NRK Meny
Normal

Verste kjedekollisjonen i Sverige nokosinne

SKÅNE (NRK.no): Rykande bilvrak, blålys og bilberging pregar ulukkesbrua i Sør-Sverige tysdag kveld. – Det var hell i uhell at ulukka skjedde på dagtid, seier sjukehussjefen som har teke imot fleire av dei skadde.

Massekollisjon i Sverige

Bilberginga etter kjedekollisjon på E4 i Sør-Sverige vil neppe vera ferdig til daggry onsdag, opplyser skånsk politi til NRK.

Skåne: Su Thet Mon

Totalvraka bilar blir jamnt og trutt taua ut av området. Frontruta er fullstendig smadra på ein kvit personbil som rullar forbi. Panseret er vrengt rundt som eit samankrølla ark, og motoren fullt synleg.

Ei sky av røyk kjem sigande ut av ein lastebil, som mistar ein del av karosseriet i det me går forbi. Like ved ligg ein einsam, bulkete støtfangar.

Talet på omkomne blei tysdag kveld nedjustert frå tre til ein etter kjedekollisjonen som fann stad oppå ei bru på E4 utanfor Helsingborg sør i Sverige ved lunsjtider tysdag. Det melder det svenske nyheitsbyrået TT.

Totalt 43 personar vart fysisk skadde.

Vrakdelar etter kjedekollisjon sør i Sverige

Det ligg framleis flusst med avrivne vrakdelar på Tranarpsbron i Skåne etter massekollisjonen.

Foto: Su Thet Mon / NRK

– Kjem til å ta heile natta

Kjedekollisjonen er den verste nokosinne i Sverige ifølgje Trafikverket, som tilsvarar Statens vegvesen i Noreg.

Tysdag kveld er Tranarpsbron framleis sperra av. Det er få folk og roleg i området, men dei mange bilvraka og bildelane som ligg slengde rundt på den isglatte vegbana gir eit inntrykk av kaoset som oppstod då nærmare hundre køyretøy massekolliderte i vinterkalde Skåne.

Det er framleis kaldt, glatt og tåkete ved brua utanfor Helsingborg i Sør-Sverige.

– Me reknar med at bilberginga kjem til å ta heile natta. Me hadde håpa å bli ferdige til klokka seks i morgon tidleg, men slik det ser ut no veit eg ikkje, seier talsmann for politiet Jesper Bengtsson til NRK.no.

Hundre køyretøy var involverte i massekollisjonen. 50 av desse var tungtransport og resten personbilar, ifølgje svensk politi.

Ifølgje Bengtsson frakta mange av lastebilane grus, difor tek det mykje ressursar å rydda opp.

– Dessutan er rekkverket på brua øydelagt mange stader. Me må vera sikre på at det er trygt å køyra her før me opnar for trafikk igjen, opplyser Bengtsson.

Kjedekollisjon på Tranarpsbron i Sverige

Halvparten av dei ulukkesråka køyretøya var store vogntog.

Foto: Su Thet Mon / NRK

– Folk køyrer med høg fart her

Bengtsson

Talsmann for politiet på ulukkesstaden i Skåne, Jesper Bengtsson.

Redningsarbeidet blei avslutta tysdag ettermiddag. Då hadde redningsmannskap gjennomsøkt dei involverte køyretøya utan å finna fleire personar.

Trafikketterforskarar blei samstundes sende til ulukkesstaden for å fastslå kva som var årsaka til den tragiske ulukka. Køyretøya som var involverte i ulukka stod i nærmare to kilometer bortover brua, og det vil truleg ta tid å få kartlagt kva som utløyste kjedekollisjonen.

Redningsleiaren i Helsingborg er likevel ikkje i tvil, og seier uforsvarleg køyring kombinert med speilglatte vegar var årsaka. Dette er ei oppfatning politiet delar.

– Det var veldig kaldt og glatte vegar i området då ulukka skjedde. Dette er ein motorveg og folk køyrer med høg fart her, då kan slikt skje, seier polititalsmannen på ulukkesstaden.

Bilvrak på Tranarpsbron i Sverige

Køyretøya som var involverte i ulukka stod i nærmare to kilometer bortover Tranarpsbron.

Foto: Su Thet Mon / NRK

– Hell i uhell

Sjukehussjef ved Helsingborg lasarett, Kjell Joarsson

Sjukehussjef ved Helsingborg lasarett, Kjell Joarsson.

Foto: Su Thet Mon / NRK

18 av dei skadde blei raskt frakta med ambulansar til ulike sjukehus i Skåne. 25 andre var lettare såra og blei sende til sjukehus med bergingsbuss.

Ni av dei skadde har fått behandling ved sjukehuset Helsingborg lasarett.

– Det var hell i uhell at ulukka skjedde på dagtid, når sjukehuset har full bemanning, seier fungerande sjukehussjef ved Helsingborg lasarett, Kjell Joarsson til NRK tysdag kveld.

Ulukka var omfattande, og mange av pasientane har brot- og bristskadar i tillegg til andre skadar som er typiske for trafikkulukker.

– Når ein bremsar i stor fart får ein ofte nakkeskadar og vondt i brystet og i ryggen. Pasientane våre har vore gjennom ei traumatisk oppleving og me vil skjerma dei frå medieførespurnader, opplyser sjukehussjefen.

NRKs reporter Olav Døvik rapporterer fra Skåne i Sverige, der tre mennesker mistet livet og flere titalls ble skadet i en kjedekollisjon tirsdag 15. januar. Minst 100 biler var involvert i ulykken (Dagsrevyen 15.01.2013).

NRK-journalist Olav Døvik rapporterer frå sjukehuset i Helsingborg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt