Hopp til innhold

WHO: Koleraen ute av kontroll

Koleraepidemien i Haiti kan vera på veg mot hovudstaden, ifølgje Verdas helseorganisasjon (WHO). No ber dei styresmaktene førebu seg på det verst tenkjelege.

HAITI-HEALTH-DISEASE

Kolera-offer jacklin Anore (24) får pleie frå kona si på eit sjukehus nord i Haiti. WHO fryktar at også sjukehusa i Port-au-Prince vil fyllast opp med kolera-pasientar i løpet av kort tid.

Foto: NICHOLAS KAMM / Afp

På ei seng i eit mørkt sjukehusrom i den vesle kystbyen Arcahaie i Haiti, ligg 24-åringen Jacklin Anore. Han har drypp med rehydreringsvæske festa til ein makteslaus venstrarm, og er knapt i stand til å lyfta hovudet frå feltsenga han ligg i.

Anore er ein av over 4000 som får sjukehus-behandling for kolera i den karibiske øystaten Haiti.

– Eg trur ikkje epidemien har nådd toppen ennå. Haitianske styresmakter bør bu seg på det verst tenkjelege - eit smitteutbrot i hovudstaden, åtvarar kolerakoordinator i WHO, Claire-Lise Chaignat.

300 døde

I hovudstaden Port-au-Prince bur framleis 1,3 millionar menneske i provisoriske telt-leirar med svært dårlege sanitære forhold, etter det katastrofale jordskjelvet i januar. Under slike forhold kan koleraen spreie seg som eld i tørt gras meiner WHO og hjelpeorganisasjonane i området

Ungar med kolera vert undersøkte av doktor

Eit kolerasmitta barn får behandling av ein cubansk doktor ved eit sjukehus i L`Estere, Haiti.

Foto: HO / Reuters

WHO sine dystre prognosar står i sterk kontrast til den statusrapporten regjeringa i det kriseråka landet sjølv kom med for få dagar sidan. Ifølgje utanriksministeren er utbrotet no under kontroll. Dei stigande dødstala og auken i smittetilfelle tyder likevel på at WHO gjev eit realistisk bilete av situasjonen.

Koleraepidemien som har brote ut i det jordskjelvråka landet har til no kravd nærare 300 menneskeliv. Med 500 nye påviste smittetilfelle i løpet av onsdagen, er no meir enn 4100 menneske innlagde på sjukehus til behandling for den dødelege bakterien.

Mysterium

Kolera er ein infeksjonssjukdom i mage og tarmsystem som kan føra til voldsom diaré og alvorleg dehydrering.

Bakterien smittar frå avføring gjennom forureina drikkevatn og mat, men kolera-utbrotet i Haiti framstår enno som eit mysterium.

Ifølgje BBC har sjukdommen ikkje vorte påvist i Haiti sidan 1960-talet, og WHO-ekspertane har ingen ledetrådar i jakta på smittekjelda.

– Me er svært overraska over å ha oppdaga epidemien i Haiti. Me har aldri påvist kolera her før, seier Chaignat i WHO til nyheitsbyrået AFP.

Smitte i reint vatn

Kolera i Haiti

Ei mor vaker over sitt kolera-sjuke barn i Saint-Marc, 100 kilometer nord for hovudstaden Port-au-Prince.

Foto: NICHOLAS KAMM / Afp

I nord og sør på øya er dødstala synkande, men doktorar slår alarm fordi stadig fleire pasientar seier dei berre drakk rensa vatn før dei blei sjuke av koleraen, ifølgje AFP.

Det rensa vatnet frå Artibonite-elva er hovudkjelda til reint drikkevatn for størsteparten av befolkninga i Haiti. Vatnet vert distribuert rundt på øya for hand i små blåe plastikkposar.

Sjølv om posane med vatn er merka «reint» åtvarar helsestyresmaktene no mot å drikka vatnet.

SISTE NYTT

Siste nytt