– Me har funne 44 lik under bygningsrestane, seier ein hjelpearbeidar til AFP.
Journalisten frå AFP er i byen Maarat al-Numaan, der angrepet skjedde torsdag.
Han rapporterer at fly frå det syriske regimet har igangsett ei bølgje med angrep på den nordvestlege byen, som ligg langs hovudvegen mellom Damaskus og Aleppo.
Byen vart teken av opprørarane førre veke.
(Saka held fram)
Syriske menn fortvilar etter angrepet på Maarat al-Numaan 18. oktober.
Foto: BULENT KILIC / AfpBustader og moske
Ein helsearbeidar sa tidlegare at 20 personar var drepne og 30 personar sakna.
Ifølgje ein redningsarbeidar har det syriske luftvåpenet bomba to bygningar med bustader og ein moske der mange kvinner og barn hadde søkt tilflukt.
Det er no 19 månader sidan opprørarane starta kampen for å styrte president Bashar al-Assad og regimet hans i Syria.
Angrep også i Homs
Syriske regjeringsstyrkar skal torsdag også ha bomba byen Jouret al-Shiyah, som ligg i Homs-provinsen.
Bilete som lokale journalistar har gitt nyheitsbyrået Ap viser øydelagde heimar, og syriske aktivistar melder om titals drepne.
Angrepa skal ha skjedd seint onsdag og torsdag, og fem byar skal ha vorte angrepe i provinsane Idlib og Aleppo, melder AP.
(Saka held fram)
Frå byen Jouret al-Shiyah i Homs-provinsen etter eit angrep frå syriske regjeringsstyrkar 18. oktober.
Foto: HOEP / Ap– Syrisk etterretning ramma
I Damaskus vart kontora til etterretninga ramma av ein kraftig eksplosjon, melder ein ikkje-statleg organisasjon.
Angrepet er ikkje stadfesta av korkje regjeringa eller opprørarane.
Ei kjelde i dei syriske tryggingsstyrkane seier til AFP at det er snakk om eit sjølvmordsangrep og at bomba gjekk av kring 300 meter frå utanriksdepartementet.
Ifølgje kjelda vart ingen såra eller drepne.
Bombeangrepet skal ha skjedd i Kfar Sousa, eit område med fleire kontor som høyrer til ulike avdelingar i tryggingsstyrkane.
Eit bilete teke frå Youtube syner røyk velte opp frå Kfar Sousa-bydelen i Damaskus.
Foto: - / Afp