Hopp til innhold

Vulkanen spyr ut mindre oske, men vert framleis rekna som livstruande

Vulkanen på Filippinane har vist teikn på å roe seg, men fleire mindre jordskjelv tyder på at det framleis er fare for eit livsfarleg utbrot.

Ein mann ber med seg eigendelane sine gjennom ei askesky langs vegen.

EVAKUERING: Ein mann ber med seg eigendelane sine ut frå evakueringssona rundt vulkanen Taal.

Foto: Aaron Favila / AP

Trass i svakare oskeutvikling frå vulkanen dei to siste dagane tyder fleire jordskjelv og uttørkinga av innsjøen rundt vulkanen på at det framleis er magma som bevegar seg under vulkanen, sa Maria Antonia Bornas, ved det Filippinske instituttet for Vulkanologi og seismologi på fredag, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Det har vore fleire hundre jordskjelv rundt vulkanen sidan utbrotet på søndag.

Farenivået for eit større vulkanutbrot har vore uendra sidan det same dag vart skrudd opp tre hakk, til fire av fem.

Det betyr at eit eksplosivt og livstruande utbrot framleis kan skje innan timar eller dagar.

– Taal er ein veldig liten vulkan, men ein veldig farleg vulkan, sa Rentato Solidum, som er leiaren for det filippinske instituttet for vulkanologi og seismologi, til nyheitsbyrået Reuters på måndag.

Vulkanen har tidlegare hatt fleire dødelege utbrot. I 1911 tok eit større utbrot livet av 1335 menneske. I 1965 tok eit utbrot livet av 190 menneske, skriv CNN.

Nesten ein million har fått beskjed om å evakuere

125.000 personar har flykta frå heimane sine i Batanga provinsen, som skal vere hardast råka, skriv nyheitsbyrået AP.

Over 930.000 menneske bur til dagleg innanfor evakueringssona rundt vulkanen, som er på 17 kilometer i radius rundt vulkanen, skriv CNN.

Trass i åtvaringar frå myndigheitene har fleire av dei som bur innanfor evakueringssona reist heim for å redde eigendelar og buskap.

Politi og militære blokkerer vegane inn til evakueringssona for å hindre dei, skriv AP.

Rundt 450.000 personar bur innanfor det som vert rekna som den umiddelbare faresona, som er på ein 14 kilometer radius rundt vulkanen.

Phivolcs, det filippinske instituttet for vulkanologi og seismologi, uttalte fredag at myndigheitene i alle fall vil vente to veker med å redusere beredskapsnivået og la dei evakuerte reise heim, skriv CNN Philippines.

Henrik Tollefsen

HAR MERKA LITE TIL UTBROTET: Henrik Tollefsen bur til dagleg i Manila. Han fortel at folk i byen har merka lite til utbrotet samanlikna med dei som bur nærare vulkanen.

Foto: Privat

– «Business as usual» i Manila

Henrik Tollefsen bur store delar av året i hovudstaden Manilla omtrent 60 kilometer nord for Taal.

Tollefsen er profesjonell pokerspelar og spelar ofte kort på kasino i nærleiken av flyplassen på Manilla.

Tollefsen har besøk av vener som eigentleg skulle reise heim til Noreg på måndag. Då vulkanen byrja å spy ut oske vart flyplassen stengt.

Vulkanutbrudd på Filippinene.

Vulkanutbrot på Filippinane.

Flyplassen vart raskt opna igjen, men gjestane måtte likevel vente i seks dagar på å fly ut av landet, som følgje av opphoping av passasjerar, fortel Tollefsen.

– Eg høyrde først om utbrotet gjennom avisene. Då eg skulle over til kiosken over gata søndag fekk eg noko i auge, som eg trur var oske. Dagen etterpå låg det oske, som såg ut som støv på bilane og i gatene, og det lukta annleis i byen, seier han.

Korleis har utbrotet prega byen?

– Alle skulane har vore stengt heile veka, det har vore mindre trafikk i gatene og folk har halde seg meir innandørs. Eg bur like ved flyplassen og dagen etter utbrotet merka eg at det var mykje meir folksamt der, men no ser det ut til å vere «business as usual», seier han.

4MG3L5qOyJo

OSKESKYA: På måndag spydde Taal ut oske. Som følgje av nordleg vindretning fauk oskeskya nordover til Manila, kor flyplassen vart stengt.

Foto: TED ALJIBE / AFP

Eit større utbrot kan hindre flygingar

Tidlegare denne veka stoppa oskeskya frå vulkanen flytrafikken ved flyplassane i Manila.

Kjem det eit større utbrot frå vulkanen kan det bli endå meir trøbbel for flytrafikken rundt Filippinane.

– Vulkansk oske består av veldig små partiklar som kan verke som sandblåsing på ei flymaskin når den flyr inn i ein oskesky med høg fart. Partiklane kan skade ulikt utstyr på flymaskina. Dei alvorlegaste skadane kan kome på jetmotorane, der oska smeltar og legg seg på turbinblad og luftinntak, som igjen kan føre til at motoren stoppar, seier Ira Schaug-Pettersen.

Manila og Taal

Ho er tilsynsleiar i Tilsynsavdelinga ved Luftfartstilsynet.

– Korleis vil eit større vulkanutbrot på Filippinane kunne påverke flytrafikken i Søraust- Asia?

– Eit vulkanutbrot på Filippinane kan påverke flytrafikken i Søraust-Asia. Det vil vere opp til dei nasjonale styresmaktene i Søraust-Asia og flyselskapa å gjere avgjerder i ein slik situasjon, seier Ira Schaug-Pettersen.

SISTE NYTT

Siste nytt