Villepin og støttespelarane hans var tiltalte for å ha prøvd å knyte Nicolas Sarkozy til korrupsjon i samband med sal av franske fregattar til Taiwan.
Les også:
Les også:
Clearstream er eit finansieringsforetak i Luxenbourg,
I 2004 dukka det opp ei liste over 89 franske politikarar, forretningsfolk og offentlege personar som skulle ha hemelege konti hos Clearstream for å ta mot bestikkelsar.
Sarkozy på lista
Lista dukka opp etter at dåverande utanriksminister Dominique de Villepin hadde bede om gransking av korrupsjonsminstankane. Eitt av namna på lista var Nicolas Sarkozy.
Seinare same året kom det fram at lista var falsk.
Det var den franske etterretningstenesta som fann ut dette, og det er her kjernepunktet i tiltaken dukkar opp.
Brukte feil liste
Påtalemakta meiner at Villepin heldt fram med å bruke opplysningane på Clairstream-lista sjølv om han visste at dei var feilaktige, og at det vart gjort for å sverte rivalen Sarkozy.
Dominique de Villepin har heile tida sagt at han er uskuldig, og at den franske presidenten brukar makta si til å drive ein hemnaksjon mot han.
Utanfor rettslokalet sa Villepin at han vil gå derifrå som ein fri mann, med full oppreising, i namnet til det franske folket.