Hopp til innhold

Verdas helseorganisasjon åtvarar mot meslingutbrot i Europa

Verdas helseorganisasjon melder om ei firedobling av meslingsmitte i Europa i 2017, og kallar det eit stort tilbakeslag, etter rekordlåge tal året før.

Meslingar i Europa 2017

FAKSIMILE: Det europeiske senteret for smittevern, ECDC, har laga ein grafikk over dei landa i EU/EØS-området som er hardast råka av meslingar. Tala til WHO inkluderer alle landa i Europa.

Foto: ECDC

Meir enn 20.000 menneske vart råka i Europa, og 35 omkom av meslingar i 2017, ifølgje Verdas helseorganisasjon (WHO), som no slår alarm.

Meslingar er på veg tilbake.

– Dette er ein tragedie vi ikkje kan akseptere, seier Dr. Zsuzsanna Jakab, som er Europadirektør for WHO, i ei pressemelding.

– Marginaliserte grupper er råka

Fleire land har ikkje klart å skaffe nok vaksinar, skriv WHO, og dei har ikkje vore flinke nok til å overvake sjukdomen.

– Romania, Italia og Ukraina er land som toppar statistikken. Dette er land som ikkje har klart å følgje opp sjukdomen godt nok, skriv Cristina Salvi frå WHO i ein e-post til NRK.

– Marginaliserte grupper er konsekvent undervaksinerte, skriv Salvi til NRK.

Meslinger

MESLINGAR: Sjukdomen er svært smittsam, og kan vere dødeleg.

Foto: CDC

Utbrot i femten europeiske land

For å kalle det utbrot må det vere 100 eller fleire tilfelle. Av dei 15 landa som er råka av utbrot, nemner WHO Hellas, Tyskland, Frankrike, Belgia og Storbritannia.

Det betyr at relativt velfungerande helsevesen slit med å handtere sjukdomen, som er svært smittsam.

Frykt for MMR vaksinen

For tjue år sidan meinte nokre forskarar at MMR-vaksinen kunne føre til autisme. Teorien har seinare vist seg å vere feil, men vaksinen har framleis eit dårleg rykte blant dei som fryktar vaksinar, skriv BBC.

– Det er heilt uakseptabelt at ein slik sjukdom skal kome tilbake, når vi har ei god vaksine, skriv Salvi frå WHO til NRK.

MMR-sprøyte mot meslinger og røde hunder

GOD VAKSINEDEKNING: Alle norske barn får tilbod om MMR-vaksine som mellom anna beskyttar mot meslingar og røde hundar.

Foto: Lise Åserud / SCANPIX

Eit tilfelle i Noreg

Folkehelseinstituttet seier til NRK at det var eitt tilfelle av meslingar i Noreg i fjor.

Vaksineringsgraden er generelt god her til lands, men i Sverige var det frykt for eit utbrot rundt juletider.

Hanne Nøkleby er fagdirektør for barnesjukdommar i Folkehelseinstituttet og seier ho ikkje er overraska over dei høge meslingtala.

– Det har vore mellom 15 og 30 000 tilfelle av meslingar i Europa i fleire år. Så har det vore mykje mindre dei siste to åra. Vi håpte at det skulle snu, men vi såg i 2017 at det ikkje hadde det, seier Nøkleby.

Vidare peikar ho på fleire grunnar til kvifor talla er så høge.

– Dei viktigaste grunnane er vaksineskepsis og at barn ikkje blir vaksinert. Dette er veldig utbreitt særleg i sør og Aust-Europa. Men det gjeld også befolkningsgrupper som styresmaktene har dårleg tilbod og tilgang til, seier Nøkleby.

– Men kvifor lever skepsisen vidare hos folk?
– Eg trur det er fleire årsaker. Det som var tydelegast i vår del av Europa var autisme - dette var for om lag tjue år sidan, men no er han stort sett borte. Men dette at vaksinen kan gi skadar av eit eller anna slag, lever nok som ein myte med litt forskjellige forklaringar rundt om i forskjellige land, utdjupar ho.

Nøkleby trur ikkje at tala vil auke.

– No kan vi jo seie at vi er tilbake til nivået mellom år 2010 og 2015. Men det er likevel viktig å få folk til å forstå at vaksinar alltid er eit mykje betre alternativ enn sjukdom, seier ho.

SISTE NYTT

Siste nytt