slummen. Familien til Etuska ler når ei gås byrjar jage NRKs korrespondent. Gåsa fekk etterpå vere med på eit familiebilete. Mannen til Etuska har fått seg ein deltidsjobb som snikkar og dei håpar at dei etter kvart kan få det litt betre.

Foto: Andras D. Hajdu