Dei japanske media NHK og NTV melder at Abe sitt liberaldemokratiske parti LDP og regjeringskoalisjonen har vunne valet til nasjonalforsamlinga sitt underhus.
Ifølgje TV-selskapet TBS har Abe vunne 311 av dei 465 mandata i parlamentet. 63-åringen ligg med det an til å bli den lengstsitjande statsministeren i Japan.
Fryktar tyfonen hindrar folk i å gå ut
Svært mange har stemt på førehand, fordi dei ikkje ville risikere at supertyfonen Lan skulle hindre dei i å gå ut. Tyfonen vert skildra som svært stor og kraftig av det meteorologiske instituttet i landet. Den dreg med seg vindkast på opp mot 70 meter i sekundet i stillehavsområda sør for Japan.
Det er ikkje lenge sidan sist Japan var råka av tyfon, i september herja tyfonen Talim.
Låg valdeltaking
Fleire ekspertar meiner låg valdeltaking kan vere ein fordel for Abe, som overraska innbyggjarane med å halde valet alt no, når det i utgangspunktet ikkje skulle skje før i desember 2018.
- Les også: Abe skriver ut nyvalg i Japan
Under dei to siste vala i Japan har valdeltakinga gått ned til under 60 prosent. Under valet i 2014 var deltakinga på rekordlåge 52,66 prosent.
.