Hopp til innhold

Tøffare tiltak mot nett-radikalisering etter soldat-drap

Britiske styresmakter strammar grepet om internett for å få bukt med radikaliseringa av britiske islamistar etter det rystande gatedrapet på ein ung soldat i London.

Politi legger ned blomster

Politiet skjerpar oppsynet med jihadistgrupper på internett og i det britiske samfunnet etter drapet på Lee Rigby (25) i London-bydelen Woolwich 22. mai i år.

Foto: Sang Tan / AP

Theresa May

Innanriksminister i Storbritannia Theresa May vil gå hardare til verks for å få slutt på rekrutteringa av unge britar til ekstrem islamisme.

Foto: HO / Reuters
Lee Rigby

DREPEN: 25 år gamle Lee Rigby var menig soldat og trommeslagar i eit militærkorps. Han kom fra Manchester og etterlét seg ein to år gamal son.

Foto: Ministry of Defence/Crown Copyright/Handout / Reuters

– Fleire tusen personar står i fare for å bli radikaliserte i Storbritannia. Dette er menneske som er i ein tilstand som kan føra dei ut på vegen mot valdeleg islamisme, seier innanriksminister Theresa May til BBC.

May presenterte søndag ei rekkje tiltak for å førebyggja eller stoppa radikalisering av britiske muslimar.

Ifølgje den britiske nettavisa The Guardian varslar styresmaktene

  • strengare sensur av jihadist-nettsider
  • lågare terskel for å bannlysa ekstremistgrupper
  • påminning til universitet og moskear i landet om å avvisa såkalla hatefulle predikantar

Ekspertgruppe skal vurdera innstramming

I årevis har britiske styresmakter uroa seg over kraftig vekst i dei radikale muslimske miljøa i landet, og den nye tiltakspakken kjem i kjølvatnet av det bestialske kjøttøksdrapet på soldaten Lee Rigby (25) onsdag førre veke.

Tilfeldig forbipasserande blei skrekkslagne vitne til at to menn gjekk dei til åtak på ein mann dei først køyrde på med kjøttøks og machete medan dei ropa «Allahu akbar».

Offeret hadde tenestegjort i Afghanistan, og dei to drapsmennene på 22 og 28 år erklærte at åtaket var hemn for vestlege aksjonar i muslimske land.

Regjeringa har no nedsett ei ekspertgruppe som skal vurdera om det er behov for endring i lovverk, tiltak og institusjonar for ei meir effektiv nedkjemping av rekruttering til valdeleg islamisme.

– Me må sjå om det er ytterlegare grep me bør ta for å hindra radikalisering, seier May til BBC.

Det kan også bli aktuelt å pressa på for å få innført ei kontroversiell datalagringslov som vil gjera det mogleg for tryggingstenesta i landet å overvaka langt meir data- og telekommunikasjon enn med det tilsvarande EU-direktivet.

– Dei som skal oppretthalda lov og orden og etterretningstenesta treng tilgang til kommunikasjonsdata. Det er essensielt for at dei skal greia å utføra jobben sin, seier May.

Meiner hatefulle imamar har skulda

Storbritannia sin antiterrorstrategi CONTEST har allereie eit sterkt forkus på førebygging av at folk blir terroristar eller støttar valdeleg ekstremisme, noko norske styresmakter har teke lærdom av i utarbeidinga av sin handlingsplan mot radikalisering.

Tverretatleg samarbeid og innsats frå både politi, etterretning, lokale og sentrale styresmakter, næringslivet og frivillige organisasjonar er eit viktig punkt i britisk antiterrorarbeid.

Seniorforskar ved antiekstremisme-tenketanken Quilliam, Usama Hasan, meiner innsatsen må rettast inn mot eit lite knippe med ekstremistiske imamar.

– Det verkelege problemet her er det intense hatet som blir forkynna av eit lite mindretal av muslimske leiarar i våre moskear og på universiteta (..) Dette dreier seg om eit fåtal som diverre har altfor sterk innverknad på andre, seier Usama Hasan til BBC.

– Har ingenting med islam å gjera

Britiske styresmakter omtalar soldat-drapet førre veke som eit terroråtak. Statsminister David Cameron var raskt ute med å understreka at drapet er eit svik mot islam.

– Dette var ikkje berre eit åtak på Storbritannia og den britiske levemåten, det var også eit svik mot islam og dei muslimske samfunna som gir så mykje til landet vårt. Det finst ingenting i islam som rettferdiggjer denne verkeleg grufulle handlinga, sa Cameron på ein pressekonferanse dagen etter at ugjerninga fann stad.

Ein person er drepen og to personar er skadde etter eit brutalt angrep på open gate i bydelen Woolwich i London.

Soldaten Lee Rigby blei drepen medan han gjekk sivilt kledd på gata midt på lyse dagen i Woolwich i London.

SISTE NYTT

Siste nytt