– Kan og vil bli straffa

Justisministeren vil straffe norske statsborgarar som reiser til utlandet for å delta i krig. Over 20 norske radikale islamistar skal vere i Syria for å krige, og eit titalls nye er på veg.

Intervju med Grete Faremo, Kjell Grandhagen og Siv Jensen. Reporter er Simon Solheim.

SJÅ SAKA: Justisministeren vil straffe norske krigarar i Syria.

Eit titalls norske muslimar skal for tida vere i Syria for å delta i væpna krigføring, og minst sju av desse krigar saman med Al Qaida, ifølgje Etterretningstenesta.

No vil justisminister Grete Faremo straffe nordmenn som krigar i utlandet.

– Eg synest det er viktig å vere tydeleg. Norske borgarar som deltek i terrorhandlingar eller gjer seg skuldige i krigsforbrytelser, dei kan bli straffa og kjem til å bli straffa etter den norske straffelova her heime, seier ho.

I går kom det fram at Etterretningstenesta manglar ei fullstendig oversikt over nordmenn i Syria, men at dei meiner det er eit «aukande fenomen».

– Det blir jobba med å førebygge terror og bidra til auka tryggleik, og sjølv om me aldri kan garantere full oversikt, så gjer me det me kan for å styrke innsatsen gjennom PST og lovverket, seier Faremo.

Bekymra for konsekvensar

Kjell Grandhagen, sjef for den militære etterretningstjenesten

Kjell Grandhagen, sjef for Etterretningstenesta.

Foto: NRK
Siv Jensen

Partileiar i Frp, Siv Jensen.

Foto: NRK
André Oktay Dahl

André Oktay Dahl frå Høgre.

Foto: NRK

Etterretningstenesta er bekymra for kva som skjer når krigarane kjem attende til Norge.

– Dei får trening i våpenbruk, bruk av eksplosive, og terrorisme der ute, også kan dei potensielt vende tilbake til Norge. Det seier seg sjølv at dette er ei betydeleg utfordring, seier sjef for Etterretningstenesta, general Kjell Grandhagen.

Framstegspartiet er samde med justisministeren i at dei som deltek i krigshandlingar bør straffast.

– Eg ser på det som ein aktiv terrorhandling, og eg meiner norske styresmakter bør forfølgje det på eigna måte. Det tyder at ein bør varetektsfengslast ved retur til Norge, om ein har delteke i denne typen handlingar. Har ein dobbelt statsborgarskap bør ein miste det norske og bli returnert til sitt oprinnelsesland, seier Siv Jensen.

Også Høgre sin justispolitiske talsmann, André Oktay Dahl, er uroa over utviklinga.

– Det er urovekkjande, og det er behov for at Etterretningstenesta og PST samarbeider tettare for å vere sikre på at me har kontroll på desse folka. Ikkje minst må lovforslaget om forbod mot terrortrening kome til Stortinget så fort som mogleg, seier han.

(Saka held fram)

Syria Aleppo

Krigarar frå opprørarhæren i Syrias største by Aleppo. Også norske statsborgarar har reist til Syria for å delta i kampane.

Foto: TAUSEEF MUSTAFA / Afp

Lov mot terrortrening

Det er no 19 månader sidan opprørarane i Syria starta kampen for å styrte president Bashar al-Assad og regimet hans. Mange av dei som har reist ut gjer det for å hjelpe sine «muslimske brør» i det dei ser på som ein frigjeringskamp.

– Eg ynskjer ikkje å spekulere i hensikta dei måtte ha, eg legg til grunn at den norske straffelova straffar desse handlingane, seier Faremo.

Ho legg til at lovforslaget Oktay Dahl etterlyser er ute på høyring som er ferdig 1. november.

– Regjeringa har eit lovforslag ute på høyring om å gjere deltaking i treningsleir eller å ta imot terrortrening ulovleg. Regjeringa kjem til Stortinget med desse spørsmåla over nyttår, seier Faremo.

SISTE NYTT

Siste nytt