I tillegg vil aktoratet i den såkalla Clearstream-saka at den tidlegare statsministeren skal betale ei bot på 45.000 euro, vel 366.000 kroner.
Påtalemakta meiner at 55 år gamle Villepin er skuldig i å ha prøvd å sverte president Nicolas Sarkozy sitt rykte for å hindre han å bli presidentkandidat.
Saka mot Villepin starta i Paris 20. september, i same rettslokalet der dronning Marie Antoinette vart dømd til døden i giljotinen i 1793.
LES OGSÅ:
Clearstream-skandalen
Den såkalla Clearstream-skandalen går tilbake til 2003 og 2004, då Villepin og fire andre skal ha prøvd å øydeleggje den politiske karrieren til Nicolas Sarkozy ved å knyte han til ei korrupsjonssak.
Det vart blant anna sagt at namnet til Sarkozy stod på ei hemmeleg liste hos finansselskapet Clearstream.
Det vart vidare hevda at Clearstream, med hovudkvarter i Luxembourg, vart brukt til å kanalisere bestikkelsar til mottakarar i Frankrike. Bestikkelsane skulle ha blitt gitt i samband med sal av franske marinefarty til Taiwan.
Falske lister
Med anonym avsendar vart listene sende til fransk politi, men listene viste seg seinare å vere falske.
Påtalemakta meiner at Villepin bevisst prøvde å skade Sarkozy, på eit tidspunkt då dei dei to kjempa om å bli nominerte til å bli det konservative partiet UMP sin presidentkandidat.
Aktor bad også om at tre andre tiltalte i saka, inkludert næringslivstoppen Jean-Louis Georgorin, blir funne skuldige.
LES OGSÅ: