Hopp til innhold

Blinken på besøk i Oslo: Takka Noreg for vennskapet

– Tusen takk for eit partnarskap som enkelt og greitt er uvurderleg, sa den amerikanske utanriksministeren då han møtte statsminister Jonas Gahr Støre.

USAs utenriksminister Anthony Blinken møtte Jonas Gahr Støre under Nato-møtet i Oslo. Etter møtet skrøt han av samarbeidet med Norge.

SKRYT OG SAMARBEID: Etter møtet skrytte den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken av partnarskapet dei har med Noreg.

I forkant av ein middag med dei andre utanriksministrane i Nato, deltok Antony Blinken på det han kalla for «ein veldig god samtale» med Jonas Gahr Støre.

– Vi er takksame for å ha Noreg som ein så sterk venn, partnar og alliert, spesielt i ei tid der det er så mange utfordringar, sa Blinken.

– Arbeidet som Noreg har gjort for å bidra til energitryggleik i Europa og til å gjere seg uavhengig av Russland på lang sikt, det har vore mektig.

Støre takka på si side Blinken for det politiske samarbeidet, og nemnde besøket frå hangarskipet USS «Gerald R. Ford» ved den norske kysten.

Les også Derfor er Nato-møtet i Oslo viktig

LØFTER OG GARANTIER: Ukrainas rettmessige plass er i Nato, sa Jens Stoltenberg da han møtte Volodomyr Zelenskyj i Kyiv 20. april i år.

To dagar i Oslo

Fram til torsdag kveld er nesten alle utanriksministrane i Nato samla til samtalar i Oslo.

25 utanriksministrar er til stades til saman, av 31. Blant dei som ikkje kunne kome på møtet er den tyrkiske, fordi han hjelper til med å forme eit nytt parlament i landet sitt.

Sjølv om møtet blir skildra som uformelt, kan nokre av gjestane kome til å underteikne viktige avtalar.

16.30 skal ministrane bli mottekne av kongen på Slottet, og 17.45 blir det ein seremoni ved minnesmerket for 22. juli i Oslo sentrum.

Sikkerhet før NATO toppmøte i Oslo

Tryggingstiltaka i Oslo sentrum har blitt skjerpa i forkant av utanriksministermøtet.

Foto: Heiko Junge / NTB

Dagen blir avslutta med ein middag på Akershus festning.

Vidare sa Huitfeldt på pressekonferansen at det viktigaste temaet på det «uformelle» møtet i Oslo er krigen i Ukraina, og auka støtte til det ukrainske militæret.

– Krigen i Ukraina har kasta lys på kor viktig det er for Nato å halde saman, legg ho til, og seier hovudfokuset for diskusjonane er den fortsettande støtta til landet.

– Først og fremst meiner eg at vi må styrke stønaden vår både humanitært og militært for å hjelpe Ukraina med å forsvare seg sjølv.

Vil ha Sverige med så snart som mogleg

– Sist møte ønska vi Finland velkomen. No ventar vi på Sverige, og er glade for at Sverige er til stades, sa Huitfeldt då ho opna utanriksministermøtet i Oslo.

– Sverige må bli eit fullstendig Nato-medlem så snart som mogleg, og før toppmøtet i Vilnius i juli. Med den nordiske regionen samla i Nato vil alliansen vere enda sterkare.

Også Nato-sjef Jens Stoltenberg seier han håpar Sverige får søknaden sin på medlemskap godkjent før Vilnius-møtet skjer.

Nato, utenriksministermøte i Oslo 31. mai - 1. juni 2023

Utanriksministrane samla seg ved 22. juli-minnesmerket i Oslo onsdag kveld.

Foto: Hanna Johre / NTB

Sverige og Finland søkte i fjor på Nato-medlemskap saman, berre nokre månader etter at Russland invaderte Ukraina. Men sist månad blei Finland medlem åleine.

Nabolandet treng framleis godkjenning frå både Tyrkia og Ungarn for å kunne følge etter.

Representantar frå Sverige og Tyrkia skal møte kvarandre i Oslo denne veka for å diskutere moglegheitene for medlemskap, melder SVT.

