Hopp til innhold

Lavaen har nådd bustadområde – hus står i brann

Det strøymer lava ut av to sprekkar. Fleire hus står i brann. No fryktar Thuridur Halldorsdottir for framtida til heimbyen.

Lava. Grindavik.

VULKANUTBROT: Sjå direkte frå vulkanutbrotet på Island. Den eine sprekken er rett ved eit bustadområde.

Lavaen har no nådd eit bustadområde i Grindavík. Fleire hus står i brann, viser video frå den islandske kringkastaren Ruv.

To hus står i brann

Skjermbilde frå direktesendinga til Ruv. To hus står i brann.

Foto: Skjermdump, Ruv

– Lavaen renn over vollane, fortalde divisjonsdirektør for det islandske sivilforsvaret Víðir Reynisson søndag føremiddag.

Lavaen har runne over Grindavíkurveg, ikkje langt frå byen.

Ifølgje RUV er kanten av den nye sprekken ca. 50–100 meter frå byen, men lavaen har byrja å strøyma mot eit bustadområde.

Statsminister Katrín Jakobsdóttir seier at dika i Grindavík har bevist sin verdi i dag i dei massive katastrofane som finn stad. Ho fortel at regjeringa skal møtast i morgon og vedta støttetiltak for bustadspørsmål.

Husa nærast lavaen ligg i Norðurhóps gate. Det er også lava i nærleiken av gatene Víkurhóp og Efrahóp.

Bilde er tatt frå helikopter. Her ser ein tydeleg dei to sprekkene, og at lavaen har nådd bustadområde.

Bilde er tatt frå helikopter. Her ser ein tydeleg dei to sprekkene, og at lavaen har nådd bustadområde.

Foto: Ruv

Thuridur Halldorsdottir har vore evakuert frå Grindavik Reykjaneshalvøya, sørvest på Island, sidan november.

I går var ho tilbake igjen i byen for å henta ting. I dag er ho redd ho aldri vil koma tilbake.

– Eg fryktar at byen min vil bli oversumt av lava, seier ho til NRK.

Thurid Halldorsdottir

Thuridur Halldorsdottir fryktar for det som kan skje med heimbyen hennar Grindavik.

Foto: PRIVAt

Ho har evakuert til byen Vogar, men det er Grindavik som er heimplassen. Her ho har budd heile livet.

Halldorsdottir jobbar på turiststaden Den blå lagune. Dei har vore stengde etter førre utbrot. Denne veka opna dei igjen.

Nå må ho halda seg heime frå jobb og veit ikkje om ho har ein jobb å gå tilbake til.

I morgentimene kom det nye vulkanutbrudd på Island

I morgontimane kom det nye vulkanutbrot på Island.

Éin ny sprekk

I natt gjekk sirenene, og dei siste innbyggarane evakuerte.

Sjølve utbrotet kom fyrst klokka 09:00 norsk tid, sør for fjellet Hagafell, nord for Grindavik.

Kort tid etterpå var lavaen på veg mot den vesle byen som vanlegvis husar 4000 innbyggarar, meldte det islandske meteorologiske instituttet.

– Lavaen kan nå Grindavík kanskje innan eit halvt døgn, sannsynlegvis innan 24 timar, opplyste Kristín Jónsdóttir frå instituttet sundag føremiddag.

Her renn lavaen over.

Her renn laven over vollane.

Lavaen renn over

Lavaen har rendt over Grindavíkurveg, ikkje langt frå byen.

Lava. Grindavik.

Gravemaskiner jobbar ved vollane.

Nokre timar seinare har ein ny vulkansprekk opna seg, rett utanfor bygrensa til Grindavik.

Vulkanolog Thorvaldur Thordson seier til RUV at den nye sprekken endrar situasjonen totalt.

– Det verst tenkelege scenarioet er at den øvre sprekken døyr ut og den nedre tek over.

Ifølgje geolog Magnús Tumi Guðmundsson var den fyrste sprekken om lag ein kilometer lang, men det er usikkert om han har nådd si fulle lengd.

Grindavik. Vulkan. Island.

Geologar fryktar at lavaen vil nå Grindavik innan 24 timar.

Foto: Almannavarnadeild ríkislögreglustjóra
Grindavik. Vulkan. Island.

Sprekken er på omlag ein kilometer.

Foto: Almannavarnadeild ríkislögreglustjóra
Grindavik. Vulkan. Island.

Laven er på veg mot byen som husar 4000 innbyggjarar.

Foto: Almannavarnadeild ríkislögreglustjóra

– 800 år sidan slik vulkansk aktivitet

Geolog og tidlegare professor Haflidi Haflidason seier til NRK at dette utbrotet er nærare Grindavik enn det førre utbrotet i desember.

Haflidason seier at det ser ut som utbrotet starta med mindre kraft enn det førre.

– Og magmakammeret som fôrar dette og den sprekken som vi ser det kjem ut lava frå, tømmer seg på relativ kort tid. Eg tippar det vil vera over om tre-fire dagar, seier han.

Haflidason fortel at grunnen til at dette skjer, er at magmakammeret som magmaen har samla seg, ligg i nærleiken av Den blå lagune og er på eit grunt nivå, berre fem kilometer.

Det er då ein kortare veg opp til overflata når det brest.

Bilde frå helikopter

Ruv har filma frå helikopter. Her ser ein tydeleg dei to sprekkene.

Foto: Ruv

– Det er difor vi ser ei heftig utvikling i starten.

Dette er det femte utbrotet på Reykjaneshalvøya sidan 2021. Geologen seier dei hyppige utbrota er ein ny situasjon:

– Sist gong det var slik hyppig vulkansk aktivitet er 800 år sidan. Det ser ut som vi har kome inn i ein ny aktiv, vulkansk fase.

Han forklarer at dette kjem av såkalla plategrenser. I natt flytta plategrensa som er vest for Grindavík heile 20 centimeter, seier han.

Vulkanutbrot Island

Førre gong det var vanleg med så hyppige utbrot på Island var for 800 år sidan.

Foto: Civil Protection

18. desember starta eit utbrot nokre få kilometer nord for byen, men den gongen var det ingen fare for at lava skulle renna mot byen.

Les også Vulkanutbruddet på Island skjer tett på viktig infrastruktur

Innbyggarane i Grindavik måtte også evakuere i november på grunn av fare for vulkanutbrot. Då hadde det vore fleire jordskjelv og opningar i jordskorpa.

Slik såg Grindavik ut 21. desember.

Slik ser byen Grindavík ut til vanleg. Bildet er teke 21. desember i fjor.

Foto: HALLDOR KOLBEINS / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt