Hopp til innhold

Ein drepen i brutalt gateangrep i London

Ein person er drepen og to personar er skadde etter eit brutalt angrep på open gate i bydelen Woolwich i London.

Mann drept på åpen gate utenfor London

BRUTALT: Væpna politi skaut to personar etter eit brutalt angrep på ein mann i London.

To menn skal ha hoppa ut av ein bil og gått til angrep med machete og kniv på ein mann som gjekk langs gata.

Mannen døydde av det brutale angrepet, og då politiet kom til staden skaut dei gjerningsmennene framfor sjokkerte vitne.

Éin drepen og to skadde

Ifølgje vitne skal den drepne mannen ha blitt slått brutalt i hel av dei to mennene med knivar og machete, og deretter blitt dradd ut i vegen.

Eitt vitne skildrar hendinga slik:

– Dei to gjerningsmennene var galne. Dei var som dyr. Dei hakka han med kniv, slepte han frå fortauet og dumpa han midt i vegen og forlét han der.

Saka held fram under biletet.

Helikopter over åsted for brutalt drap i London

ALVORLEG: Væpna politi skaut to personar etter eit brutalt angrep på ein mann i London. Alt skjedde framfor fleire sjokkerte vitne.

Foto: demotix sourced / Demotix / Demotix

Den drepne mannen var soldat

Parlamentsmedlem Nick Raynsford, som representerer bydelane Greenwich og Woolwich i det britiske underhuset, stadfesta kort tid etter hendinga til BBC at den drepne skal ha vore soldat.

– Eg er blitt fortalt at ein av dei involverte er ein soldat som jobbar på ein nærliggande militærbase, seier Raynsford.

Ifølgje vitne skal mannen ha hatt på seg ei Help for heroes-T-skjorte, som er eit hjelpetiltak for skadde soldatar.

Har funne fleire våpen

Ifølgje Raynsford har politiet fjerna eit stort tal våpen frå åstaden, inkludert knivar og minst eitt skytevåpen.

Bilete frå eit TV-helikopter viser fleire våpen liggande i gatene etter hendinga.

I ei pressemelding frå den britiske uavhengige klagestyresmakta mot politiet, Independent Police Complaints Commission (IPCC), blir saka no etterforska.

Heile området rundt gata der angrepet skjedde er avstengt.

Cameron: Sterk indikasjon på terrorisme

Ifølgje Sky News karakteriserer britisk politi angrepet som eit terroristangrep, og saka blir etterforska deretter. Ifølgje avisa seier kjelder i politiet at dei trur drapet var eit politisk motivert islamistangrep, noko statsministeren stadfestar på ein pressekonferanse frå Paris onsdag kveld.

Saka held fram under biletet.

Hollande og Cameron

PRESSEKONFERANSE: David Cameron heldt pressekonferanse med Frankrike sin president François Hollande.

Foto: PHILIPPE WOJAZER / Reuters

På pressekonferansen sa Storbritannias statsminister David Cameron at det er sterke indikasjonar på at dette er eit terroristangrep.

Cameron seier han er sjokkert etter angrepet i Woolwich. Han kunngjorde også at han reiser heim til London tidlegare enn planlagt på grunn av hendinga.

– Det er ei motbydeleg handling. Politiet leitar no etter årsaka for kva som har skjedd, men det er sterke indikasjonar på at dette er terrorisme, seier Cameron.

– Politiet og tryggingsstyrkane skal få alle ressursane dei treng, seier Cameron.

– Vi skal aldri bukke under for terrorisme. Terroristar skal aldri vinne, og dei får aldri ta frå oss våre frie, britiske verdiar. Vi skal alltid vinne, seier Cameron i pressekonferansen han held saman med Frankrike sin president François Hollande.

Hollande uttrykte også si medkjensle med David Cameron etter hendinga i Woolwich.

Innanriksministeren, som også har ansvaret for politi og justis i Storbritannia, har kalla inn regjeringa sitt kriseråd.

Borgarmeisteren i London, Boris Johnson, kallar angrepet «ei kvalmande, villeidd og utilgiveleg valdshandling».

– Ei rekke våpen blei brukt

Ei offisiell pressemelding frå politiet seier ingenting om terrorisme, men stadfestar at det var dei som skaut dei to personane.

Saka held fram under biletet.

Politisperring London

AVSPERRA: Politiet har sperra av heile nabolaget etter hendinga.

Foto: Nick Ansell / Ap

– To menn, som vi meiner hadde våpen på seg, blei skotne av politiet. Dei blei tekne til to forskjellige sjukehus i London og får behandling for skadane sine, seier politisjef Simon Letchford.

– Ein mann blei angripen av to menn, og ei rekke våpen blei brukt. Då væpna politi kom til staden fann dei ein mann som blei erklært død, står det vidare i pressemeldinga.

Brutale vitneskildringar

Fleire personar stod som sjokkerte vitne til hendinga, andre byrja å skrike og sprang derifrå då dei to mennene gjekk laus på offeret.

Ifølgje vitneskildringar til avisa Daily Mail skal dei to gjerningsmennene ha stått igjen på gata i 20 minutt etter drapet, heilt til væpna politi kom til staden.

Åstedsundersøkelser ved Woolwich i London

BLODIG: Den blodige åstaden i Woolwich i London blir no granska.

Foto: ITN

– Polititenestemennene kom til staden, gjekk ut av bilen og dei to mennene sprang mot dei med kniv og skytevåpen. Deretter skaut politiet dei, og så kom ambulansepersonellet, ifølgje eit vitne.

– Eg såg væpna politi over heile området. Det var kaos, politi som sprang rundt i alle retningar, som om dei leita etter fleire, seier eit anna vitne.

Politiet aukar no beredskapen etter den valdelege episoden.

– I kveld vil det vere mykje politi i området og i kringliggjande område, seier Simon Letchford i London-politiet.

SISTE NYTT

Siste nytt