Gassrøyr og Ukraina-medlemskap

Huitfeldt seier ei av Noreg sine hovudoppgåver for tida er å halde energiforsyninga gåande til resten av Europa.

I denne samanheng seier ho at trygging av norske gassrøyrleidningar på sjøbotnen er spesielt viktig.

Når det gjeld ukrainsk Nato-medlemskap krev det eit felles standpunkt frå alle Nato-land, noko som skal bli diskutert vidare på toppmøtet i Vilnius i juli, held ho fram.

Sikkerhet før NATO toppmøte i Oslo

Oslo Rådhus er ramma inn av eit blått gjerde i samband med arrangementet.

Foto: Heiko Junge / NTB

Stoltenberg har vore tydeleg om at det ein dag kjem til å skje, men ikkje i noko nær framtid.

– Eg trur alle innser at det ikkje er aktuelt å bli medlem medan det går føre seg ein krig. Spørsmålet er kva som skjer etter at krigen er over, sa han på eit arrangement i Brussel sist veke.

Ukraina vil ha eit vegkart

Seniorforskar i Nupi, Karsten Friis, seier Ukraina ønsker seg eit tydelegare signal frå Nato enn dette.

Karsten Friis

Karsten Friis er seniorforskar i Forskingsgruppa for tryggleik og forsvar i Nupi.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

– Det blir teke opp att stadig vekk at Ukraina skal bli medlem. Døra er open, men ei vil ikkje lage ein forpliktande plan med milepælar for korleis ein kjem seg dit før krigen er over.

– Ukraina sjølv ønsker eit litt klarare vegkart fram mot medlemskap.

Friis meiner likevel at det finst måtar ein kan styre rundt dette på, utan å måtte vere så konkret.

– Kan ein lage eit format slik at Ukraina har ein slags formell tilknyting på eit høgt politisk nivå, og for eksempel kan ha krisesamtalar og slike ting?

Støttar at Kosovo får fleire Nato-soldatar

Huitfeldt kommenterte også angrepet på Nato-støtta soldatar i Kosovo i starten av veka, noko ho sa ville bli ein prioritet på toppmøtet i Vilnius.

– Vi støttar i stor grad vedtaket om å sende ytterlegare Nato-personell til området. Vi ber om at ein de-eskalerer situasjonen og held samtalar.

U.S. KFOR soldiers, under NATO, stand guard near a municipal office in Leposavic

Amerikanske soldatar i KFOR-styrken held vakt ved eit piggjerde som omringar kommunebygget i Leposavic, Kosovo.

Foto: FATOS BYTYCI / Reuters

30 soldatar i den fredsbevarande styrken KFOR, som er leidd av Nato, blei skada i samanstøytar med demonstrantar nord i landet på måndag.

Også 52 demonstrantar blei skada. Begge tala kjem frå KFOR-styrken sjølv.

Nato har sidan utplassert 700 ytterlegare reservesoldatar i Kosovo og har fleire i beredskap, sa Stoltenberg tysdag.

Eide: – Veldig føreseieleg

Tidlegare diplomat og spesialutsending for FN til Kosovo, Kai Eide, meiner det er den kosovoalbanske statsministeren som har skulda for at situasjonen der har eskalert.

Kai Eide

Kai Eide var FN si spesialutsending til Kosovo i 2004 og 2005.

Foto: Halldor Asvall

– Han blei åtvara av amerikanarar og av EU, og burde ha sett at det som skjedde var veldig føreseieleg.

Konflikten har sin bakgrunn i at eit kosovoalbansk parti for nokre veker sidan vann lokalvalet fleire stader i den serbisk-dominerte regionen nord i Kosovo.

– Dei demonstrasjonane som kjem, av det som jo er serbiske «hooligans», kan så klart heller ikkje bli tilgitt. Her er det heile vegen noko som skjer på ei side og får ein reaksjon.

Friis seier at KFOR-styrkane som blei angripne der på måndag, er reststyrkar som blei utplasserte som følge av Kosovo-krigen.

– Det er dei som har ansvaret for den overordna tryggleiken der i samsvar med FN sitt tryggingsråd.

– Nabolanda brukar det som skjer for å oppnå sine eigne politiske mål, så dette er ikkje enkelt.

SISTE NYTT

Siste nytt